Paragraf

Vedtekter barnehage

§ 1. Formål

Barnehagane skal drivast i samsvar med Lov om barnehagar med tilhøyrande forskrifter og retningsliner, Rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver, kommunale vedtak og godkjent årsplan for barnehagen.

 

§ 2. Eigartilhøve 

Barnehagane vert drivne av Ullensvang kommune.

 

§ 3. Forvaltning

Kommunen v/ Rådmannen er lokal barnehagemynde og har ansvar for tilsyn og forvalting av barnehagane etter Lov om barnehage §§ 8, 10 og 16. Kommunestyret v/ kommuneoverlege er tillagt godkjenningsmynde etter forskrift om miljøretta helsevern for barnehagar og skular.

 

§ 4. Foreldreråd

Barnehagen skal ha eit foreldreråd. Foreldrerådet er alle foreldre/føresette som har barn i barnehagen. Foreldrerådet sine oppgåver går fram av barnehagelova.

 

§ 5. Samarbeidsutval

Kvar einskild barnehage skal ha eit samarbeidsutval på 5 medlemer m/varamedlem, valde slik:

  1. 2 representantar for foreldre m/ 2 varamedlem, valde av foreldrerådet.
  2. 1 representant for eigar  m/ 1 varamedlem, valde av kommunestyret. 
  3. 2 representantar for tilsette m/ 2 varamedlem, valde av personalet i barnehagen.

Foreldra og dei tilsette sine representantar vert valde for barnehageåret. Kommunen sin representant vert vald for den kommunale valbolken.  Barnehagestyrar er sekretær for samarbeidsutvalet med møte-, tale- og framleggsrett, men har ikkje stemmerett med mindre styraren er vald som styremedlem.

Samarbeidsutvalet skal vera eit rådgjevande, kontaktskapande og samordnande organ og har rett til å uttala seg om saker som er viktige for innhaldet i barnehagen, verksemda og tilhøve til foreldre/føresette. Samarbeidsutvalet skal i samarbeid med styraren sjå til at barnehagen vert driven i samsvar med lover, føresegner, vedtekter og budsjett. (Barnehagelova §4)

 

§ 6. Opptak

Søknad om ny plass, endring av opphaldstid i eigen barnehage og overføring til annan barnehage vert lyst i lokalavisa og på kommunen si heimeside med søknadsfrist 1. mars. Hovudopptak til barnehagane  vert gjennomført innan 1. april søknadsåret.

Søknad vert levert elektronisk. Orientering om korleis de søkjer finn de på  www.ullensvang.kommune.no

Barnehagane tilbyr heil og halv plass (tre dagar/to dagar). 

 

§ 7. Opptakskriterium

Ullensvang kommune følger Lov om barnehage § 12a Rett til plass i barnehage og  § 13 Prioritet ved opptak. 

Barnet må væra 10 månader ved oppstart i barnehagen.

 

Kriterier for prioritert opptak:

1. Barn med nedsett funksjonsevne som etter sakkunnig vurdering er tilrådd barnehageplass.

Barn som det er fatta vedtak om etter lov om barnevernstenester §§ 4-12 og 4-4

2. Endring av oppholdstid

3. Endring av barnehage 

4. Søsken i same barnehage

Barn med barnehageplass i Ullensvang kommune må til ei kvar tid ha bustadadresse i Ullensvang kommune.  Jfr. Lov om barnehage § 12a. 

Ullensvang kommune kan inngå avtale med andre kommunar om salg/kjøp av barnehageplassar.

Søknadsfrist for hovedopptaket er 1. mars. Tilbod om plass skal vera sendt foreldra/føresette innan utgangen av april. 

Det vert gjennomført supplerende opptak, ved ledige plassar, i barnehagane frå 1. juni, og gjennom barnehageåret. 

 

§ 8. Opptaksperiode

Barnehageåret starter/slutter medio august. 

Eit barn har fast plass i barnehagen til barnet byrjar på skulen. 

Den plassen ein takkar ja til ved hovudopptak, må betalast for ut september, sjølv om ein ved oppstart reduserer plassen.

 

§ 9. Klage på opptak

Foreldre / føresette har klagerett etter § 6 i forskrift om sakshandsamingsreglar ved opptak i barnehage. Klage på vedtaket må vera levert til kommunen seinast 3 veker etter at melding om vedtak er mottatt. (Forvaltningslova §29)

 

§ 10. Oppseiing

Oppseiingstida er 1 månad. 

Unntak:

  1. Sjukdom/skade, flytting eller andre tungtvegande årsaker som gjer at barnet må slutta i barnehagen.
  2. Barn som skal byrja på skulen og ikkje skal nytta plassen fram til skulestart må seia opp plassen innan 25. april, og gje melding om dato for når barnet sluttar i barnehagen.

 

§ 11. Ferieavvikling

Barnet  må ta ut minimum fire veker ferie i løpet av kalenderåret. Tre veker må vera samanhengande ferie fortrinnsvis i tida medio juni til medio august. Føresette må gje melding til barnehagen innan 25. april om kva tid desse tre vekene vert tekne. 

  • Den 4. ferieveka må takast ut samanhengande 
  • 6-åringane som begynner på skulen må ta ut 4 veker ferie innan 15. august.
  • Om sommaren kan barnehagetilbodet verta avvikla i eit samarbeid mellom barnehagar og evt. SFO.
  • Røldal barnehage er stengt 4 veker i juli.

 

§ 12. Planlegging

Barnehagane gjennomfører avtalefesta 37,5 timar ( 5 dagar ) planlegging i året. Desse dagane er barnehagane stengde. Planleggingsdagane vert vedteke i barnehage- og skuleruta året før.

 

§ 13. Opningstid

Opphaldstid i barnehagen vert fastsett av rådmannen. Opningstida i barnehagane varierer, sjå orientering på www.ullensvang.kommune.no

  • Barnehagene er stengde jule- og nyttårsafta og avtalefesta planleggingsdagar.
  • Onsdag før påske stenger barnehagane kl. 12.00.

 

§ 14. Areal

Netto leike- og opphaldsareal er fastsatt av Ullensvang kommune jamfør Departementets rettleiande norm: 

  • Leike- og opphaldsareal inne: for barn over 3 år er denne 4 m2, og for barn under 3 år er den 5,33 m2.
  • Utearealet i barnehagen bør vera omlag seks gongar så stort som leike- og opphaldsarealet inne.

 

§ 15.  Betalingssatsar og betalingsmåtar

  1. Stortinget fastset kvart år maximalpris pr månad og pr år for plass i barnehage. Kommunestyret fastset betalingssatsane (foreldrebetalinga) som til ei kvar tid skal gjelda for barnehagane i kommunen. Betaling skal skje forskotsvis kvar månad. 
  2. Betaling for kost kjem i tillegg til månadleg betaling av barnehageplass. 
  3. Endring av betalingssatsane følger budsjettåret.
  4. Inntektsgradert foreldrebetaling vert gitt i samsvar med nasjonal ordning for reduksjon i foreldrebetalinga. Ingen skal betala meir enn 6 prosent av inntekta si til barnehagen. Ullensvang kommune følger statens minimumskrav. Foreldre med lav inntekt kan søkja om reduksjon i foreldrebetalinga.
  5. Foreldre med lav inntekt kan søkja om gratis kjernetid for 2-, 3-, 4- og 5-åringar, og barn med utsett skulestart. Dersom barna bur i hushaldningar med lav inntekt, kan barna få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage per veke. 
  6. Det vert gjeve søskenmoderasjon i samsvar med gjeldande Stortingsvedtak med 30 % for 2. barnet, 50 % for 3. barnet og kvart barn utover dette. Det vert gitt søskenmoderasjon når familien har fleire barn i barnehage. Moderasjonen omfattar søsken/stesøsken som bur fast saman. Adressa som er registrert i folkeregisteret vert rekna for fast bustad. 
  7. Foreldre/foresatte betaler for 11 måneder i året, og har betalingsfritak i juli månad.
  8. Når barnehagen har ledige plassar, kan dei som har barnehageplass kjøpa sporadiske enkeltdagar på den avdelinga der barnet har plass.
  9. Det vert ikkje gitt betalingsfritak for ferie som vert tatt ut i løpet av barnehageåret. Det kan søkjast om betalingsfritak i spesielle tilfelle som til dømes ved alvorlig sjukdom. Dette må dokumenterast.
  10. Plassen ein får ved hovudopptak må betalast for frå oppstart av nytt barnehageår. Unntak: 
    1. barn som etter loven har rett på bhg plass betaler frå den månden dei fyller 10 månadar. 
    2. barn som får plass ved supplerande opptak gjennom året betalar frå den dagen barnet er tildelt plass. 
  11. Manglande betaling kan føra til oppseiing av barnehageplassen. Jf. (viser til) til einkvar tid gjeldande innkkrevjingsreglement. 

 

§ 16. Internkontroll

Barnehagene i kommunen har internkontrollsystem som sikrar kontinuerlig arbeid med helse, miljø og tryggleik og forskrift om ”Miljøretta helsevern i barnehagar og skular”. 

 

§ 17. Erklæring om barnet si helse

Når eit barn byrjar i barnehagen skal det leggjast fram erklæring om barnet si helse. Dersom barnet har møtt til ordinær undersøking  på helsestasjon, kan slik erklæring verta gitt av barnet sine foreldre / føresette. Nødvendige opplysningar skal verta gitt på opplysningsskjema til barnehagen før oppstart.

 

§ 18.  Ansvar

  1. Alle barna i barnehagen er ulykkesforsikra gjennom kommunen si forsikringsordning. 
  2. Personalet har ansvar for barna i barnehagen si opningstid. Levering og henting er foreldra / føresette sitt ansvar.
  3. Personalet kan ta med barna i egen bil når det er inngått skriftlig avtale med foreldra. Det må vera godkjent sikkerhetsutstyr i bilen. Personalet må gi skriftleg fråsegn om at bilen som vert nytta er i forskriftsmessig stand.
  4. Det vert ikkje gitt erstatning ved tap og / eller skade på eigedeler eller klede.

 

§ 19. Fråvær

Når barn er sjuke eller av andre årsaker er borte frå barnehagen, skal foreldra / føresette gi melding om dette til barnehagen snarast råd. 

Barn som på grunn av sjukdom ikkje kan fylgja daglege rutinar i barnehagen, må haldast heime. Kommunen følgjer Folkehelseinstituttet sine tilrådingar.

 

§ 20. Bemanning i barnehagen

Bemanning i barnehagen må vera i tråd med Lov om barnehage §§ 17, 18, 19, 20 og 23:

Pedagognorm:

  • 1 pedagog pr 14 barn over tre år 
  • 1 pedagog pr 7 barn under tre år

Pedagognorma vert utløyst når tal barn overstig dette. Pedagognormen skal være oppfylt for heile barnehagen sett under eit.

Bemanningsnorm:

  • 1 tilsett pr 3 barn under tre år
  • 1 tilsett pr 6 barn over tre år

Eigar er ansvarleg for at det er tilstrekkeleg bemanning slik at personalet kan driva ei tilfredstillande pedagogisk verksemd  jmf §18 i lov om barnehagar. 

 

§ 21. Endring av vedtektene

Endring av vedtektene skal handsamast av kommunestyret. Framlegg om vedtektsendring skal leggjast fram for foreldreråd og samarbeidsutval i god tid før endeleg vedtak. Endringar som følge av endra lovverk eller politiske vedtak, kan gjerast administrativt med melding til kommunestyret.

 

§ 22. Teieplikt

Dei tilsette i barnehagane, administrasjonen og medlem i samarbeidsutvala har teieplikt vedkomande alle personopplysingar dei i kraft av stillinga/omboda vert kjende med.