Utne barnehage

Aga barnehage

Avdelingar

  • Blåbærsteinen: 909 57 233
  • Tytebærtuo: 909 34 510

Opningstid: kl. 06.45 – 16.15

 

Om barnehagen

Aga barnehage held til i det gamle skulebygget på Syreflot (byggjefeltet på Aga). Barnehagen har ein småbarnsavdeling Tytebærtuo (Tuo) med plass til 12 barn (24 plassar) og ein storbarnsavdeling: Blåbærsteinen (Blå) med plass til 22 barn.

Vi har eit stort og spennande uteområde i Aga barnehage, med ein liten skog på området. I tillegg ligg Skotamyra like ved, med fleire kjekke leikeapperat og stor fotballbane. Barnehagen har saman med foreldra laga ein “naturplass” som heiter “Grisahola”. Her har vi ein fin plass med ei stor hole som vi kan spise i, her har vi bålpanne og vi gjer mange kjekke aktivitetar her. 

Ellers nyttar vi nærmiljøet mykje, Agatunet ligg nært, fjorden og fjøra er spennande og ligg like ved.

Vi jobbar med

I Aga barnehage har vi sidan 2012 hatt utviklingsarbeid med fokus på vaksenrolla i barnehagen. Vi har valt å bruke Kari Pape sin didaktiske modell “Fra plan til praksis”.

Hausten 2019 starta vi opp med utviklingsområde “Barnehagemiljø og krenkelser”, som er eit nettbasert kompetanseutviklingskurs som går over to år. 

Formålet med kurset er å utvikle kompetansen i barnehagen, personalet i barnehagen skal strekke seg mot følgende kollektive tilstand:

“I vår barnehage arbeider vi kontinuerlig og systematisk med å fremme et trygt og inkluderende barnehagemiljø, og med å oppdage, undersøke og forebygge alle former for krenkelser. Vi stopper krenkelser og følger opp med egnede tiltak helt til barna opplever at de har et trygt og inkluderende miljø.”  

Utne barnehage

Kjerneverdiar i Aga barnehage

Medverknad: 

  • Barna skal ha medverknad i forhold til alder og modenskap!
  • Dei vaksne skal legga tilrette for at barna deltek og er med på vurdering!
  • Barna skal ikkje få meir ansvar enn dei er rusta til!
  • Dei vaksne skal observera for å fanga opp dei ulike uttrykka og behova til barna!

Likeverd:

  • Tydlege, varme og grensesettande vaksne!
  • Vera inkluderande vaksne!
  • Dei vaksne tek barna på alvor!
  • Dei vaksne gir barna ein forutsigbar barnehagekvardag!

Anerkjenning:

  • Vise forståing for barna sitt ståstad!
  • Bekreftelse – eg godtek deg som du er! Bra nok!
  • Vise barna respekt ved å stille opne spørsmål!
  • Barna skal vera trygge og utvikla eit godt sjølvbilete!

Omsorg:

  • Gode relasjonar mellom barn – barn og barn – vaksen!
  • Barna skal vera trygge i barnehagen!
  • Dei vaksne skal sjå kvart enkelt barn!
  • Barna skal trivs i barnehagen!

Aga barnehage

Rogdabergvegen 2

5776 NÅ

Blåbærsteinen: 909 57 23 Tytebærtuo: 909 34 510

Trude Elisabeth Bakken

Styrar

trude.elisabeth.bakken@ullensvang.kommune.no

957 48 262/53 66 23 36