Du har stemmerett dersom du oppfyller desse vilkåra:
- Norsk statsborgar
- Har fylt 18 år innan utgangen av 2025
- Er, eller har vore, registrert i folkeregisteret som busett i Norge
Norsk personale ved diplomatiske og konsulære stasjonar i utlandet har stemmerett uavhengig av om dei er, eller har vore, folkeregistrert som busett i Norge. Det same gjeld personalet sine husstandsmedlemar.
Kva er manntalet?
Manntalet er ei oversikt over alle som har stemmerett i ein kommune. Du vert automatisk registrert i manntalet i den kommunen du er folkeregistrert som busett i pr. 30. juni 2025.
Dersom du har flytta, og ynskjer stemmerett i den nye kommunen, må du melde flytting til folkeregisteret innan 30. juni.
Bur du i utlandet?
Er du busett i utlandet, men har vore folkeregistrert som busett i Norge tidlegare, skal du førast inn i manntalet i den norske kommunen du sist var registrert som busett i.
- Har du vore busett i Norge i løpet av dei siste 10 åra, vert du automatisk ført inn i
manntalet i kommunen der du sist var registrert som busett. - Har du budd meir enn 10 år i utlandet vert du ført inn i manntalet i kommunen du sist
var registrert som busett i når du stemmer.
Tilsette i diplomatiet eller konsulatvesenet og deira husstandsmedlemer, som aldri har vore
registrert som busett i Norge, vert ført inn i manntalet i Oslo kommune.
Er du ny statsborgar?
Som ny statsborgar med stemmerett vert du ført inn i manntalet i kommunen du er folkeregistrert som busett i.
Dette gjeld også dersom du har blitt ny statsborgar etter 30. juni.
Slik sjekkar du om du står i manntalet
Alle kommunar i Norge er pålagt å gjera manntalet offentleg tilgjengeleg. Personar som meiner at dei sjølve eller andre uriktig er blitt innført i eller utelaten frå manntalet i kommunen, kan krevje at feila vert retta.
Eit slikt krav må vere skriftleg og grunngitt, og skal sendast til valstyret i kommunen.