Oppvekstplan 2020 – 2025

Ulike utgangspunkt – like sjansar

“Hvis det i sannhet skal lykkes å føre et menneske hen til et bestemt sted, må man først passe på å finne ham der hvor han er og begynne der. Dette er hemmeligheten i all hjelpekunst”

Søren Kirkegaard 1813-1855

Føreord

Det er laga ein oppvekstplan for 2020-2025. Planen er laga for at dei som er tilsett i sektor for oppvekst og utdanning og arbeider direkte med eller i tilknytning til oppveksten til barn og unge skal ha ei felles plattform med fokusområde, strategiar og tiltak. Eit godt samarbeid med foreldre/føresette er viktig for alle tenestene barn og unge samhandler med. I oppvekstplanen blir omgrepet føresette nytta, dette omfattar både foreldre og føresette. Foreldre- er òg nytta i nokre samansette ord og vil gjelde både foreldre og føresette.

Oppvekstplan 2020-2025 er ein overordna strategiplan for sektor for oppvekst og utdanning. Planen skal dekka alt frå helsestasjon 0-23 år til undervisning i 10. trinn, det er derfor det er fokusert på breidde og heilskap for å få til ein felles praksis.

Planen har to delar;

  • DEL 1: Kapittel 1 – 3: informasjon om bakgrunn, oppveksttilhøve og oppvekstvilkår.
  • DEL 2: Kapittel 4 – 13: fokusområde og føringar for korleis dei ulike verksemdene kan arbeida med fokusområda.

Kommuneområde oppvekst og utdanning omfattar kommunale barnehagar og grunnskular, OppMot, Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), logopedtenesta, helsestasjon og barnevern. Desse blir vidare omtala som verksemder. Grunnskulen omfattar òg SFO og vaksenopplæringa sitt tilbod om grunnskuleopplæring, samt norskopplæring og spesialpedagogiske tilbod for vaksne. Kommuneområdet blir leia av kommunalsjef oppvekst og utdanning med støtte frå fagstab.

Illustrasjon i blått av gut som spring, ungdommar som står å henger og familie som hald hender. Illustrajson.og

Denne utgåva er for foreldre, føresette og andre interesserte som på ein enklare måte fortel om kva dei tilsette som arbeider med barn og unge skal fokusera på.

Det er lagt opp til 9 overordna fokusområde som skal vera med å byggja opp den felles plattforma me ynskjer å ha for verksemdene i oppvekst og utdanning. Nokre er felles for alle som arbeider med barn og unge, medan nokre i hovudsak gjeld barnehage og skule.

Oppvekstplanen har eit langsiktig og overordna perspektiv og skal sikra at kommunen oppfyller pliktene sine etter lovverk og forskrifter.

Alle som arbeider med og for barn og unge i Ullensvang kommune skal ha kjennskap og eigarskap til oppvekstplanen. For verksemdsleiar (styrar i barnehage, rektor og leiar for dei ulike verksemdene helsestasjon, PPT, logopedteneste og barnevern) skal planen vera ei kjelde til informasjon om korleis Ullensvang kommune ynskjer å arbeida, og kva som spesifikt ligg innan ansvarsområdet til verksemdleiaren. Målet med oppvekstplanen er å bistå barn og familiar på best mogleg måte, me skal ivareta barna sitt behov for omsorg, leik, læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling.

I tillegg vil oppvekstplanen vera eit styringsverkty for fagstab oppvekst i samarbeid med verksemdsleiarar i arbeidet med å implementera tiltaka, og gjennom dette delta aktivt i det tverrfaglege arbeidet med å byggja gode samhandlingskulturar til beste for barn og unge.

Oppvekstplanen gjer synleg og forpliktar arbeidet med å leggja til rette for at alle barn i Ullensvang skal ha ein god oppvekst og ei god og trygg opplæring. Planen gjer tydeleg korleis kommunen skal sikra kvalitet og etterleva dei krava og forventningane som er retta mot tenester innan sektor for oppvekst og utdanning. Fokusområda, strategiar og tiltak skal gi føringar for dei ulike årsplanene til verksemdene og fremja samarbeid og heilskapleg tenking internt i kommunen.

Tre kommunar er avvikla og ein heilt ny kommune skal byggjast. Odda kommune, Jondal kommune og Ullensvang herad har slått seg saman 1.1.2020 og Ullensvang kommune er etablert. Kommunen har om lag 11 000 innbyggjarar, over 2300 av dei er under 18 år.

I intensjonsavtalen for samanslåinga for dei tre kommunane blir fylgjande prinsipp for
samanslåinga løfta fram som eit suksesskriterium:

“Den nye kommunen skal organiserast slik at den kan møta framtida sine utfordringar og krav til tenesteutøving til innbyggjarane på ein god måte.”

Ved å ha ein felles plattform, med felles fokusområder og se på alle tenestene i sektoren i heilskap ynskjer me å sikra gode tenester i sektor for oppvekst og utdanning med høg kvalitet for innbyggjarane.

Ullensvang kommune må sikra ein felles praksis for samarbeidet mellom dei ulike faginnstansane rundt barn og unge på alle nivå, og skapa ei felles forståing og utgangspunkt for oppveksttilhøve til barn og unge.

Oppvekstplanen skal byggja på følgande prioriteringar:

  • Tidleg innsats
  • Tilpassa opplæring – god rettleiing gjennom støtteapparat, barnehage og skular.
  • Samhandling rundt utsette barn og unge – fokus på arbeidsmetodikken Betre Tverrfagleg Innsats (BTI)

(Økonomiplan 2020-2023)

Alle barn fortener ein god start. Barn og unge skal oppleva å læra, leika, utvikla seg og å meistra. Trygge rammer er viktige; trygge barn som trivst, lærer betre. I Ullensvang kommune skal me ha barnehage og skule som gjev høve til god utvikling for alle barn og unge

    • uavhengig av sosial, kulturell og språkleg bakgrunn, kjønn, kognitive og fysiske skilnadar.

Det krev inkluderande fellesskap og tidleg innsats. Barn og unge skal møta tydelege forventningar og få hjelp til å takla både medgang og motgang i oppveksten. Dei må ha vaksne rundt seg som gjev støtte og omsorg, anten dei må ha hjelp til å finna seg ein ven, delta i leik eller læra seg å lesa, skriva og rekna og forstå samfunnet me lever i. Barn og elevar får det beste grunnlaget for å utvikla seg sosialt og fagleg viss dei opplever at dei er ein verdifull del av fellesskapet og blir godtekne som dei er. Dei skal føla at dei høyrer heime i samfunnet.

For einskildmenneske og for familiar kan tidleg innsats ha stor tyding for resten av livsløpet. For kommunen har innsatsen både ein etisk og ein samfunnsøkonomisk dimensjon. Etisk sett er det rettare å gripa inn og hjelpa til tidleg enn å risikera uheldig utvikling. Samfunnsøkonomisk veit ein at det over eit livsløp er rimelegare å førebyggja enn å reparera.

Målet med oppvekstplanen er å bistå barn og familiar på best mogleg måte, dei tilsette som arbeider med barn og unge i Ullensvang kommune skal ivareta barna sitt behov for omsorg, leik, læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Dei må og kunne bidra med rett hjelp til rett tid der det er behov for det.

Oppvekstplan 2020-2025 kan vera med å skapa ein felles plattform, med felles fokusområder i oppstarten av ein ny kommune som ynskjer å sikra gode tenester i sektor for oppvekst og utdanning med høg kvalitet for innbyggjarane. Nokon gonger treng me å samla ressursane frå fleire fagfelt til beste for barn og unge i barnehage og skule. Verksemdene i oppvekst og utdanning må samarbeide, tidvis også med andre tenester.

 

Andre aktuelle kommunale planar og rapportar:

Illustrasjon av det tverrfaglege arbeidet rundt ein familie. Illustrasjon.

Ullensvang kommune gjev samanhengande tilbod frå helsestasjon til opplæring i barnehage og grunnskule. For meir informasjon om dei ulike verksemdene og tenestene i sektor for oppvekst og utdanning sjå ullensvang.kommune.no

Me følgjer kvart barn si utvikling tett og set inn ekstra innsats raskt når det trengst. Barna si utvikling blir fulgt opp og det blir brukt relevant kartleggingsmateriell der det er aktuelt. Systematisk samarbeid mellom opplæringsnivåa og med andre faginnstansar gjev oss tilgang til den samla kompetansen i kommunen. I den overordna strategiplanene kapittel 2 får du vita meir om dei ulike tenestene i oppvekst og utdanning og det er vedlegg som fortel meir om kva tiltak helsestasjontenesta, PPT, logopedtenesta og barneverntenesta kan tilby.

Me har gode overgangsrutinar frå barna startar i barnehagen til dei går over i vidaregåande. Ved å gi tilpassa opplæring kan me leggja godt til rette for ei mangfaldig opplæring. Barn og unge skal ha høve til å uttala seg om sin eigen kvardag, og dei har rett til å medverka og å bli høyrde. Me legg til rette for gode prosessar slik at barn og unge får oppleva at kommunen tek dei på alvor.

Ullensvang kommune skal sikra ein felles praksis for samarbeidet rundt barn og unge på alle nivå, og skapa ei felles forståing og utgangspunkt for oppveksttilhøve til desse. Verksemdene skal ha dialog med, og vera til stades for barn og føresette. Dei skal og gje rettleiing om tilgjengelege og relevante støttetilbod.

Saman skal alle verksemdene i Oppvekst og utdanning ha styrka fokus på inkludering og tilpassa opplæring, og sikra arbeidet med å tidlegast mogleg kunne setja inn tiltak knytt til utsette barn og unge.

2.1. Godt læringsmiljø i barnehage og skule

Mobbing kan føra til utestenging og utenforskap og finst på ulike arenaer. For dei aller fleste er barnehage og skule ein god stad å vera. Me veit lite om omfanget av mobbing i barnehagen, men er kjende med at det òg finst her. I skulen veit me at mobbing øydelegg skulekvardagen for fleire elevar. Mobbing kan ha svært negative konsekvensar både for skuleprestasjonane til eleven og for den psykiske helsa. Ullensvang kommune har fokus på førebygging og tidleg innsats.

Alle barn og unge i Ullensvang kommune skal oppleva tryggleik og inkludering når dei er i barnehage og skule. Barna skal bli lytta til og bli tatt på alvor. Alle vaksne har eit viktig ansvar her. Dei skal vera aktivt tilstades i leik og samspel med barna, ha kompetanse på observasjon, ”ta grep” og setta i verk tiltak på eit tidleg tidspunkt. Dei tilsette i barnehage og skule har eit overordna ansvar for å førebyggja og vera observante vaksne i samver med barna. Rolla den vaksne har kan medverka til å fremma positiv åtferd og hemma negativ åtferd hjå barna. Den vaksne skal arbeida i ein dynamisk kombinasjon av varm relasjonsbygging til barnet og utøving av ei tydeleg vaksenrolle når det gjeld å setja grenser og krav. Grenser og krav er ein viktig del av den grunnleggjande læringsprosessen til barn.

Skulen sin aktivitetsplikt er nedfelt i opplæringslova kapittel 9A. Endringar i barnehagelova frå 1. januar 2021 krev at barnehagane jobbar systematisk for å førebyggja utestenging og mobbing, og at det blir skapt gode miljø der barn trivst og er sosialt inkludert. Handlingssløyfa inneheld fem delplikter, og blir beskriven i Grunnlagsdokumentet for arbeidet med barnehage-, skolemiljø, mobbing og andre krenkelser (Udir 2017). Dei fem delpliktene i handlingssløyfa kan illustrerast på følgjande måte – sjå bilete.

Copy of UK - presentasjon TV 2 (7)

Tilsette i Ullensvang kommune samhandlar på ulike arenaer for barn, unge og familiar. Møta blir arrangerte mellom ulike fagpersonar og tenester. Dette er både systemmøte på generelt grunnlag for heile barnegruppa og samhandlingsmøte kring einskilde barn eller familiar. Sped- og småbarnsteam, SLT, konsultasjonsteam vald og seksuelle overgrep, møte for koordinerande eining er døme på dette. Det vil i planperioden bli arbeidd med å finna gode løysingar på tverrfaglege samhandlingsteam rundt barn og unge.

Det er eit mål å sikra gode oppvekstsvilkår for alle barn og unge. I tillegg til kvardagen barn og unge møter i barnehage og skule, treng dei óg å veksa opp med kulturtilbod og fritidsaktivitetar. Ulike utfordringar i liva deira kan verka inn på i kva grad dei har høve til å delta på dette. Det gjeld økonomi, fysiske føresetnader, bustad og interesser. Å ha eit breitt tilbod der alle kan finna noko som er av interesse, er viktig. Ullensvang kommune har eit rikt kulturliv. Talet på lag og organisasjonar vitnar om aktive og engasjerte innbyggjarar som er opptekne av lokalsamfunnet sitt. Trygge og sunne fritidstilbod er ein viktig del av oppveksten. Dei spelar ei sentral rolle i sosialiseringsprosessen, og bør vera tilgjengelege for alle.

Kommunen har ansvar for å støtta opp om gode og varierte fritidstilbod som er tilgjengelege for alle. Det finst fleire årlege arrangement der barn og unge i er målgruppa. Hovudvekta av fritidstilboda for barn og ungdom har eit fast tidspunkt kvar veke. Dette kan vera trygge haldepunkt i liva deira.

I Ullensvang kommune er det fleire barn og unge med fleirkulturell bakgrunn. Nokre familiar kom som flyktningar, andre som arbeidsinnvandrarar.

Med minoritetsspråklege barn og unge forstår me barn og unge som har eit anna morsmål enn norsk. Barn med minoritetsspråklig bakgrunn har dei same rettane som andre barn i barnehage og skule. Kommunen må arbeida for å leggja til rette for at alle barn får eit fullverdig og likeverdig tilbod. Der det er mogleg bør me gi tilbod om særskild språkopplæring med norsk som andrespråk, morsmålsopplæring og tospråkleg fagopplæring.
Det er viktig at barnet opplever norsk dagleg av ein omsorgsperson som t.d. ein barnehagelærar. Forsking viser at det å veksa opp som to-eller fleirspråkleg har store føremonar for læring i tidleg alder, kanskje seinare òg. For barn som ikkje får høve til å læra norsk som morsmål, kan det bli ei utfordring når dei kjem i skulen. Målet må vera at barnet både har eit funksjonelt språk til læring i skulen, og samstundes har same språk som sine føresette.

I samtalar mellom skulen og minoritetsspråklege føresette, er det viktig å nytta autorisert tolk, både for at dei føresette skal få viktig informasjon, men òg for at dei skal kunna formidla sine tankar og meiningar.

I «Verksemd for inkludering» vil føresette med innvandrarbakgrunn få informasjon om kva forventningar det norske samfunnet har til foreldrerolla. Føremålet er å fremja integrering ved å gi dei føresette tryggleik, slik at dei kan gi barna ein god oppvekst i Ullensvang kommune.

Forsking og erfaring viser til at utsette barn og unge ikkje blir tidleg nok fanga opp, ikkje får den hjelpa dei har behov for og at dårleg samhandling medverkar til brot i oppfølginga (NOU 2017:12 svikt og svik). Det er mykje å henta på å oppdaga risikofaktorar tidleg i svangerskapet og hjå sped- og småbarn. Tidlig innsats handlar om at jordmortenesta, psykologtenesta og helsestasjonstenesta har kompetanse til å finna dei som treng ekstra støtte, og at dei har tid til gje dei den støtta dei har behov for. Tverrfaglege tiltak er ofte nødvendige her.

Alle tenesteytarane for barn og unge er forplikta etter særlovgiving til å handla når dei oppdagar eit barn som er utsett for risiko som t.d mobbing, foreldrekonflikt, vald, livskriser, rus eller psykisk sjukdom. For denne gruppa av barn vil det vera avgjerande med eit godt samarbeid mellom dei ulike verksemdene og faginstansane for å kunna gi barnet rett hjelp og nok hjelp. I det førebyggjande arbeidet er det naudsynt å kjenna til faktorar som aukar risikoen for at barn utviklar vanskar og faktorar som vernar/hindrar at det skjer. Jo før ei utfordring blir oppdaga og det blir gitt rett hjelp, dess større er sjansen for ei positiv utvikling hjå barnet.

 

3.2.1 Levekår

Barne- ungdoms- og familiedirektoratet sine tal for 2017 viser at Ullensvang kommune (Ullensvang, Jondal og Odda i 2017) ligg over landsgjennomsnittet for barnefattigdom. Over 300 barn levde i 2017 under fattigdomsgrensa. Sosioøkonomiske utfordringar heng tett saman med kva høve barn har for utvikling. Fattigdom kan òg bety det å mangla høve for å delta sosialt, på lik linje med resten av samfunnet. Barn treng relasjonar med jamaldra for å ha eit godt liv. Vi veit at barn er sosiale vesen som utviklar seg og skaper forståing gjennom sosial kontakt med andre. På denne måten blir barn sosialisert inn i samfunnet dei er ein del av. Ungdommar seier sjølve at det verste med å vera fattig, er at du ikkje kan delta på det andre kan.

Ein god oppvekst, der barn får oppfylt potensialet sitt, vil medverka til å utlikna skilnadane. Dette må me gjera mellom anna ved å sikra at alle barn har tilbod om å vera med på ulike aktivitetar. Innan dette temaet er det viktig at oppvekst og utdanning samarbeider godt med andre instansar som møter barn, unge og utsette familiar.

 

3.2.2 Utdanningsnivå og ulik kulturell kapital

Kva utdanningsnivå og kulturell kapital dei føresette har, spelar inn på korleis barn møter skule og utdanning. Alle barn som byrjar på skulen, kjem med eit sett handlingsmønster, språk og oppfatningar, som dei har fått tilgang på gjennom føresette frå dei var født.

Føresette gjev kunnskapen sin vidare til barna sine, og slik kjem ulike livsforhold og livsvilkår til uttrykk i sosial ulikskap. Den kulturelle kapitalen gir barna kunnskap og evne som gjer at dei forstår og meistrar sosiale kodar og ha språkleg kompetanse. Det handlar om føresette som lærer barna sine å meistre korleis dei skal forhalda seg til andre og at det kan skje endringar i kvardagen.
Barn i heimar med lite kulturell kapital, er i risikogruppa for manglande utviklingsstøtte innan læring og meistring i kvardagen.

 

3.2.3 Barn som pårørande

Familielivet er store og små hendingar som kan gjera barn til pårørande på ulike måtar. Det er vanlegast å tenka på barn som pårørande når føresette eller søsken er sjuke, som følgje av psykisk sjukdom, fysisk sjukdom eller ein skade, men det finst og mange andre årsaker til at barn opplever at kvardagen blir vanskeleg, og at dei kan kallast pårørande. Det er til dømes barn som opplever at føresette misbruker alkohol eller andre rusmiddel. Barn er også pårørande når nokon av dei næraste dør. Fleire barn enn me trur, opplever og å vera vitne til vald i familien. Nokre barn har og ein forelder som sit i fengsel.​​​

Det å vera pårørande kan medverka til at barn opplever angst, depresjonar, åtferdsvanskar, konsentrasjonsvanskar eller fråfall frå skule og utdanning.

Tilsette i kommunen er pålagt å handla dersom dei opplever ein otte knytt til eit barn eller ein ungdom, sjølv om ein i utgangspunktet har kontakt med dei føresette. Når tilsette vurderer at situasjonar i heimen vil påverka barna, bør dei snakka med føresette om kor viktig det er å samarbeida med barnehage, skule eller helsestasjon.

4.0 Fokusområder

Ullensvang kommune har som mål at alle barn og unge skal ha like sjansar uavhengig av sosial, kulturell og språkleg bakgrunn, kjønn, kognitive og fysiske skilnadar og utgangspunkt. Dette syner igjen i visjonen til sektor for oppvekst og utdanning:

“ULIKE UTGANGSPUNKT – LIKE SJANSAR”

Det overordna satsingsområde er at det skal vera ein utviklande, utfordrande og sunn kommune for alle barn og unge. Det krev inkluderande fellesskap og tidleg innsats for å få dette til.

Alle barn har rett til eit TRYGT, GODT OG INKLUDERANDE barnehage- og skulemiljø. Arbeidet kring dette viktige temaet vil vera endå meir fokusert framover. Samarbeidet med heimane vil vera heilt avgjerande for å lukkast. (Spesifisert i Meld.st. 6 2019-2020 og rammeplanen for barnehagen ((gjeldande frå 1.august 2017)).

Både Rammeplanen og Kunnskapsløftet gjev klare retningsliner om retten som barn har til gode oppvekstvilkår med vekt på:

  • eit godt psykososialt miljø
  • null-toleranse for mobbing
  • tilrettelegging og tilpassa opplæring etter behova og føresetnadene til barna
  • høve for fysisk aktivitet ute og inne, både i undervisning og i pausar

 

For å få dette til må det bli lagt til grunn:

  • eit grundig arbeid med å innføre og gjera oppvekstplan til eit arbeidsverky i verksemdene
  • eit grundig arbeid med å gjera fokusområda synlege når års-/handlingsplan for verksemdene blir utarbeida, og handla etter dei.
  • eit godt samarbeid mellom verksemdene i oppvekst og utdanning, føresette og vaksne som gode rollemodellar.

Gode barnehagar og skular som løfter alle barn, uavhengig av bakgrunn, er dei viktigaste bidraga for å skapa eit samfunn med små skilnadar og like høve for alle. Barnehagen og skulen skal tenna gneisten som trengst for at barn og unge skal utvikla seg og læra, få eit godt liv og bli godt rusta til utdanning og jobb. Det er difor viktig at barnehage og skule samarbeider med helsetasjon/skulehelsetenesta og dei andre verksemdene i oppvekst og utdanning som barn kan koma i kontakt med.

Det er lagt opp til 9 overordna fokusområde som skal vera med å byggja opp ei felles plattform for verksemdene i oppvekst og utdanning. Nokre er felles for alle som arbeider med barn og unge, medan nokre i hovudsak gjeld barnehage og skule.

 

Fokusområder

  1. Tidleg innsats
  2. Samhandling rundt utsette barn og unge – fokus på arbeidsmetodikken Betre tverrfagleg Innsats – BTI
  3. Barn skal vera involvert i dialog og prosessar som gjeld dei
  4. Fokus på samarbeid med føresette
  5. God oppstart og trygge overgangar
  6. Barna opplever eit trygt, godt og inkluderande barnehage-, skule- og SFO miljø
  7. Fokus på tilrettelegging og tilpassa opplæring
  8. Kjennskap til å utarbeidde planar, rutinar og handbøker
  9. Fokus på kvalitet og tilsette med rett kompetanse i oppvekst og utdanning

Planane til verksemdene skal sikra samanheng mellom dei 9 kommunalt definerte fokusområdene og arbeidet i verksemdene. Verksemdene sine planar skal syna tydeleg samanheng mellom nasjonale og kommunale føringar.

Alle verksemdene i oppvekst og utdanning har felles fokusområde, men det er nokre fokusområde som i hovudsak gjeld barnehage og skule. Verksemdene skal ta utgangspunkt i desse når dei kvart år utarbeider ein plan for mål og tiltak som skal gjerast synlege i års-/handlingsplan til verksemda. I planen skal det og koma fram korleis den enkelte verksemda følgjer opp og tek vare på satsinga som er kome fram i mål- og tiltaksdelen.

Omgrepa som blir brukte i den overordna stratgiplanen om fokusområde, mål og tiltak som skal synleggjerast er «slik vil me ha det og sånn gjer me det». Gjennom desse mål- og tiltaksomgrepa konkretisere Ullensvang kommune mål oppvekst og utdanning vil arbeida mot og dei handlingane som skal føra til at måla blir nådde.

Oppvekstplanen vil vera eit styringsverkty for fagstab oppvekst og utdanning i samarbeid med verksemdsleiarar for å implementera tiltaka, og for å delta aktivt i det tverrfaglege arbeidet med å byggja ein god kultur for samarbeid og samhandling til beste for barn og unge.

Tidleg innsats

Slik vil me ha det:

Me har gode rutinar på å førebyggja betre og avdekka tidlegare

 

Tidleg innsats er eit omgrep som gjeld for mange område. Det har vorte laga fleire  definisjonar av ulike fagfolk og frå statleg hald. Felles for definisjonane er at tidleg innsats vil seia at ein grip inn i livet til eit barn så snart ein oppdagar at utfordringa oppstår og blir avdekka, -føreyggja betre og avdekka tidlegare. I St.meld nr. 16 Og ingen sto igjen (2006- 2007) side 10 skriv dei om korleis me skal forstå tidleg innsats:

“Tidlig innsats må forstås både som innsats på et tidlig tidspunkt i barnas liv, og tidlig inngripen når problemer oppstår eller avdekkes i førskolealder, i løpet av grunnopplæringen eller i voksen alder.»

Tiltak kan vera å leggja til rette innanfor det ordinære tilbodet og/eller å setja inn særskilde tiltak. For å kunna gjera dette, må kvar og ein som arbeider med barn og unge i Ullensvang kommune arbeida med tidleg innsats innan ansvarsområdet sitt. Fokusområde 1- Tidleg innsats – viser igjen i dei 8 andre fokusområda.

For einskildmenneske og for familiar kan tidleg innsats ha stor tyding for resten av livsløpet. Dei tilsette som arbeider med barn og unge skal ha:

  • Fokus på tidleg innsats for alle barn
  • Nedskrivne rutinar som skal sikra barn og unge med behov for hjelp/tilrettelegging blir identifisert tidleg og får eit betre samordna hjelpetilbod
  • Dokumentert samarbeid mellom verksemdene i oppvekst og helse der samarbeid er nødvendig til det beste for barn og unge
  • Verksemdene har årshjul/årsplan med
    • Praksis for kartlegging
    • Tett forledresamarbeid
    • BTI – Betre Tverrfagleg Innsats

Samhandling rundt utsette barn og unge – fokus på arbeidsmetodikken Betre tverrfagleg Innsats (BTI)

Slik vil me ha det:

BTI er felles satsingsområde i sektor for oppvekst og utdanning

 

Ullensvang kommune har valt å satsa på arbeidsmetodikken Betre Tverrfagleg Innsats (BTI). BTI bidrar til at barn og unge kan få nødvendig og samordna hjelp så tidleg som mogleg for å unngå skeivutvikling og redusera skade. Brukarane blir involverte i heile prosessen, så langt det er føremålstenleg.

Dei aller fleste barn og unge går det bra med, men nokon har utfordringar knytt til fysisk eller psykisk helse, lærevanskar eller språkutfordringar. Dei kan vera fødde inn i, eller hamna i vanskelege livssituasjonar på grunn av utfordringar i familien.
Denne typen utfordringar kan ofte ikkje løysast kvar for seg, eller ein av gongen, men krev ein tidleg, samtidig og samordna innsats frå ulike tenester og profesjonar. Det må vera eit godt fungerande tenesteapparat som kan sikra barn og unge med spesielle behov, rett hjelp til rett tid. Fordi saker rundt barn ofte er samansette, vil dei i mange høve ha behov for tiltak og tenester frå fleire instansar. Ein føresetnad for å lukkast er difor eit godt tverrfagleg og tverretatleg samarbeid.

Tilsette som arbeider med barn og unge er pålagt å handla om dei opplever ei uro knytt til eit barn. Uro knytt til barn som t.d. strir litt med lesinga og skrivinga, mistrivst på skulen eller i barnehagen, slit med å få vener, vegrar seg for å eta, gjer seg dårleg forstått, mobbar eller plagar andre eller manglar nokre ferdigheiter som ein normalt kan forventa i ein gitt alder. Eller kanskje opplever ein signal frå føresette som gjer oss urolege for evna deira til å vera føresette. Uroa tek dei opp med næraste leiar og saman legg dei ein plan for vidare arbeid. Ullensvang kommune har eigen nettstad kor alle kan finna informasjon om ulike tenester, tiltak og kva du som tilsett, vaksen eller barn/ungdom kan gjera.

www.ullensvang.betreinnsats.no; Nettstaden viser og heile modellen med nivå og steg og gir ei oversikt over handlingsforløp. Modellen kan bidra til å retta opp svikt i samhandling mellom tenester både på lokalt, regionalt og statleg nivå.

Hensikta med BTI er tidleg innsats, samordna tenester og medverknad frå brukarane. Modellen eignar seg både som eit hjelpemiddel for å ta strategiske avgjerder og for å systematisera det praktiske arbeidet for tenester som møter gravide, barn, unge og føresette det er knytta undring eller uro til. BTI-arbeidet involverer alle relevante tenester i utforminga av den lokale modellen og i o

Barn skal vera involvert i dialog og prosessar som gjeld dei

Slik vil me ha det:

Barn har rett til å seia meininga si i alt som vedkjem dei

 

Eit av fokusområda i oppvekstplanen er at barn skal vera involvert i dialog og prosessar som gjeld dei. Meininga til barn skal bli vektlagt i tråd med barnet sin alder og mogning, og meininga til barn har ei unik tyding uavhengig av andre sine meiningar og oppfattingar på barnet sine vegne. Barn har rett til å bli høyrde i saker som gjeld dei. Fleire lover inneheld reglar som sikrar barn og unge rett til å uttala seg i saker som vedkjem dei og ved uro for eit barn skal dei tilsette handle raskt og i samarbeid med den det gjeld og føresette. Verksemdene skal ha rutinar som sikrar at barn er involverte i dialog og prosessar som gjeld dei.

 

Medverknaden til barn og unge

Medverknad frå barn og unge kan skje gjennom ulike former for deltaking og ulik grad av påverknad. Alle skulane i kommunen har elevråd der elevane har sin medverknad. Representantar frå elevråda er og med i Samarbeidsutval på skulane.

Ullensvang kommune skal kvart år gjennomføra eit møte med Barn og unges kommunestyre (BUK). På møta i BUK blir søknadar om pengar frå den einskilde skule handsama. Søknadane kjem frå barnet og ungdommen til kommunen sjølv, gjennom representantane frå elevråd og skal koma skulane og barn og unge i lokalsamfunnet til gode.

Ullensvang kommune har eige Ungdomsråd etter kommunelova §5-12. Ungdomsrådet er eit medverknadsorgan som skal sikra brei, open og tilgjengeleg medverknad frå ungdom i alle saker som gjeld dei. Det skal vera mogleg for tidleg medverknad slik at ein kan sikra at ungdomsråda sin uttale får høve til å påverka utfallet av saka, dei har rett til å uttala seg i alle saker som gjeld ungdom.

Fokus på samarbeid med føresette

Slik vil me ha det:

Heim og dei ulike oppveksttenestene samarbeide til beste for barnet.

 

Ein føresetnad for den positive utviklinga til barn er at dei veks opp i sikre omgjevnader der dei føler seg trygge og blir tatt vare på. Me veit at familien og særleg føresette er dei første og viktigaste støttespelarane til barn, og «lærarar» gjennom heile livet. Barn er fødde med ein naturleg forvitenskap på verda, dei er aktive og utforskande, alltid klare til å læra og oppdaga noko nytt. Det er først og fremst i relasjon og samspel med føresette at utviklinga til barnet skjer. Barn utviklar seg og lærer heile tida gjennom leik, utforsking, aktivt engasjement og ved å bruka sansane sine.

Eit godt tverrfagleg samarbeid er med på å byggja eit godt lag rundt barna og elevane. Eit godt samarbeid med heimen er derfor viktig for alle tenestene barn og unge samhandler med.

Oppveksttilhøvet i Ullensvang kommune skal vera prega av samhandling og trivsel. Dei erfaringane som barn og unge får i heimen, barnehagen, skulen og på andre arenaer har konsekvensar for korleis dei ser på seg sjølve, vonene dei har for framtida og kva for høve dei har seinare i livet.

For å kunna trivast og ha best moglege føresetnader for å læra og utvikla seg i barnehagen og på skulen treng barna og elevane støtte frå sine føresette.

Kommunepsykolog, helsestasjon, barnevern og PPT kan gi rettleiing til føresette for å trygge dei i foreldrerolla eller samspel med barna. Dei føresette kan få vita korleis dei kan få hjelp, og når dei kan venta å få hjelp. Dei får vita kva høve dei har til å påverka og gi tilbakemelding om kvaliteten på tilbodet dei får.

Barnehage og skule er viktige arenaer i livet til barn og unge og må ha fokus på å involvera, informera og samarbeida med føresette. Verksemdene i oppvekst og utdanning har system og rutinar for gjensidige forventningar mellom teneste og heim. Samarbeidet med føresette skal organiserast av verksemda på ein slik måte at dei føresette kan delta og bidra, uavhengig av bakgrunn og føresetnader.

Skule og barnehage utarbeider årsplanar der eit konkret og planmessig samarbeid mellom barnehage/skule og heimen er synleggjort.

God oppstart og trygge overgangar

Slik vil me ha det:

Kommunen har gode planar og rutinar for oppstart og overgangar. Verksemda har system for å bruka desse.

 

Ein stor del av alle barn mellom eitt og fem år går i dag i barnehage i Ullensvang kommune, og tiårig grunnskule er obligatorisk for alle barn i skulealder. Barnehage og skule er på denne måten viktige arenaer der barn og unge er saman med og lærer å forhalda seg til andre.

Alle overgangar, frå ein arena til den neste kan vera kritiske for barn. Alle barn som byrjar i barnehage eller skule skal ha ein trygg, god og planlagt oppstart. Oppstarten skal vera trygg og god både for føresette, barn og dei tilsette som skal samarbeida med heimen. Ved behov har helsestasjon og barnehage samarbeidsmøte ved oppstart i barnehagen. Skulehelsetenesta bør vera med der det er naturleg på overføringsmøte rundt einskilde barn i skulen. Det skal vera god samanheng ved overgangane i utdanningsløpet.

Barnehage og skule har gode planar og rutinar for oppstart og overgangar innad og mellom verksemdene. Alle barnehagene skal ha gode nedskrivne planar og rutinar for tilvenning. Barnehage og skule skal ha system for å bruka rutinane i plan for:

  • overgang frå barnehage til skule
  • overgang frå barneskule til ungdomsskule
  • overgang frå ungdomsskule til vidaregåande skule.

Mange kan oppleva overgangen til vidaregåande skule som krevjande. Ungdomsskulane i Ullensvang skal derfor ha ein god rådgivings- og rettleiingsteneste i overgangen frå ungdomsskule til vidaregåande. Ved behov er det samarbeidsmøte/overgangsmøte for einskilde elevar ved overgang frå ungdomstrinn til vidaregåande.

I 2018 fekk barnehagen, skulen og SFO ei lovfesta plikt til å samarbeida for å sikra barna ein best mogleg overgang frå barnehage til skule (bhl §2a, oppl §13-5), skuleeigar har hovudansvaret for dette samarbeidet.

 

God skulestart

God skulestart er eit tverrfagleg og førebyggjande tiltak retta mot 1. klassingar. God skulestart er i tråd med tidleg innsats og freistar gje eit godt utgangspunkt for alle elevar med tanke på fysiske, psykiske og sosialt tilhøve. Tiltaket skal bidra til å skape ein best mogleg skulekvardag ved å observera og avdekka utfordringar på gruppe og individnivå. Dei skal foreslå og setja i gang tiltak i løpet av det første skuleåret til elevane.

Det er ein intensjon at God skulestart skal bli vidareført i Ullensvang kommune, men det er ikkje avklart med tanke på implementering i alle skular i løpet av planperioden. God skulestart er derfor ikkje vidare omtala i oppvekstplanen.

Barna opplever eit trygt, godt og inkluderande barnehage-, skule- og SFO miljø

Slik vil me ha det:

Alle barn skal oppleva tryggleik og inkludering når dei er i barnehage, skule og på SFO

 

Inkludering i eit fellesskap, vennskap og leik med jamaldra styrkar sosial og personleg utvikling og korleis barn og unge har det i kvardagen. Me har i dag vorte meir merksame på kor viktig det er å kunne samhandle med andre barn og unge for å bli verdsette av venner. Alle skal kunna føla seg trygge og viktige, og oppleva at dei har ein naturleg plass i fellesskapet.

Barnehage, skule og SFO er dei viktigaste fellesarenaer for barn og unge i ei tid prega av stadig raskare endringar og aukande mangfald i samfunnet. Mangfald er verdifullt og det gjev barna og elevane høve til å utvikla toleranse og respekt for at me er ulike. Inkludering handlar om at alle barn og elevar skal oppleva at dei har ein naturleg plass i fellesskapet. Dei skal føla seg trygge og kunne erfara at dei er viktige. Eit inkluderande fellesskap omfattar alle barn og elevar, mellom anna menneske med levekårsutfordringar, menneske med funksjonsnedsetjing, menneske med anna kulturell bakgrunn, seksuell orientering og kjønnsidentitet eller ulike livsyn-/trusretningar osb.

Inkluderande fellesskap i barnehagar og skular gjev grunnlag for å ta vare på mangfaldet. Dette treng dei å læra i samspel med andre barn, unge og vaksne. Dei vaksne i barnehage og skule har ei viktig rolle for å skapa eit trygt, godt og inkluderande miljø.

Fokus på tilrettelegging og tilpassa opplæring

Slik vil me ha det:

Barna skal kvar dag oppleva eit heilskapleg tilbod med tilrettelegging og tilpassa opplæring.

 

Når det er behov for tilrettelegging eller oppstår nye behov undervegs i utdanningsløpet, skal barn og elevar få rask hjelp og tilrettelegging for å unngå at utfordringar veks seg større eller at den positive utviklinga stoppar opp. Det er viktig for at den enkelte skal oppleva seg som ein verdifull del av fellesskapet og ha høve til utvikling og læring. Barn og unge er ulike med omsyn til bakgrunn og interesser, erfaringar og føresetnader, og dei utviklar seg i ulikt tempo.

Det er viktig at barnehagane har rutinar for oppfølging og samarbeid, slik at dei best mogleg kan leggja tilrette for barna og deira føresette. Kommunen må arbeida for å leggja til rette for at alle barn får eit fullverdig og likeverdig tilbod med tilpassa opplæring.

Lærarane skal tilpassa opplæringa til ulike elevar og situasjonar og ha positive forventningar til utviklinga til alle elevane, både fagleg og sosialt. Nokre barn og unge har utfordringar som gjer at dei treng ekstra hjelp og støtte. Andre har spesielle evner eller høgt læringspotensial innanfor eitt eller fleire fag. Det inneber at grunnskulane må tilpassa tilbodet slik at det tek vare på barna og dei ulike føresetnadene til elevane.

Skulane i Ullensvang kommune skal leggja vekt på å arbeida metodisk i klasserommet der det lar seg gjera, i staden for spesialundervisning ut av klasserommet i små grupper/åleine. Skulane skal arbeida for å undervisa innanfor rammene av ordinær undervisning med styrking for elevar som treng det. Kollegaer meistrar utfordringar saman, evaluerer eigen praksis og vidareutviklar verksemda på grunnlag av aktuell forsking.

Barnehage og skule må tenka på universell utforming, det handlar om å utforma omgjevnadane slik at me tek omsyn til variasjonen hjå barn og unge, og personar med nedsett funksjonsevne. Universell utformings-gruppa i kommunen bør nyttast for råd og rettleiing i oppvekst for å sikra like sjansar trass i ulike utfordringar hjå barna.

Ullensvang kommune har fokus på digitalisering, læring på digitale flater og chromebook til alle elevar i grunnskulen. Dette gjev rom for tilrettelagt opplæring og eit høve til å gje barn og unge like sjansar sjølv om dei har ulikt utgangspunkt. Digitale evner er ein av dei fem grunnleggjande evnene som skal utviklast gjennom heile grunnopplæringa. Stor informasjonstilgang, digital informasjons- og kommunikasjonsteknologi og høg grad av skriftleg framstilling i samfunnet gjer det avgjerande for elevane å meistra grunnleggjande evner i lesing, skriving, rekning og dessutan digitale evner. Å kunne gjera kritiske vurderingar og bruka digitale medium på ein sikker måte er ein sentral del av dette.

Kjennskap til å utarbeidde planar, rutinar og handbøker

Slik vil me ha det:

Felles forståing for gjeldande planar, rutinar og  handbøker for oppvekst og utdanning

 

Ullensvang kommune har sterkt fokus på kompetanseheving for å utvikla ei felles forståing og eit felles språk i arbeidet med barn og unge. Ved å heva kompetansen til dei tilsette vil me og betre kunne sikra tidleg innsats. (Fokusområde 8 og 9).

I sektor for oppvekst og utdanning er det utarbeidd ei rekkje planar, rutinar og handbøker. For at alle som arbeider med barn og unge skal ha same utgangspunkt, og i samarbeid kunna forventa det same frå dei ulike verksemdene, er det viktig at alle kjenner til og følgjer opp planar, rutinar og handbøker. Desse er retningsgjevande for arbeidet i verksemdene. Verksemdene skal ha eit system/årshjul for å halda seg orienterte ift dei ulike planane, rutinene og handbøkene som finst.

Dette er planar som til dømes:

  • spesialpedagogisk handbok
  • verktøykassar
  • tiltaksplan
  • Foreldre som ikkje bur saman
  • Handlingsplan mot mobbeatferd
  • Lese for livet
  • SOL
  • Plan for minoritesspråklege barn i barehage
  • Plan for opplæring av minoritesspråklege elevar
  • Uro rundt fråvær
  • Planar for overgangar
  • mm

Fokus på kvalitet og tilsette med rett kompetanse i oppvekst og utdanning

Slik vil me ha det:

Auka kompetanse ved systematisk arbeid over tid.

 

Framover vil det bli viktig å ha eit sterk fokus på kompetanseutvikling i Ullensvang kommune. Planar og strukturar for fagleg oppdatering og vedlikehald av kompetanse er nødvendig for å sikra ei god teneste i alle verksemdene. God fagkompetanse og eit godt tverrfagleg samarbeid medverkar til at me blir betre i stand til å ta vare på barn og elevar med behov for særskild tilrettelegging.

Tenestene i oppvekst og utdanning skal saman bidra til at barn og unge får ein god oppvekst. Eit godt tverrfagleg samarbeid er med på å byggja eit godt lag rundt barna og elevane. Arbeidsmetodikken Betre Tverrfagleg innsats (BTI) er eit felles satsingsområde i oppvekst og utdanning. Verksemdene må i planperioden auka kompetansen på BTI ved systematisk arbeid over tid.

Ullensvang kommune har 13 barnehagar og 10 grunnskular, dei har fokus på eit trygt og godt psykososialt miljø. Barnehagane og 3 av skulane vil framover nytta Udir sin kompetanseutvikling “Inkluderande barnehage og skulemiljø.” Kommunen har og barnehagar som nyttar regional kompetanseheving i dette arbeidet. Opplæringa skal medverka til å auka dei vaksne sin kompetanse i å førebyggja, avdekka og handtera mobbing i barnehage og skule.

Skulane er og inne i ein periode med høgt fokus på fagfornyinga. Eit samfunn i endring krev òg ein skule som fornyar seg. Fagfornyinga skal gi eit læreplanverk som førebur elevane på framtida. Faga skal få eit meir relevant innhald og tydelegare prioriteringar, og samanhengen mellom faga skal bli betre. I tillegg vil han gi det breie danningsoppdraget til skulen ein tydelegare plass i skulekvardagen. Dette er eit langsiktig arbeid som trer i kraft ved skulestart 2020 og som byggjer vidare på Kunnskapsløftet.

Alle verksemdene skal ha plan for, og leggja til rette for, at dei tilsette kan auka kompetansen over tid. Dette kan gjerast ved vidareutdanning, kurs, fagdagar, systematisk arbeid over tid med læringsmiljø, vaksenrollen, tidleg innsats, auka kompetanse på BTI mm.

Kommunen bør ha ein plan for å rekruttera psykolog og helsesjukepleiare i perioden for oppvekstplan 2020-2025.

14.0 Samandrag

Oppvekstplanen synleggjer og forpliktar arbeidet med å leggja til rette for at alle barn og unge i Ullensvang kommune skal få god oppvekst og trygg opplæring. I kommunen skal me ha tilbod som gjev like høve for alle barn og unge – uavhengig av sosial, kulturell og språkleg bakgrunn, kjønn, seksualitet, kognitive og fysiske skilnadar. Det krev inkluderande fellesskap og tidleg innsats.

Ved å ha felles fokusområde for alle verksemdene i sektoren, vil tilsette som arbeider i oppvekst og utdanning i Ullensvang kommune kunna få felles forståing og betre delingskultur. Ved å nytta felles utarbeidde rutinar, planar og handbøker sikrar ein felles strategi. Dette kan gi betre høve for råd og rettleiing internt mellom tilsette. Det blir utarbeidd eit system for rapportering. Oppfølginga av Oppvekstplanen skal inngå i ein årleg tilstandsrapport for verksemdene med vurdering av tiltaka som er gjennomført.

Nærast alle mennesker må i dag nytta ulik digital teknologi for aktivt å kunna delta i arbeidslivet og samfunnslivet. Fundamentet i vidare utvikling og utdanning byggjer på det som blir gjort i grunnskulen. Difor må me halda fram med satsinga på digitalisering i vår sektor. Me vil leggja til rette for å nytta digitale hjelpemidler på ein god måte, slik at me hjelper elevane til å bli best mogleg rusta for å leva godt både no og i framtida. Digitalisering er ein dugleik som har og vil ha ein stor verdi framover.

Eit mål er at fleire barn skal få tidleg hjelp dersom vanskar oppstår for å unngå følgjevanskar/skeivutvikling. Det same gjeld føresette som treng rettleiing for å bli trygge i si foreldrerolle, uavhengig av om barnet har særskilte behov eller ikkje. Ved å tilby lågterskeltilbod for familiar og deira barn i alderen 0-12 år, håper me at færre barn vil ha behov for tiltak i regi av t.d. PPT/BUP og barnevern. Det er også eit mål at PPT, verksemdsleiarane og andre tilsette skal dreia individfokus rundt barn meir over til systemfokus. Ved å satsa på tidleg innsats vil me kunna sjå at dei samfunnsøkonomiske gevinstane av førebyggjande arbeid er store. BTI er systematikken alle tilsette som arbeider med barn og unge skal nytta i denne samanhengen. Ved å implementera BTI blir dei tilsette betre kjende med dei ulike tenestene og kva dei kan tilby. Me kan få eit sterkt felles språk, meir direkte, ha fleire einsarta prioriteringar og haldningar, ingen oppfølgingsbrot, og praktisera den reelle medverknaden.

Planen har som mål å gi ein tydeleg retning på korleis kommunen skal sikra kvalitet og etterleva dei krava og forventningar som er retta mot tenester innan sektoren.
Han skal fremja samarbeid og heilskapleg tenking internt i kommunen.

Oppvekstplan strekkjer seg over ein periode på fem år, dette kan føre til at det blir endringar i ordlyden dersom det blir endringar i nasjonale føringar. Nye linker kan og bli lagt til der det er aktuelt.

Barnehageloven. Lov av 17. 06.2005 nr 64. Lov om barnehager.
Barnelova. Lov av 08.04.1981 nr 7. Lov om barn og foreldre.
Barnevernloven. Lov av 17. juli 1992 nr. 100. Lov om barneverntjenester.
Helsepersonelloven. Lov av 02.07.1999. nr 64. Lov om helsepersonell.
Barneombudet. Hele barnekonvensjonen.
Grunnlagsdokumentet for arbeidet med barnehage-, skolemiljø, mobbing og andre krenkelser. Oslo: Utdanningsdirektoratet 2017 (rev. utg. 2018)
Johannessen, B. og Skotheim, T. (red.) (2018) Barn og unge i midten: Tverrfaglig og tverretatlig arbeid med barn og unges oppvekst. Oslo: Gyldendal Akademiske
Kommuneloven. Lov av 22.06.2018 nr 83. Lov om kommuner og fylkeskommuner
Kunnskapsløftet – reformen grunnskole og videregående opplæring (LK2006) 2006 Oslo: Utdannings- og forskningsdepartementet
Meld.St. 6 (2019-2020). Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO. Oslo: Kunnskapsdepartementet
Meld.St. 19 (2015–2016). Tid for lek og læring – Bedre innhold i barnehagen. Oslo: Kunnskapsdepartementet
Meld.St. 21 (2016–2017) Lærelyst – tidlig innsats og kvalitet i skolen. Oslo: Kunnskapsdepartementet
Meld.St. 28 (2015-2016) Fag – Fordypning – Forståelse — En fornyelse av Kunnskapsløftet. Oslo: Kunnskapsdepartementet
NOU 2017:12. svikt og svik – Gjennomgang av saker hvor barn har vært utsatt for vold, seksuelle overgrep og omsorgssvikt. Oslo: Barne- og likestillingsdepartementet.
Ogden, T. (1998). Elevatferd og læringsmiljø – læreres erfaringer med og syn på elevatferd og læringsmiljø i grunnskolen. Rapport: Kirke-, undervisnings- og forskningsdepartementet. Oslo.
Opplæringslova. Lov av 17.07.1998 nr 61. Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa
Rammeplan for barnehagene – innhold og oppgaver (2017). Oslo: Utdanningsdirektoratet
Spesialisthelsetjenesteloven. Lov av 02.07.1999 nr 61. Lov om spesialisthelsetjenesten mm.
St.meld. nr. 16 (2006-2007)…….og ingen stod igjen. Tidlig innsats for livslang læring. Oslo:Kunnskapsdepartementet.
St.meld. nr. 41 (2008-2009) Kvalitet i Barnehagen. Oslo: Kunnskapsdepartementet.

Illustarasjon av risikofaktorer og beskyttelsesfaktorer for barn og unge. Illustrasjon.