Barnehage
Ullensvang kommune har 13 barnehagar. Barnehagen utgjer første fase i barn sitt organiserte opplæringsløp. Her blir det lagt eit viktig grunnlag for at barn skal lukkast. Barn i barnehagen skal få opplevingar, erfaringar og kunnskap som gjer at dei kan byrja på skulen med tryggleik, nysgjerrigheit og tru på eiga meistring.
Det blir lagt til rette for at barn får fridom til å leika, oppleva magiske augneblinkar og påverka sin eigen barndom. Læringsmiljøet skal vera utviklande for sosial og språkleg kompetanse.