Innbyggjartorg

Innbyggjartorga finn du i Odda på rådhuset (inngang kinofoajeen, ope kvardagar kl. 9-15) og Kinsarvik på kommunehuset (- ope må., on. og fr. kl. 9-15).

Innbyggjartorga er innbyggjaren sin veg inn i kommunen

For Ullensvang kommune er det ein grunnleggjande tanke at vi skal gje tenestene våre lokalt, og at det er relevante tenester der folk bur. Innbyggjartorga er ein del av den tanken.

Visjonen vår er å verta ein god førstelineteneste slik innbyggjarane får raske svar.

 

For at alle tenestene i Ullensvang kommune skal verta gjeve lokalt vil vi leggja til rette for at innbyggjarane kan møte sakshandsamarar frå alle dei ulike fagområda på innbyggjartorga.

 

For at alle tenestene i Ullensvang kommune skal verta gjeve lokalt vil vi leggja til rette for at innbyggjarane kan møte sakshandsamarar frå alle dei ulike fagområda på innbyggjartorga. Begge stadane vil ha møterom som er dedikert til møter mellom innbyggjar og sakshandsamar.

Alle møta med sakshandsamarar vil skje etter avtale på faste dagar. Det vil vera litt ulikt kor ofte sakshandsamarar vil vera å treffe på dei ulike innbyggjartorga, men dersom det viser seg at behovet er større enn det me planlegg for, så vil vi justera det. Vi vil hjelp til å oppretta avtalar med sakshandsamarar.

 

Kontakt oss

Ullensvang kommune

Opheimsgata 31

5750 Odda

postmottak@ullensvang.kommune.no

53 65 40 00

ullensvang.kommune.no