Skare barnehage
Opningstid
- kl. 06.45 – 16.00
Skare barnehage - Ein magisk kvardag
Skare barnehage er ein to-avdelings barnehage med plass til i utgangspunktet 27 barn, men er i per i dag ein ein-avdelingsbarnehage. I januar\februar 2020 flyttar me inn i nytt bygg. Vi er stolte av å ha eit flott og funksjonelt barnehagebygg, som har mange gode pedagogiske grunntankar bak utforminga og val av material.
Vi ser kor viktig det er for dei yngste borna å ha ei lita trygg gruppe som dei veks sakta, men sikkert ut av og inn i den store gruppa. Begge avdelingar har tilpassa tilbodet til barnegruppa etter interesser, alder og modning.
Skare barnehage er oppteken av å nytta nærmiljøet og naturen i Skare til leik og læring. Vi ser viktigheita med å bli kjend med kulturen og tradisjonar lokalt i Skarekrinsen, samtidig som vi set stor pris på nye kulturar og mangfaldet som elles finst rundt oss.
Kontakt oss
Skare barnehage
Reinsnosvegen
5763 Skare
53 65 42 40
Skare barnehage arbeidar med barns medverknad og ein inkluderande kvardag gjennom ulike prosjektarbeid gjennom året. Prosjekta vi har kjem frå innspel og interesser vi observerar i barnegruppa. Skare barnehage har også fokus på bærekraftig utvikling, og det å nytta naturen som ressurs på ulike måtar. Vi reflekterar mykje saman med borna om små og store ting i livet- dette for å la borna få ytra seg, vi lyttar og saman lærer vi kvarandre å kjenna på ei likeverdig måte, vi visa borna at vi tek dei på alvor og at deira tankar om ulike store og små ting i livet har ein verdi for oss.
I ein magisk kverdag skal Skare barnehage ha ekstra fokus på eit inkluderande barnehagemiljø, tidleg innsats og utvikle oss som organisasjon, og det med hjelp av desse verdiane:
- Tryggleik
- Engasjement
- Likeverd
- Glede
Lov om barnehager (barnehageloven)
§4.Foreldreråd og samarbeidsutvalg
For å sikre samarbeidet med barnas hjem, skal hver barnehage ha et foreldreråd og et samarbeidsutvalg.
Foreldrerådet består av foreldrene/de foresatte til alle barna og skal fremme deres fellesinteresser og bidra til at samarbeidet mellom barnehagen og foreldregruppen skaper et godt barnehagemiljø. Er det i forskrift etter § 15 satt maksimalgrense for foreldrebetaling, kan bare foreldrerådet samtykke i foreldrebetaling ut over dette.
Samarbeidsutvalget skal være et rådgivende, kontaktskapende og samordnende organ. Samarbeidsutvalget består av foreldre/foresatte og ansatte i barnehagen, slik at hver gruppe er likt representert. Barnehagens eier kan delta etter eget ønske, men ikke med flere representanter enn hver av de andre gruppene.
Barnehageeieren skal sørge for at saker av viktighet forelegges foreldrerådet og samarbeidsutvalget.