Oppvekstplan-10

Ulykkesforsikring for barn og ungdom

Ullensvang kommune har ulykkesforsikring som gjeld skuleelevar, barnehagebarn, fosterbarn og barn i besøksheim.

Forsikringa dekkjer:

  • Ulykkesskader som rammer barn når det, under skulen eller barnehagen si leiing, deltar i undervisning, på ekskursjon, reiser, stevner og liknande, samt i friminutt og på direkte veg til og frå skulen eller barnehagen.
  • Ulykkesskader som rammer barnet når det deltar i einkvar aktivitet i regi av kommunen, inkludert kommunal kulturskule, SFO og ferietilbod.
  • Ulykkesskader som rammer barnet når det deltar på arrangement i regi av foreldrerådet sitt arbeidsutval (FAU), når det er FAU som er arrangør.
  • Ungdom opp til 18 år i kommunale fritidsklubbar.
  • Vidare gjeld forsikringen under praktisk yrkesopplæring og opplæring i arbeidslivet som ein del av undervisninga.

Forsikringa omfatter barn i:

  • Kommunale grunnskular og SFO
  • Barnehagar
  • Barn i besøks-/fosterheim

 

Når skade skjer

Skademelding vert fylt ut av den enkelte skule, barnehage ol.

Dei fleste skader som inntreff under aktiviteter i regi av skulen vert dekka av NAV. Ta derfor først kontakt med ditt lokale NAV-kontor.

Dokumenterte utgifter som ikke vert dekka av NAV kan du søka å få dekka av forsikringen.

Erstatning vert gitt ved ulykke/ulykkesskad som fører til varig medisinsk invaliditet og dødsfall. Desse behandlingsutgiftene vert betalt i inntil 2 år frå skadedagen inntil kr 50.000. Frå erstatninga vert det trekt avtalt eigenandel.