Senda faktura til kommunen

Faktura til kommunen må sendast elektronisk i EHF-format.

Det er viktig at du sender fakturaen til Ullensvang kommune med rett organisasjonsnummer, 920 500 633. 

Fakturaen skal innehalde rekvirentnummer på fem siffer i referansefeltet.

  • Elektronisk fakturaadresse: 9908:920500633
  • Aksesspunkt: Visma

Merking av faktura

Fakturaen skal merkast med eit femsifra ressursnummer oppgitt av bestillar. Dette skal plasserast i feltet «Deres referanse», som er eit obligatorisk felt i EHF-standarden.

NB! Ingen tilleggsinformasjon skal plasserast i feltet «Deres referanse», berre desse siffera.

«Deres referanse» i xml-fila: cbc:AccountingCost eller cbc:BuyerReference

Betalingsvilkår

Vi har betalingsfrist på 30 dagar frå fakturadato. I dei tilfella der vi ikkje har motteke EHF-faktura, skal krav om rente og gebyr dokumenterast med ei leveringskvittering frå dykkar aksesspunkt. Der må dato og tidspunkt for overføringa vere stadfesta.