Folkemøte om Utvalde kulturlandskap i jordbruket

Ullensvang kommune v/landbruksavdelinga inviterer til folkemøter om Utvalde kulturlandskap i Ullensvang.

  • Hauso samfunnshus: tysdag 18.november kl. 18:00 - 20:00
  • Lofthus, Krossvoll: torsdag 20.november kl. 18:00 - 20:00

Kva er Utvalde kulturlandskap?

Kartutsnitt av kommunen og UKL område skravret på kart.  - Klikk for stort bileteKartutsnitt av UKL område

Utvalde kulturlandskap i jordbruket er ei samling av dei mest verdifulle kulturlandskapa i Noreg. Ullensvang vart innlemma i ordninga frå 2020 under tittelen “den nasjonale frukthagen” Ullensvang i Hardanger.

Korleis utvikla og synleggjere “den nasjonale frukthagen” Ullensvang?

Korleis skal me framheva kvaliteter i landskapet, dei historiske linjene og verdiar i fruktlandskapet? Kom med dine forslag til korleis me kan utvikla og gjera “den nasjonale frukthagen” til ein stolt og synleg del av Ullensvang!

Kom med dine tankar og idear på folkemøtet - alle generasjonar er velkomne!

Enkel servering.