NAV Ullensvang

Sjølvhjelp – treng du tenester frå NAV har vi gode nettsider der du sjølv kan:

  • Sjekka utbetalingar
  • Registrera deg som arbeidssøkjar
  • Finna søknadsskjema
  • Søkje om økonomisk sosialhjelp
  • Lesa om rettar og vilkår for stønader

 

Om du ynskjer kontakt med ditt lokale NAV kontor:

  • 55 55 33 33
  • Sosiale tenester og økonomisk rådgjeving:
  • nav.no via Ditt NAV
  • Postadresse:
    NAV Ullensvang
    Postboks 393, 5751, Odda

 

Opningstider

Nav Ullensvang avd. Odda

🏠 Eitrheimsvegen 32, 5750 Odda

Tysdag og torsdag kl. 12-14

55 55 33 33

nav.no

Nav Ullensvang avd. Kinsarvik

🏠 Sandvikevegen 11, 5780 Kinsarvik

Torsdag kl. 10-13

55 55 33 33

nav.no

  • 55 55 33 33 – Spørsmål om dei fleste ytingar
  • 55 55 33 36 – Telefon for arbeidsgjevarar
  • 55 55 33 34 – Spørsmål om pensjon

Har du allereie har ein rettleiar på NAV Ullensvang, kontaktar du denne digitalt i din aktivitetsplan ved behov.

Du har rett til å få opplysning, råd og rettleiing frå NAV som kan bidra til å løyse eller førebygge sosiale problem.

All informasjon om opplysning, råd og rettleiing finn du her på nav.no.

Kvalifiseringsprogrammet er for deg mellom 18-67 år som ynskjer å jobba, men treng oppfølging for å klara det.

Meir informasjon om kvalifiseringsprogrammet finn du på nav.no, eller ta kontakt med NAV Ullensvang på telefon 55 55 33 33.

På heimesida til NAV finn du informasjon om ledige stillingar, vegvisar til informasjon som er tilpassa deg og din situasjon. Her finn du og informasjon om søknad og søknadsskjema.

Om ein kjem opp i ein situasjon der ein treng økonomisk hjelp, kan det vere at ein har rett på økonomiske ytingar frå det offentlege.

Det kan vere:

  • Økonomisk sosialhjelp
  • Råd og rettleiing
  • Er du i ein økonomisk naudsituasjon? Då kan du søkje naudhjelp på søknadsskjema sosialhjelp. Ring vakttelefonen til NAV sosial på mob. 908 09 556 (vekedagar frå kl 09.00 – 14.00) eller kontaktsenteret på tlf: 55 55 33 33.

 

No kan du søkje om sosialhjelp digitalt

Du kan no søkje om sosialhjelp digitalt i vår kommune. Den nye løysinga gjer at du kan søkje heimanfrå heile døgnet på pc, mobil eller nettbrett.

For å søkje sosialhjelp digitalt, må du logge deg inn på «Ditt NAV» på nav.no med Bank-id eller andre sikkerhetsløysingar som Buypass eller Commfides.

Digitalt søknadsskjema om sosialhjelp finn du her.

 

Vakttelefon

Ring vakttelefonen til NAV sosial på mob. 908 09 556 (vekedagar frå kl 09.00 – 14.00).

 

Treng du hjelp?

Treng du hjelp til utfyllinga, kan du ringe NAV kontaktsenter på 55 55 33 33 eller vakttelefonen til NAV sosial på mob. 908 09 556 og få rettleiing over telefon. Viss du av ulike årsakar ikkje kan eller ynskjer å nytte deg av den digitale søknaden om sosialhjelp, kan du fortsatt søkje på papir og sende eller levere i postkasse.

  • Søknadsskjema økonomisk sosialhjelp (kan hentast på NAV sitt kontor)

Søknad om økonomisk sosialhjelp skal sendast/leverast til NAV Ullensvang.
Postadresse: NAV Ullensvang, Postboks 393, 5751, Odda

 

Mer informasjon

På menyen på nav.no under sosiale tenester og økonomisk sosialhjelp finner du meir informasjon. Veiviser økonomisk sosialhjelp nav.no.

Dette er eit kurs for alle – uansett inntekt og forkunnskapar om økonomiske forhold.

På kurset får vi følge Ole som leiger leilegheit og jobbar som butikkmedarbeidar. Han fortel ofte at han ikkje har pengar igjen når månaden er slutt. Han slit med å få endane til å møtast.

Korleis går det med Ole når han begynner å sjå nærare på sitt eige forbruk?

Kurset tar utgangspunkt i ei praktisk tilnærming til Ole sin økonomi, der råd som blir gitt til Ole kan overførast til eigen økonomi.

Kva grep kan du ta i ditt eige budsjett? Kjem Ole til å få moglegheit til å realisere eigne draumar når det gjeld økonomi? Kva risikoar finst med tanke på lån/kreditt? Og kva må du gjere når du får brev frå namsmannen?

Her er det med andre ord mykje god kunnskap og nyttige tips å få med seg, til glede for din eigen økonomi.

Klikk her om du vil ta kurset og finne ut kva som skjer med økonomien til Ole.

Har du behov for nødhjelp eller hjelp til å finna mellombels bustad?

Ring vakttelefonen til NAV sosial på mob. 908 09 556 (vekedagar frå kl 09.00 – 14.00).

Inkluderingsdugnaden er eit felles samfunnsoppdrag for å få fleire i jobb.

Ta kontakt med NAV dersom verksemda di treng bistand i rekrutterings- og inkluderingsarbeidet.

Klikk her for meir informasjon frå NAV om dette.

Klikk her for å sjå kampanjefilmen.

NAV Arbeidslivssenter Vestland hjelper verksemder med å redusere sjukefråveret, styrke inkluderinga og betre arbeidsmiljøet.

Senter for Jobbmestring er knytta til NAV Arbeidslivssenter Vestland.

Spørsmål kan og rettast til NAV Arbeidsgjevartelefon 55 55 33 36

Andre som skal ha kontakt med NAV kan ringa 55 55 33 33

Klikk her for kontaktinfo: Kontakt NAV Arbeidslivssenter Vestland – nav.no