Kommunestyret har i møte 17.09.2025 fatta følgjande vedtak i sak 071/25:
I medhald av plan- og bygningslova § 12 - 12 vedtek Ullensvang kommunestyre detaljreguleringsplan for Domusgaarden, planID 46182022007. Vedtak av detaljreguleringsplanen skal kunngjerast i samsvar med PBL § 12 - 12.
Det er mogleg å klaga til kommunen på dette vedtaket innan 22. oktober. Det er nok at klagen er postlagd innan fristen.
Klagen skal sendast skriftleg til kommunen, beskriv kva vedtak det blir klaga på, den eller dei endringar ein ønskjer, og grunngjeving for klagen. Dersom det blir klaga så seint at det kan vere uklart for oss om det er klaga i rett tid, ber vi om at det blir oppgjeve når denne meldinga kom fram.
Saksutgreiinga med vedtak frå Kommunestyret (PDF, 412 kB)
For alle plandokument