Veisane barnehage

Opningstider

  • kl. 07.00 – 16.15

Avdelingar - tilsaman 54 plassar

  • Eple 1, småbarnsavdeling 10mnd. – 1 år (2år)
  • Eple 2, småbarnsavdeling 1 – 2 år
  • Pæregruppa, 3 – 4 år
  • Kreativ, skulestartarar 5 – 6 år

 

Om barnehagen

Veisane barnehage på Lofthus ligg ved inngangen til Elvadalen og fossane Skrikjo og Bjødnabykset. Natur og friluftsliv er eit naturleg satsingsområde i tillegg til inkluderande miljø der alle er betydningsfulle og medverkar.

Vårt mål er at alle skal oppleva å høyra til, å vera ein betydningsfull person for fellesskapet og ha moglegheit til medverknad. For å nå dette målet må personalet vera tilstade, sensitive, tydelege, varme og støttande – opptrer som støttande stillas for barna i leik, kommunikasjon og samspel. På denne måten kan me vera med på å byggja god sjølvkjensle, tru på eigne evne og lysten  til å læra.

Fire born som skriv på tavle ute i barnehage. Foto.
  • inkludering
  • medverknad
  • rutinar og fast fast struktur
  • deling av barn og vaksne i små grupper
  • fysisk miljø som støttar opp om og vernar positiv leik og samspel
  • lekemiljø som speglar barna sine interesser og behov
  • at leiker og utstyr er tilgjengeleg og tilpassa barna si utvikling
  • eit godt læringsmiljø som fremjar og tek i vare kommunikasjon, leik, positivt samspel, læring og progresjon
  • å vera ein lærande barnehage med feiltastiske barn og vaksne

 

Me som jobbar i Veisane barnehage ynskjer at kvart einskild barn skal oppleva seg sjølv som god nok som dei er, at dei har tru på seg sjølv og eigne evne og har lyst til å utvikla desse.  Me har fokus på kvalitet i møtet mellom menneske, dette gjeld barn, foreldre, personale og andre me treffer i barnehagen. Alle har me vår livshistorie, ei forteljing me ber med oss. Åra i barnehagen vil og gi barna erfaring og verta ein del av barnet sin historie.  Som symbol på dette har me ein ryggsekk, denne ser me for oss at barna har med seg når dei startar i barnehagen. Den er ikkje tom når dei kjem, men full av erfaringar frå livet med familie og vener. Me i Veisane barnehage ynskjer å kunna delta med positive erfaringar i denne sekken, og det skal ikkje vera tilfeldig kva me gjer og  kva me fyller dagane med.

  • Tidleg innsats
  • Barnehagemiljø utan mobbing og anna krenking
  • Læringsmiljø som fremjar og tek i vare leik og positivt samspel
  • Kommunikasjon og samspel
  • Lærande organisasjon

Visjon: God bagasje på livsreisa – alle utviklar den beste utgåva av seg sjølv

 

Verdiar som skal prega vår praksis og arbeidsmåte:

  • Respekt
  • Omsorg
  • Mangfald 
  • Læring

 

Lov om barnehager (barnehageloven)

§4.Foreldreråd og samarbeidsutvalg

For å sikre samarbeidet med barnas hjem, skal hver barnehage ha et foreldreråd og et samarbeidsutvalg.

Foreldrerådet består av foreldrene/de foresatte til alle barna og skal fremme deres fellesinteresser og bidra til at samarbeidet mellom barnehagen og foreldregruppen skaper et godt barnehagemiljø. Er det i forskrift etter § 15 satt maksimalgrense for foreldrebetaling, kan bare foreldrerådet samtykke i foreldrebetaling ut over dette.

Samarbeidsutvalget skal være et rådgivende, kontaktskapende og samordnende organ. Samarbeidsutvalget består av foreldre/foresatte og ansatte i barnehagen, slik at hver gruppe er likt representert. Barnehagens eier kan delta etter eget ønske, men ikke med flere representanter enn hver av de andre gruppene.

Barnehageeieren skal sørge for at saker av viktighet forelegges foreldrerådet og samarbeidsutvalget.

Kontakt oss

Veisane barnehage

Legene 9

5781 Lofthus

53 67 13 20

Marianne Meling

Styrar

marianne.meling@ullensvang.kommune.no

469 66 557/53 67 13 20