Kinsarvik barnehage

Kinsarvik barnehage

Avdelingar

  • Blå avdeling, 46 80 97 19
  • Raud avdeling, 46 84 13 26
  • Grøn avdeling, 90 52 85 64

Opningstider: kl. 07.00-16.15

 

Om barnehagen

Kinsarvik barnehage er ein tre-avdelingsbarnehage med plass til 54 born/78 plassar. Grøn og raud avdeling har plass til 12 born under tre år, og blå avdeling har plass til 30 born over tre år. Blå avdeling kan delast opp i to avdelingar/basar. Barnehagen var ny hausten 2016, og me ligg flott til øverst oppe i Husefeltet, med tett nærleik til byggefelt, gardane og skogen. Me har mange faste plassar me går på tur til, blandt anna Løhaugjen, naturleikeplassen vår,  med eigne hytte, og Grindaløo.

 

Me jobbar med

Mitt val

Hausten 2018 starta me med eit program i sosial og emosjonell kompetanse. Mitt val er eigd av stiftinga «Det er mitt valg» som er grunnlagt av Lions Norge, og det vert dreve med støtte frå Helsedirektoratet og midlar frå Lions. Her vert borna kjend med Leo og vennene hans.

Tema me jobbar med er blant anna

  • Å skapa eit godt miljø
  • Å ta vare på kvarandre
  • Å forstå eigne og andre sine kjensler
  • Å arbeida saman

 

Visjon: Ein god plass å vera, ein god plass å læra.

Me ynskjer at alle born skal oppleva den gode barndom. Me har som mål å skapa eit inkluderande miljø der alle born opplev felleskap, glede og meistring uansett bakgrunn.

 

Kjerneverdiar

  • Eit godt læringsmiljø
  • Berekraftig utvikling
  • Mangfald og respekt
  • Livsmeistring og helse

Kinsarvik barnehage

Husevegen 74

5780 Kinsarvik

Aina Nilsen

Styrar

aina.nilsen@ullensvang.kommune.no

53 66 33 23/ 904 11 289