Barn som leikar med traktor i barnehage. Foto.

Hestavoll barnehage

  • Løvetann 0-3 år: 905 55 168
  • Blåklokke 3-6 år: 905 93 221
  • Solsikke 3-6 år: 906 25 319

Hestavoll barnehage er ein tre-avdelings barnehage med plass til 48 barn. Vi held til i Odda sentrum, like ved Odda barneskole. Barnehagen har 12 småbarnsplasser, og to avdelinger med plass til 18 barn kvar. Hestavoll barnehage har eit fleirkulturelt miljø. Vi ynskjer å by på varierte impulsar, opplevingar og erfaring hovudsakleg ut frå lokalmiljøet, men og løfta blikket i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv. Vi opplever det fleirkulturelle miljøet som ein rikdom i kvardagen.

Vi jobbar med

Kultur og kreativitet, der musikk og drama har ein sentral plass. Språkmiljø, samarbeid og inkludering er sentralt hos oss. Barnehagen har samarbeid med fleire kulturarenaer og institusjoner i nærmiljøet.

 

Kjerneverdiar

I Hestavoll barnehage ser vi barna som kompetente, med trang til å utforska og skapa meining. Kvar einskild er unik med eigne føresetnader. I barnehagen møter det unike eit mangfald. Barnehagen har eit kompetent personale som arbeider systematisk i henhold til:  

  • Tidleg innsats
  • Språkutvikling
  • Kommunikasjon og samspel
  • Handtering av utfordrande åtferd
  • Implementering og organisasjonsutvikling

Hestavoll barnehage

Oppheimsgata 4a

5750 Odda

53 65 42 33

Kari Aalvik

Styrar

kari.aalvik@ullensvang.kommune.no

975 58 693 / 53 65 42 33