Redusert mva. på vatn og avløp frå 1. juliI statsbudsjettet for 2025 vart det vedteke å redusera mva. for vatn og avløp frå 25% til 15 %, for å hjelpa hushald med å handtera auka levekostnader. Redusert mva. inneber at gebyra for vatn, avløp og leie av vassmålar vil bli noko redusert.Bakgrunnen for at regjeringa ønskte å redusera mva. for vatn og avløp, var å bidra til å redusera levekostnadene for hushald som har opplevd redusert kjøpekraft på grunn av høg prisvekst og auka renter.Kva betyr dette for deg?Endring av mva. vil du sjå på fakturaen som er gjeldande for juli månad.Har du vassmålar vert det lagt inn ein forholdsmessig fordeling av høg og låg sats ved årsskiftet, og dette vil du sjå på oppgjer for vassmålarar i januar 2026.Gebyr er allereie oppdatert i Min Eiendom. Om du loggar deg inn her vil du sjå dette i boksen Kommunale gebyr, f.eks.:Gebyrregulativet til kommunen vil og bli oppdatert med gjeldande satsar.