Barn som ser med forstørrelsesglass. Bilete.

Søkja, svara, endra eller sei opp barnehageplass

Ønskjer du å søkja ny barnehageplass, svare på søknad om tildelt plass, endra opphaldstid i eigen barnehage eller overføra plassen til annan barnehage. Då logger du  inn med ID porten i Foreldreportalen.

Barnehagane tilbyr heil og halv plass (tre dagar/to dagar).

Ta kontakt med styrar i den aktuelle barnehagen ved spørsmål. Kontaktinformasjon finn du på den enkelte barnehage si nettside.

 

Hovudopptak

Søknadsfrist ved hovudopptaket er 1. mars

Hovudopptaket gjeld plassar som blir ledige i august når eit heilt årskull sluttar i barnehagen. Prioriteringane til brukarane skal leggjast vekt på i opptaket, men det må vera ledig kapasitet i dei prioriterte barnehagane for at dette kan bli innfridd. 

Hovudopptak til barnehagane  vert gjennomført innan 1. april søknadsåret. Tilbod om plass skal vera sendt foreldre/føresette innan utgangen av april. 

 

Supplerende opptak

Det vert gjennomført supplerande opptak, ved ledige plassar, i barnehagane frå 1. juni, og gjennom barnehageåret. 

 

Søkjarar med prioritet

Søkjarar som har rett til plass etter lov om barnehagar § 13, vert prioritert. 

Det må leggjast ved sakkunnig vurdering frå sakkunnig instans (lege, psykolog eller pedagogisk-psykologisk teneste), eller vedtak som er fatta etter lov om barnevernstenester § 4–12 og 4–4 andre og fjerde ledd.

 

Opptakskriterium

Ullensvang kommune følgjer Lov om barnehage § 12a Rett til plass i barnehage og  § 13 Prioritet ved opptak. 

Kriterier for prioritert opptak:

  1. Barn med nedsett funksjonsevne som etter sakkunnig vurdering er tilrådd barnehageplass. Barn som det er fatta vedtak om etter lov om barnevernstenester §§ 4-12 og 4-4
  2. Endring av opphaldstid
  3. Endring av barnehage 
  4. Sysken i same barnehage

Barnet må vera 10 månader ved oppstart i barnehagen.

Barn med barnehageplass i Ullensvang kommune må til ei kvar tid ha bustadadresse i Ullensvang kommune.  Jfr. Lov om barnehage § 12a. 

 

Klage

Jfr. Forskrift om saksbehandlingsreglar ved opptak i barnehage §6 har søkjar klagerett.

 

  • Ved hovudopptak kan søkjar klaga på avslag på søknad om barnehageplass.
  • Søkjar kan òg klaga dersom vedkomande verken får sitt første eller andre ønskje oppfylt.
  • Ved supplerande opptak kan berre søkjarar som har lovfesta rett til prioritet klaga.
  • Klagefristen er normalt 3 veker frå du fekk vedtaket.
  • Klagen sender du til styrar i den barnehagen som har fatta vedtaket.

 

Dersom kommunen konkluderer med at barnet skulle fått tilbod om den ønskte plassen, skal det få tilbod om den første ledige plassen etter at barnet med lovfesta rett til prioritet har fått tilbodet.

Dersom klagaren ikkje får medhald, går saka vidare til klagenemda som er klageinstans i kommunen.

 

Oppsiing

Då logger du inn med ID porten i foreldreportalen.