Bunke med papirer på eit kontor

Informasjon om kartleggingsverktøy Digital – TRAS

Frå 2021 vert alle barnehagar pålagt å kartlegge norskkunnskapane til barn. Ullensvang kommune har valt å nytta TRAS som kartlegging fram til det finst eit kartleggingsverktøy frå utdanningsdirektoratet.

Vi nyttar eit digitalt system for registrering av observasjonane, med moglegheit for å registrera på papir. Før vi kan nytta den digitale utgåva på det enkelte barn, treng vi eit samtykke frå føresette.

I Visma sin app Min barnehage, er det no lagt inn funksjonalitet for å gje samtykker. Vi vil derfor leggje inn Samtykke til bruk av digital TRAS der.

Det vil vera mogleg å logga inn i appen for å gje samtykke frå og med dato; 21. september 2020.

TRAS – Observasjon av språk i dagleg samspel – er eitt pedagogisk observasjonsverktøy som skal brukast til å observera språkutviklinga til barn. I tillegg skal det bidra til kompetanseutvikling blant dei barnehagetilsette ved at dei vert meir bevisst på kva framgangsmåtar, forklaringar og utfordringar som påverkar utviklinga til barn.

 

Korleis bruker vi materiellet?

I det pedagogiske arbeidet observerer vi barna dagleg i leik og aktivitetar. Gjennom desse observasjonane kan vi sjå om barna meistrar dei språklege evnene som skjemaet spør etter. Nokon gonger kan det ta tid og krev større innsats frå både personal og føresette, og kanskje er det naudsynt med hjelp og rettleiing frå logoped eller spesialpedagog (PPT).

Kvart TRAS skjema vert behandla konfidensielt, og det vert ikkje levert til andre utanfor barnehagen utan at føresette gjev løyve. Dette gjeld òg når barnet skal over i skulen.

Det er pedagogisk leiar som er ansvarleg for at barnet vert observert på ein god og rett måte. Føresette er viktige samarbeidspartnarar, der TRAS er ein naturleg del av foreldresamtalene. De kan ha gode innspel på det vi ser etter hos barnet, og er dei næraste til å stimulera barnet på ein god måte.

Opplysningane som vert registrerte i TRAS-skjemaet vil berre vera tilgjengelege for pedagogane til barnet, leiinga og barnets føresette.

Føresette kan til ei kvar tid krevja innsyn i TRAS skjema til sitt barn. Opplysningane vil verta sletta eitt år etter at barnet har slutta ved barnehagen.

Vi gjer oppmerksam på at eit slikt samtykke når som helst kan trekkast tilbake.