Barn som sykklar. Foto.

Rabben barnehage

Avdelingar

  • Tornerose: mob. 901 27 166/ 901 76 851
  • Askeladden: mob. 900 71 523/ 468 20 732
  • Tommeliten: mob. 902 04 609
  • Smørbukk:mob. 482 84 095
  • Rødhette: mob. 901 66 821

Opningstider: kl. 06.45 – 16.00

 

Om barnehagen

Rabben barnehage er ein 5-avdelingsbarnehage med plass til 78 barn. Vi held til på Eide i Odda med 2 småbarnsavdelingar: ei 2-4 årsavdeling og 2 store avdelingar.  Avdelingane har tilpassa tilbodet til barnegruppa etter interesser, alder og modning. Barna skal oppleve tryggleik, trivsel, glede, leik, fellesskap, meistring og læring i barnehagen vår!

Vi jobbar med

“Være Sammen”- kompetanseløft i barnehagen. 

Fokus på medverkande barn, empatiutvikling og sosial kompetanse. Sosial kompetanse; hjelpe barna til å utvikle gode væremåtar, tileigne seg ferdigheter og få kunnskap om seg sjølv og andre. Sosial kompetanse handlar om korleis vi veks og utviklar oss, korleis vi har det inni oss, og korleis vi er mot andre. Autoritativ voksenrolle; Den voksne skal arbeide i ein dynamisk kombinasjon av varm relasjonsbygging til barnet og utøving av ei tydeleg voksenrolle når det gjeld å sette grenser og krav. Grenser og krav er ein viktig del av barns grunnleggande læringsprosess.

Kjerneverdiar

  • Autoritativ voksenrolle
  • Tidleg innsats
  • Kommunikasjon, perspektivtaking og samspel
  • Handtering og forståelse av utfordrande åtferd
  • Organisasjonsutvikling – implementering

Språk- og kommunikasjonsutvikling. Fokus på god språkstimulering i alle aldersgrupper i barnehagen. Tilrettelagt aktivitet i Språkgrupper. Fokus på kommunikasjonsferdigheter. Å arbeide systematisk med språk er ein god strategi for å skape relasjoner og oppnå positivt samspel mellom barna i samvær og leik.

Realfag i barnehagen. Fokus på den indrestyrte leiken, aktivitet og læring. Matematikk i kvardagen inne og ute; undring kring matematiske samanhengar. Styrking av språkutviklinga. Alle barn er naturleg nysgjerrige og interesserte i naturen rundt seg. Undre oss saman med barna og  stille opne spørsmål; “Korleis fann du ut at det er ein trekant?”

Vi brukar heile nærområdet vårt som ein del av barnehagetilbodet. Barnehagen har mange faste turplassar og område som vi brukar til leik, læring og kunnskapbygging om byen og naturen vår. 

Rabben barnehage

Rabben 1

5750 Odda

53 65 42 71

Anne Grethe Tveit Solberg

Styrar

anne.g.solberg@ullensvang.kommune.no

975 58 460/53 65 42 71