Kommunestyret har i møte 17.09.2025 09:00 fatta følgjande vedtak i sak 070/25:
I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 vedtek Ullensvang kommunestyre detaljreguleringsplan for Akkjerhaugen, planID 12272017002.
Det er mogleg å klaga til kommunen på dette vedtaket. Klagefristen er 3 veker rekna frå melding om vedtak publisert. Det er nok at klagen er postlagd innan fristen på 3 veker.
Klagefrist er sett til 23. oktober 2025
Klagen skal sendast skriftleg til kommunen som har fatta vedtaket, beskrive kva vedtak det blir klaga på, den eller dei endringar ein ønskjer, og grunngjeving for klagen. Dersom det blir klaga så seint at det kan vere uklart for oss om det er klaga i rett tid, ber vi om at det blir oppgjeve når denne meldinga kom fram.
Vedlegg til sak