Om felles stig- og løypeplan for Hardangervidda
Felles sti- og løypeplan er ein regional temaplan som legg grunnlag for vidare samarbeid om å styra friluftslivsferdsel på Hardangervidda. Den er det første steget i ei meir heilskapleg forvaltning av friluftslivsferdsel både innanfor og utanfor verneområda av omsyn til villrein og anna naturmangfald.
Felles sti- og løypeplan for Hardangervidda er forankra i handlingsprogrammet til Regional plan for Hardangervidda (2021-2024). Planforslaget står på eigne bein, men kan likevel sjåast i ein breiare kontekst der han utgjer eit samspel med både Stortingsmelding 18 (2023-24) og tiltaksplan for Hardangervidda. Hardangerviddarådet er prosjekteigar og styringsgruppe, og skal vedta temaplanen til slutt.
Formålet med felles stig- og løypeplan
Felles sti- og løypeplan har som formål å betra høvet villreinen har til å nytta dei ulike funksjonsområda (sommar-, vinter- og kalvingsområde) innanfor leveområdet, og moglegheit til trekk internt og mellom funksjonsområda. Planen skal foreslå tiltak som kan redusera negative effektar av menneskeleg ferdsel på arealbruka og trekkmoglegheitene til villreinen. Innanfor rammene av kva som er forsvarleg av omsyn til villrein, kan det leggjast til rette for reiseliv og friluftsliv.
Vi vil ha dine innspel
Planen har nokon klart definerte mål, og dokumentet som no blir sendt på høyring er eit forslag til korleis desse måla kan oppnåast. Det er eit stort mangfald av brukergrupper- og interesser for dette fjellområdet. For at planen skal bli så treffsikker som mogleg, er det viktig å få tilbakemelding frå dykk som har kunnskap om bruk og forvaltning av Hardangervidda.
Dette er ei open høyring, og det er ønske om innspel både frå Hardangerviddarådets partar, men invitasjonen går breitt ut til grunneigarar, rettshavarar, organisasjonar, interessegrupper, reiselivsaktørar og brukarar.
Høyringsmøte
I høyringsperioden, etter sommaren, vil det arrangerast minst eitt digitalt møte og tre fysiske møte, eitt i kvart fylke. I tillegg vil sekretariatet så langt det lèt seg gjera, informerer om forslaget som ligg på høyring og leggja til rette for ein god dialog.
- Høyringsfrist: 15. oktober
Høringsinnspill skal sendast til post@bfk.no og blir merkast «2025/9481 Innspel til Felles sti- og løypeplan for Hardangervidda»
Vedlegg til sak finn du her