Kunngjering av vedteken detaljreguleringsplan for Odda folkebad

Kunngjering av vedteken detaljreguleringsplan for Odda folkebad - PlanID 46182023001.

Kommunestyret har i møte 18.06.2025 fatta følgjande vedtak i sak 056/25:

I medhald av plan- og bygningslova § 12- 12 vedtek Ullensvang kommunestyre detaljreguleringsplan for Odda Folkebad, planID 46182023001. Vedtak av detaljreguleringsplanen skal kunngjerast i samsvar med PBL § 12-12.

Det er mogleg å klaga til kommunen på dette vedtaket. Klagefristen er 3 veker rekna frå melding om vedtak er motteke. Det er nok at klagen er postlagd innan fristen på 3 veker.

Klagen skal sendast skriftleg til den som har fatta vedtaket, beskrive kva vedtak det blir klaga på, den eller dei endringar ein ønskjer, og grunngjeving for klagen. Dersom det blir klaga så seint at det kan vere uklart for oss om det er klaga i rett tid, ber vi om at det blir oppgjeve når denne meldinga kom fram.

Saksutgreiinga med vedtak frå Kommunestyret finn du her (PDF, 4 MB)

Alle plandokument finn du i sak her

Klage skal merkast “Odda folkebad - PlanID 46182023001” og kan sendast til: 

Ullensvang kommune