Førehandsstemming i Ullensvang kommune ved Stortings- og sametingsvalet 2025

Valstyret i Ullensvang kommune har vedteke at fylgjande stemmelokale skal nyttast til førehandsstemming i perioden 11.08. – 05.09.2025.

Førehandsstemming

Rådhuset i Odda

  • måndag kl. 09:00 - 15:00
  • tysdag kl. 09:00 - 15:00
  • onsdag kl. 09:00 - 18:00
  • torsdag kl. 09:00 - 20:00
  • laurdag kl. 10:00 - 15:00

Rådhuset i Odda - veke 36 (01.09 – 05.09), siste veka før valdagen, er opningstida::

  • måndag – onsdag kl. 09:00 - 18:00
  • torsdag kl. 09:00 - 20:00
  • fredag kl. 09:00 - 17:00

Ein gjer merksam mottak av førehandsstemmer vert avslutta fredag 5. september kl. 17:00 i Odda.

  • Kommunehuset i Kinsarvik 

    • måndag, onsdag og fredag kl. 09:00 - 15:00

    Det vert stemmemottak ein (1) laurdag i Kinsarvik i førehandsstemmeperioden.

Kommunehuset i Jondal 

  • tysdag og torsdag kl. 09:00 - 15:00

Det vert stemmemottak ein (1) laurdag i Jondal i førehandsstemmeperioden.

Mobilt mottak av førehandsstemmer

Det vert mobilt mottak av førehandsstemmer i grender og tettstader i kommunen. Rute og stoppestader vil bli kunngjort.

Førehandsstemmer på helse- og omsorgsinstitusjonar

Mottak av førehandsstemmer på helse- og omsorgsinstitusjonar i veke 36 på fylgjande stader:

  1. Eide helsetun
  2. Bokko bo- og behandlingssenter
  3. Røldal pleie og omsorg (lokalisert i tidlegare sjukeheim)
  4. Omsorgstenesta aust - Bråvolltunet
  5. Omsorgstenesta vest - Utneheimen
  6. Omsorgstenesta i Jondal - Vikevollen
  7. Odda sjukehus

Dato og klokkeslett vert fastsett i samarbeid med kvar institusjon, og det vil kome oppslag på alle institusjonane med informasjon om mottak av førehandsstemmer.

Ambulerande stemmemottak (i heimen) i veke 36 

Alle manntalsførde som ikkje kan stemme på grunn av sjukdom eller er ufør, kan etter søknad til valstyret førehandsstemme der dei oppheld seg.

Søknaden må vere motteken av valadministrasjonen i Ullensvang kommune innan torsdag 4. september kl. 12.00.

Merk!

Ein gjer merksam på at du kan førehandsstemme i alle kommunar i Norge. Stemmegjevinga vert send til den kommunen du er manntalsførd i.

Hugs å ta med legitimasjon når du skal stemme.
Eksempel på legitimasjon er pass, førarkort og bankkort med bilete