Hardanger og Ullensvang har eit mangfaldig og variert næringsliv; Industri, bygg og anlegg, reiseliv, landbruk med lokalmat og -drikke, handel, havbruk, kultur og offentleg sektor. Regionen er i ei rivande utvikling. Og avhengig av kvar ein bur, er det pendlaravstand til både Kvinnherad, Voss, Eidfjord og Kvam.
Ullensvang kommune har rundt 1500 tilsette og vår viktigaste oppgåve er å levera gode tenester til innbyggjarane. Våre tilsette er den mest verdifulle ressursen for at kommunen skal lukkast med det oppdraget.
Kommunen har mange og varierte samfunnsoppgåver som gjer at vi har eit stort behov for medarbeidarar med ulik kompetanse. Derfor er vi opptekne av å tiltrekkja oss dyktige og kompetente personar innan eit breitt fagspekter. Vi kan tilby jobbar innan fem sektorar: Helse og omsorg, Oppvekst og utdanning, Teknikk og miljø, Kultur, næring og samfunn og Sentraladministrasjon.
Vi treng deg, og du er viktig!
Ullensvang kommune ønskjer å spegla befolkninga elles og vere ein mangfaldig organisasjon. Kvalifiserte kandidatar uansett alder, kjønn, etnisitet eller funksjonsevne blir oppmoda til å søkja på ledige stillingar.
Ledige stillingar i Ullensvang