Sekse barnehage og SFO
Avdelingar
- Grøn avdeling: mob. 904 13 754
- Raud avdeling: mob. 905 90 371
Opningstid
- kl. 07.00 – 16.30
SFO
Elevar frå Opedal skule kan også nytte seg av SFO tilbod ved Sekse barnehage og SFO.
- SFO: mob. 481 78 773
- Tilbod om SFO frå kl. 13.00/14.00 – 16.00 kvar dag
Om barnehagen
Sekse barnehage ligg plassert ca. midt på austsida av Sørfjorden, midt mellom fjord, fjell og gardar. Plasseringa gjev oss mange gode moglegheiter til variert uteliv, noko me nyttar oss mykje av i kvardagen. Me samarbeider godt med bønder og andre i nærmiljøet, har faste turområder me går til og borna i alle aldersgrupper er ute på tur minst ein gong i veka.
Kvardagen er prega av leik, læring og glede, og personalet er opptatt av å vera trygge og tydelege vaksne. Borna er fordelt på to avdelingar etter alder og utvikling, og me har fokus på å dela i små leikegrupper for at kvart enkelt born skal ha dei beste moglegheitene for å kjenna seg trygge, trivast og utvikla den beste utgåva av seg sjølv ☺

Eit trygt og godt barnehagemiljø fritt for mobbing og krenkelsar.
Anerkjennelse: Alle opplever å verta sett og høyrt og kjenner seg verdifulle i fellesskapet
Trygghet: Me arbeider kontinuerlig og systematisk med å fremja eit trygt og godt barnehagemiljø, og med å oppdaga, undersøka og førebygga alle former for krenkelsar. Me stopper krenkelsar og følger opp med eigna tiltak heilt til barna opplever at dei har eit trygt og inkluderande miljø.
Meistringsglede: Me tilrettelegg for at alle kjenner meistring, og deler glede over eigen og andre si meistring
Omsorg: Me møter kvarandre med varme og omsorg, ser og møter ulike behov, rettleiier og set grenser for oss sjølv og kvarandre

Sekse barnehage
Seksevegen 12
5773 Hovland
53 66 19 42
