Varsling på SMS-, telefon og e-post

Kommunen har høve til å varsle via SMS, e-post og talemelding til fasttelefon. Varslingssystemet vert brukt av kommunen for å nå innbyggjarane digitalt med meldingar når dette er føremålstenleg.

Kommunen opplever at enkelte ikkje får varsel som dei skulle hatt. Varslingstenesta hentar automatisk kontaktopplysningar om kvar enkelt innbyggjar frå nasjonale kontakt- og reservasjonsregister til Digitaliseringsdirektoratet. Ullensvang kommune ber deg difor sjekke om du er registrert med rett telefonnummer, sjå meir informasjon under.

Korleis finn vi deg?

Privatpersonar:

Kontaktinformasjonen blir henta frå Kontakt- og reservasjonsregisteret til Digitaliseringsdirektoratet. Vi tilrår deg å legga inn mobiltelefonnummeret ditt og e-postadressa di i dette felles nasjonale kontaktregisteret. Dei fleste førespurnader frå det offentlege vil henta kontaktinformasjonen herfrå, til dømes om sjølvmeldinga. Oppdatering av kontaktinformasjon kan du gjere her på norge.no

 

Verksemder:

Ved varsling av verksemder blir verksemda som tilhøyrer adressa varsla med bakgrunn i oppføring i Enhetsregisteret. Kontaktdata for bedrifter blir henta frå Digitaliseringsdirektoratet / (Altinn). Bedrifter med fleire adresser bør registrera desse som undereining hos Brønnøysundregisteret, sjå brreg.no

 

Tilleggsregister:

Tilleggsregister kan du nytta dersom du ønsker å få varslar for ei bedrift eller for ei adresse som du ikkje er registrert med bustadadresse på; sjå varslemeg.no

 

Har du ikkje fått SMS-varsel?

  1. Er du folkeregistrert på adressa di? Sjekk dette på Skatteetaten.no
  2. Har du oppdatert den elektroniske kontaktinformasjonen din? Dette gjer du på norge.no

 

Kva kan du gjera?

Oppdater opplysningane dine og meld alltid flytting til Folkeregisteret.

Bur du på ein anna stad enn der du er folkeregistrert kan du registrera telefonnummeret ditt på adressa di i vårt tillegsregister. Husk å endra viss du flyttar. Tilleggsregisteret er konfidensielt og blir berre nytta av kommunen.

Registrer telefonnummeret ditt i tilleggsregisteret til kommunen på varslemeg.no > Vel tillegsoppføring > Legg til telefonnummeret ditt (vel Privat)

 

Sårbare verksemder

Vårt tilleggsregister knyt kontaktpersonar til verksemder med telefonnummer.
Kontaktpersonen vil få varsel på SMS dersom SMS blir send frå kommunen.

Registrer verksemda di i kommunen sitt tilleggsregister på varslemeg.no > Vel tilleggsoppføring > Legg til telefonnummeret ditt (vel Bedrift)

 

Ofte spurde spørsmål

Korleis verkar varslinga?

Meldinga blir send som SMS til mobiltelefonar, e-post og ei automatisert talemelding til fasttelefon. Talemelding blir lesen inn som “tekst til tale”. På slutten av meldinga blir du bedt om å tasta: 1 – for å stadfesta at du har oppfatta meldinga.

Tast: 9 – dersom du ønsker å høyra meldinga ein gong til.

 

Er mobilnummeret mitt registrert?

Vi sender varsling til alle som er folkeregistrert på ei berørt adresse i Folkeregisteret og hentar kontaktopplysningane dine frå Digititaliseringsdirektoratets kontaktregister. Så lenge du har registrert kontaktopplysningane dine i Digitaliseringsdirektoratets kontaktregister/Altinn vil du bli varsla.

Oppføringa di kan du sjekka ved å logga deg inn på norge.no

 

Eg har hemmeleg nummer. Blir eg varsla?

Varsling 24 varslar ikkje hemmelege nummer. Dersom du likevel ønsker å få varsel frå kommunen din, gjer ei tilleggsoppføring på varslemeg.no. Kryss av for “hemmeleg nummer”.

 

Korleis får eg varsel for andre adresser enn bustadadressa mi?

På varslemeg.no kan du legga inn tilleggsadresser som du ønsker varsel for. Dette kan gjelda barn i studentbustad, bustaden til foreldra dine eller ein fritidseigedom.

Slik gjer du:

  • Under “Tilleggsoppføring” klikkar du “Legg til telefonnummeret ditt”.
  • Skriv inn mobilnummeret ditt og klikk “Send”.
  • Du får ein kode på sms, som du bruker for logga deg inn.
  • Her kan du legga til andre adresser du vil varslast for. Namn = den som bur på adressa du registrerer.

 

Eg bur i borettslag/blokk/sameie. Blir alle på adressa mi varsla?

Alle einingar i eit borettslag eller sameie blir varsla viss du er registrert i «kontaktregister for offentleg forvaltning».

 

Korleis kan eg sjå kva adresser eg får varsel for?

På varslemeg.no kan du sjekka andre varslingsadresser som er oppførte på mobilnummeret ditt, utover den offisielle bustadadressa di som du er registeret med i «kontaktregister for offentleg forvalting».

Slik gjer du:

  • Under “Tilleggsoppføring” klikkar du “Legg til telefonnummeret ditt”.
  • Skriv inn mobilnummeret ditt og klikk “Send”.
  • Du får ein kode på sms, som du bruker for logga deg inn. Her ser du lista over adresser registrert på mobilnummeret ditt.
  • Her kan du òg sletta adresser eller legga til fleire

Formål

  • Ullensvang kommune ved Tekniske tenester ynskjer å kunne varsla deg ved hendingar eller arbeid som fører til stenging av vegar eller vass- og avlaupsleidningar.
  • Vi ynskjer å nå flest mogleg og nyttar derfor SMS- og telefonvarsling.

 

Varsling etter geografisk område

  • Varslingssystemet er integrert med eit kartsystem som gjer at vi raskt kan varsla alle som bur innanfor eit geografisk område.
  • Varslingstenesta hentar automatisk kontaktopplysningar om kvar enkelt innbyggjar frå nasjonale kontakt- og reservasjonsregister slik som Altinn eller DigiPost.
  • Ved varsling går det ut SMS til mobiltelefonar og talemelding til fasttelefonar.

 

Kvifor får eg ikkje varsel?

  • Har du flytta nyleg? Telefonen må vera registrert på di bustadadresse.
  • Har du oppdatert dine opplysningar på det nasjonale kontakt og reservasjonsregisteret?
  • Har du mobilen registrert på arbeidsgjevar?
  • Har du hemmeleg nummer?
  • Har du reservert deg for nummeropplysning?
  • Har du fått nytt mobilnummer?

 

Kva kan du gjera?

  • Oppdater dine opplysningar og meld alltid flytting til Folkeregisteret.
  • Sjekk og endre dine opplysningar på det nasjonale kontakt- og reservasjonsregisteret via Minside.
  • Har du jobbtelefon eller hemmeleg nummer, registrer ditt telefonnummer i vårt tilleggsregister: servicevarsling.no. Då vil ditt telefonnummer bli inkludert i varslingar som vedkjem deg. Tilleggsregisteret er konfidensielt og vert nytta kun av seksjon Vatn og avløp til dette formålet.

 

Fleire adresser?

Du kan bli varsla på anna adresse enn den du bur på eller eig. Dette kan du melda inn under “Sjekk din oppføring” på servicevarsling.no.

 

Sårbare abonnentar

  • “Sårbare” abonnentar er verksemder som er avhengige av vatn for å driva si verksemd.
  • Det kan mellom anna vera alders- og sjukeheimar, legar og tannlegar, barnehagar og skular, næringsmiddelprodusentar, restaurantar og kaféar.
  • Registrer mobilnummer til kontaktpersonar for verksemda på servicevarsling.no.
  • Kontaktpersonen vil då få varsel på SMS.