Utne barnehage
Avdelingar
- Raud: tlf. 90 24 87 86
- Blå: tlf. 90 22 94 31
Opningstid
- kl. 07:00 – 16:15
Om barnehagen
Utne barnehage er ein to-avdelings barnehage, godkjent for 36 plassar. Barnehagen ligg i sentrum av Utne, med eit rikt nærområde – ikkje berre fantastisk natur og turområder, men og gardar, fjorden, ferja- og båttrafikk, matbutikk, legekontor, museum, Utne hotell og kyrkja. Me er opptekne av at barna blir godt kjende med nærmiljøet sitt.
Barnehagen har to avdelingar, Raud avdeling med barn frå 3-6 år og Blå avdeling med barn frå 10 månader – 3 år. Avdelingane har felles kjøken, kor me lagar brød nesten kvar dag, havregraut til frukost kvar fredag og varm fiskelunsj minst ein dag i veka.
Kontakt oss
Utne barnehage
Fjordavegen 4171
5778 Utne
53 66 69 92
Lene Vie Nordeide
Styrar
lene.vie.nordeide@ullensvang.kommune.no
92 04 26 30 / 53 66 69 92 (tasteval 1)
Visjonen til Utne barnehage er:
Ein god start – gje alle barna i Utne barnehage opplevinga av den gode barndom. Barnehagen setjer fokus på barndommen som ein eigen verdi.
- Barna i Utne barnehage skal trivast og ha eit godt og utviklande leike- og læringsmiljø.
- Føresette i barnehagen skal oppleve at dei har eit godt barnehagetilbod for seg og barna.
- Personalet skal trivast og arbeide for barna sitt beste, med fokus på einskild barn og barnegruppa.
Verdiane byggjer på Rammeplanen for barnehagar, årsplan og dei tilsette sine verdiar og skal spegla dagleg drift i barnehagen. Barnehagen har jobba med verdiane, og kome fram kva dei betyr for oss, heilt konkret.
Omsorg: å vera tilstade her og no. Gje trøyst, eit fang å sitje op, snakka med og ikkje til, vera lyttande og anerkjennande. Behandle alle individuelt etter alder og modnad.
Likeverd: å vera inkluderande og oppmerksame, sjå barna for den dei er. Respekt for enkeltbarn, syna omsorg. Vera ein god rollemodell.
Respekt: Ta barna på alvor, tru på det barna seier, vera lyttande, ha ein anerkjennande veremåte, snakke med og ikkje til, behandle barna likt uavhengig av sosial bakgrunn.
Tryggleik: å vera trygg base når barna treng det, fleksible og lyttande vaksne, sjå enkeltbarn, vera til stade og “på”, ha tid, ha omsorg for, faste rutinar og gode overgongar, positive haldningar til barn/foreldre, godt samarbeid mellom personale/barn/foreldre.
- Leiar/foreldrerepresentant: Siri Kolstø Aarekol
Lov om barnehager (barnehageloven)
§4.Foreldreråd og samarbeidsutvalg
For å sikre samarbeidet med barnas hjem, skal hver barnehage ha et foreldreråd og et samarbeidsutvalg.
Foreldrerådet består av foreldrene/de foresatte til alle barna og skal fremme deres fellesinteresser og bidra til at samarbeidet mellom barnehagen og foreldregruppen skaper et godt barnehagemiljø. Er det i forskrift etter § 15 satt maksimalgrense for foreldrebetaling, kan bare foreldrerådet samtykke i foreldrebetaling ut over dette.
Samarbeidsutvalget skal være et rådgivende, kontaktskapende og samordnende organ. Samarbeidsutvalget består av foreldre/foresatte og ansatte i barnehagen, slik at hver gruppe er likt representert. Barnehagens eier kan delta etter eget ønske, men ikke med flere representanter enn hver av de andre gruppene.
Barnehageeieren skal sørge for at saker av viktighet forelegges foreldrerådet og samarbeidsutvalget.