Om stillinga
Vi ser etter ein leiar med relevant utdanning og erfaring, som i tett samarbeid med styret vil arbeide for utviklinga av riksveg 13, som strekkjer seg frå Stavanger til Sogndal.
Stillingsprosenten er fordelt slik:
- 70 % dagleg leiar i Fjordvegen Riksveg 13
30 % seniorrådgjevar i eit av dei tre regionråda Ryfylket iks i Hjelmeland, Hardangerrådet iks i Kinsarvik eller Sognarådet IPR i Sogndal
Vi søkjer deg som har erfaring og kompetanse innan politisk og offentleg påverknad, leiing og prosjektadministrasjon. Det er ein fordel om du har kunnskap om statlege, fylkeskommunale og kommunale prosessar innan veg og samferdsel.
Dagleg leiar rapporterer til styret i Fjordvegen Riksveg 13.
Stillings som seniorrådgjevar rapporterer til dagleg leiar i regionrådet.
Om Fjordvegen Riksveg 13 og regionråda
Fjordvegen Riksveg 13 er ei medlemsforening beståande av Rogaland og Vestland fylkeskommune, 11 kommunar/herad, 3 regionråd, verksemder og organisasjonar langs riksveg 13. Arbeidet er retta mot to hovudmål:
- Oppgradering og vedlikehald av riksvegen for å sikre ein trygg og standardisert veg gjennom heile strekninga.
- Marknadsføring av vegen som ei effektiv og vakker transportåre, samt som den indre stamvegen mellom Stavanger og Sogndal.
Sjå heile stillingsutlysinga og søk her