Barnehageplan – bygg, struktur og kapasitet (2020 – 2025)1.0 INNLEIING2.0 KAPASITET3.0 BEFOLKNINGSFRAMSKRIVING4.0 OPPVEKSTPLAN5.0 VEDLIKEHALD6.0 BARNEHAGEBYGG I ULLENSVANG KOMMUNE7.0 OPPSUMMERING

Barnehageplan – bygg, struktur og kapasitet (2020 – 2025)

1.0 INNLEIING

Denne planen er laga på bakgrunn av verbalforslag lagt fram i behandling av sak 031/19 – 19/180 Forslag til Årsbudsjett 2020 og Økonomiplan 2020 -2023.

Barnehageplan, verbalforslag: Ullensvang kommunestyre ber Rådmannen legga fram ein framtidsretta barnehageplan for kommunen inkludert avklaring for barnehagen i Eitrheimsvågen.

Planen skal seia noko om:

  • dagens barnehagebygg og kapasitet for barnehageplassar
  • behov for barnehageplassar på kort og lang sikt
  • avklaring for barnehagen i Eitrheimsvågen

 

Ansvaret til kommunen (§ 8 i lov om barnehagar):

Kommunen er lokal barnehagemyndighet. Kommunen skal gi veiledning og påse at barnehagene drives i samsvar med gjeldende regelverk. Kommunen har plikt til å tilby plass i barnehage til barn under opplæringspliktig alder som er bosatt i kommunen, jf. § 12 a. Utbyggingsmønster og driftsformer skal tilpasses lokale forhold og behov.

 

Illustrasjon av to barn som går hand i hand. Illustrasjon.

«Barnehagens organisering og strukturelle faktorers betydning for kvalitet», utført av IRIS (International Research Institute of Stavanger) på vegne av Kunnskapsdepartementet er anbefalingen at man bør satse på mellomstore barnehagar, forsiktig anslått til rundt 60 barn (IRIS -2011/029):

Slike barnehager kommer i det store og det hele godt ut på ulike indikatorer for strukturell kvalitet, slik som ansattes utdanningsnivå, oppfylling av pedagognormen, areal per barn, størrelse på barnegruppene, pedagogiske lederes tilstedeværelse i barnegruppene og antall barn den enkelte voksne forholder seg til i løpet av dagen. Mellomstore barnehager er store nok til å sikre faglig utvikling for de voksne, og små og oversiktlige nok til å ivareta trygge rammer for barn. De bevarer det som har vært den såkalte «nordiske barnehagemodellens» styrke, nemlig kollektive trygge rammer for barn, og tar inn over seg faglige nyvinninger og barns endrede posisjon i samfunnet og visà- vis voksne. En annen anbefaling er at man lar barnehagene selve velge organiseringsform, det vil si at valget springer ut av den enkelte barnehages pedagogiske plattform. Da er en kvalifisert gjetning at man vil se mer tradisjonell avdelingsdrift for de yngste barna, jf. deres behov for trygge rammer, i kombinasjon med mer fleksibel gruppeorganisering for de eldste.

 

2.0 KAPASITET

Ullensvang har ved kommunesamanslåing 01.01.2020 totalt 13 barnehagar. Desse er godt geografisk fordelt i kommunen og har pr. 20/4-2020 totalt 415 barn fordelt på 618 plassar der barn under tre år teljer for to plassar. Barnehagane har 136,7 årsverk fordelt på 163 ansatte.

Ved hovudopptak 2020 fekk alle barna tilbod om barnehageplass. Ullensvang kommune hadde ledige barnehageplassar etter hovudopptaket. Sjå tabell – kapasitet ved hovudopptak 2020 for oversikt. I Rabben barnehage og Hestavoll barnehage var det fleire søkjarar enn ledige plassar. Alle barn som søkte innan fristen har fått tilbod i ein barnehage, fire av desse 3. prioritet.

 

Barnehage – Kapasitet ved hovudopptak 2020

Barnehage Plassar Ledige plassar under 3 år Ledige plassar over 3 år
Barnehage Aga Plassar 36Ledige plassar under 3 år 2Ledige plassar over 3 år1
Barnehage Eidesåsen Plassar 36Ledige plassar under 3 år 0Ledige plassar over 3 år1,5
Barnehage Eitrheimsvågen Plassar 60Ledige plassar under 3 år 0Ledige plassar over 3 år3,5
Barnehage Hestavoll Plassar 60Ledige plassar under 3 år 0Ledige plassar over 3 år0
Barnehage Jondal Plassar 60Ledige plassar under 3 år 0 Ledige plassar over 3 år1
Barnehage Kinsarvik Plassar 60Ledige plassar under 3 år 0 Ledige plassar over 3 år1+2 1/2
Barnehage Rabben Plassar 96 Ledige plassar under 3 år 0 Ledige plassar over 3 år1
Barnehage Røldal Plassar 24 Ledige plassar under 3 år 1Ledige plassar over 3 år1
Barnehage SeksePlassar 36Ledige plassar under 3 år 0Ledige plassar over 3 år1
Barnehage SkarePlassar 36Ledige plassar under 3 år 1Ledige plassar over 3 år1,5
Barnehage Tyssedal Plassar 36Ledige plassar under 3 år 0Ledige plassar over 3 år3
Barnehage Utne Plassar 18Ledige plassar under 3 år 2Ledige plassar over 3 år1
Barnehage Veisane Plassar 54 Ledige plassar under 3 år 6 Ledige plassar over 3 år5

Ledige plassar over 3 år kan i enkelte barnehagar gjerast om til ledige småbarnsplassar.

Tabellen over kapasitet viser at det etter hovudopptak var ledige plassar både for barn over tre år og barn under tre år. Oversikt over ledige plassar er ikkje statisk. Plassane vert gradvis fylt opp med barn utover året etterkvart som det kjem inn nye søknadar.

Behov for barnehgeplassar gjennom året kan ha ulike årsakar. Ullensvang kommune har mellom anna avtale med IMDI om busetting av flyktningar. For å innfri lovkravet til tenestar til denne gruppa er det behov for barnehageplassar gjennom året.

Behov for barnehageplassar kan og bli påvirka av aktørar utanfrå. Som døme fekk Ullensvang kommunen, i januar 2020, førespurnad frå Norconsult om barnehagekapasiteten i dag og på lengre sikt for barnehagane Hestavoll og Rabben. Dette fordi dei arbeider med ein detaljreguleringsplan for del av Smelteverkstomta der det skal innpassast ca 26 nye, 2-3 roms bustadar.

 

3.0 BEFOLKNINGSFRAMSKRIVING

Befolkningsframskrivinga viser at i løpet av dei neste 20 åra vil talet på barn i alderen 0-5 år vera stabilt. Me har her nytta hovudalternativet som er det SSB brukar. SSB sine folketalsframskrivingar legg seg på ein positiv vekst. Dei framtidsretta barnetala og behov på bakgrunn av desse gjer at Ullensvang kommune kan oppretthalda barnehagestrukturen slik han er i dag. Barnehagane er dimensjonert til å ta imot alle barn framover og barnehageplanen vil bygga på dette. Ullensvang kommune har byggmasse til å ta imot enda fleire barn. Kinsarvik, Sekse, Eitrheim, og Jondal barnehage har alle areal til å ta imot fleire barn. Bakgrunn for kapasitet pr dd er budsjett, norm for tal tilsette pr barn og norm for tal pedagogar.

Hovudalternativ SSB: Befolkningsframskriving 0-5 år fram til 2040Hovudalternativ SSB: Befolkningsframskriving 0-5 år fram til 2040

4.0 OPPVEKSTPLAN

Det er utarbeidd ein oppvekstplan som seier kva barnehagane og dei andre verksemdene i oppvekst og utdanning skal arbeida med i fellesskap. Oppvekstplanen synleggjer mål og arbeidsmetodikk for dei ulike verksemdene, men det er og rom for individuelle tilpassingar.

Betre Tverrfagleg innsats (BTI) er eit felles satsingsområde i oppvekst og utdanning. Eit godt tverrfagleg samarbeid er med på å byggja eit godt lag rundt barna og elevane. Verksemdene må i planperioden auka kompetansen på BTI ved systematisk arbeid over tid.

Barnehagane vil framover nytta Udir sin kompetanseutvikling “Inkluderande barnehage og skulemiljø.” Kommunen har og ein barnehage som nyttar regional kompetanseheving i dette arbeidet, og ein barnehage skal starte opp. Opplæringa skal mellom anna bidra til å auka dei vaksne sin kompetanse i å førebyggja, avdekka og handtera mobbing i barnehagen.

 

5.0 VEDLIKEHALD

Små budsjett avsett til vedlikehald av barnehagebygg har ført til at standarden gradvis har vorte dårlegare/forringa på grunn av slitasje. Fleire av barnehagane er prega av slitasje og dårleg vedlikehald av bygg og uteplass.

Prioritering av kva arbeid som skal gjerast til ei kvar tid bør gjerast i samarbeid mellom verksemdsleiar, kommunalsjef oppvekst og utdanning og Bygg og eigedom.

Bygga treng oppgradering i form av oppussing og tilrettelegging i forhold til dagens krav. Slik det Et baer no mangle ein del av barnehagane godkjenning i høve til HMT (helse, miljø og tryggleik) eller driv på dispensasjon frå godkjenning frå kommunen på grunn av avvik/manglar når det gjeld krav til HMT.

MHV (Miljøretta Helsevern) gjennomførte sist tilsyn i 2014 i Ullensvang herad og 2016 i Odda kommune. Dette vil si at det ikkje er gjennomført ny godkjenning etter at avvik er utbetra i barnehagane, slik at tala kan være litt misvisande.

Eitrheimsvågen barnehage har i ettertid blant anna hatt utbetringar på ventilasjonsanlegg, det er montert radonvifte og nytt kjøkken er på plass.

6.0 BARNEHAGEBYGG I ULLENSVANG KOMMUNE

  • Bygd i: 1988
  • 36 plassar og 24 barn i bhg året 2019/2020
  • Leike- og oppholdsareal per barn: 6.3 m², totalt: 152 m²

 

Status bygg (manglar/behov)

  • Nytt golvbelegg på Blåbærstien
  • Nye vindauger i 2 etg
  • Soppmåling i gymsal og kjellar

 

Status uteleikeplass (manglar/behov)

  • Fjerne og erstatte leikeaparat – under arbeid
  • Skur til bosspann og strøkasse

 

Barnehagen sine fokusområder

Medverknad:

  • Barna skal ha medverknad i forhold til alder og modenskap!
  • Dei vaksne skal legga tilrette for at barna deltek og er med på vurdering!
  • Barna skal ikkje få meir ansvar enn dei er rusta til!
  • Dei vaksne skal observera for å fanga opp dei ulike uttrykka og behova til barna!

Likeverd:

  • Tydlege, varme og grensesettande vaksne!
  • Vera inkluderande vaksne!
  • Dei vaksne tek barna på alvor!
  • Dei vaksne gir barna ein forutsigbar barnehagekvardag!
  • Anerkjenning:
  • Vise forståing for barna sitt ståstad!
    Bekreftelse – eg godtek deg som du er! Bra nok!
  • Vise barna respekt ved å stille opne spørsmål!
  • Barna skal vera trygge og utvikla eit godt sjølvbilete!

Omsorg:

  • Gode relasjonar mellom barn – barn og barn – vaksen!
  • Barna skal vera trygge i barnehagen!
  • Dei vaksne skal sjå kvart enkelt barn!
  • Barna skal trivs i barnehagen!

 

Kompetansar (Henta frå barnehagefakta.no. Tala er lagt inn 15.12.19)

  • Barnehagelærar 41,7%
  • Barne- og ungdomsarbeidar 45,8%
  • Anna bakgrunn 12,5%

 

Anna

  • Behov for utbetring inngangsparti
  • Bygd i : 1991
  • 36 plassar og 27 barn i bhg året 2019/2020
  • Leike- og oppholdsareal per barn: 5 m², totalt: 134 m²

 

Status bygg (manglar/behov)

  • Nytt golvbelegg
  • Nye takrenner
  • Ny kjøkkeninnredning
  • Ny baderomsinnredning
  • Nye vindaug i garderobe (avd Furu)
  • Generelt vedlikehald

 

Status uteleikeplass (manglar/behov)

  • Generelt vedlikehald
  • Behov for innramming av sandbasseng rundt leikeapparat
  • Utbetring av gjerde
  • Overbygg på deler av sandbasseng.

 

Barnehagen sine fokusområder

Våre verdier bygger på respekt, mangfold, likeverd og likestilling. Dette gjør vi gjennom at vi legger til rette for et demokratisk fellesskap der barna får oppleve at det finnes mange måter å tenke på, handle, og leve på. Vi anerkjenner og ivaretar barndommens egenverdi gjennom respekt og anerkjennelse.

Vi legger til rette for trivsel, livsglede, mestring og følelse av egenverd og forebygger krenkelse og mobbing. Barna blir støttet i å mestre motgang, håndtere utfordringer og bli kjent med egne og andres følelser. Barna skal lære seg å ta vare på seg selv, hverandre men også naturen. De skal få et grunnlag til å tenke kritisk, handle etisk og vise solidaritet.

Kompetanser (Henta frå barnehagefakta.no. Tala er lagt inn 15.12.19)

  • Barnehagelærar 50%
  • Barne- og ungdomsarbeidar 33,3%
  • Anna bakgrunn 16,7%

Anna

  • Behov for oppgradering/påbygg Eidesåsen:
  • Spes ped/terapi rom/grupperom
  • Utvide uteområdet
  • Bygd i :  1971/1986
  • 60 plassar og 48 barn i bhg året 2019/2020
  • Leike- og oppholdsareal: per barn: 5,3 m², totalt: 254 m²

 

Status bygg (manglar/behov)

  • Sikring av dører – klemfare
  • Ny kjøkkeninnredning
  • Stellerom avdeling Blåklokke
  • Støydemping på gamlebygget mellom rom men også yttervegg/vindauge.

 

Status uteleikeplass (manglar/behov)

Barnehagen er ras sikret med et wirenettgjerde i hele lengden, med en styrke på 500 kJ
Har fått nytt gjerde rundt barnehagen (2020)

 

Barnehagen sine fokusområder

Vi jobbar med

Kultur og kreativitet, der musikk og drama har ein sentral plass. Språkmiljø, samarbeid og inkludering er sentralt hos oss. Barnehagen har samarbeid med fleire kulturarenaer og institusjoner i nærmiljøet.

Kjerneverdiar

Barnehagen har eit kompetent personale som arbeider systematisk i henhold til:

  • Tidleg innsats
  • Språkutvikling
  • Kommunikasjon og samspel
  • Inkluderande barnehagemiljø
  • Implementering og organisasjonsutvikling

 

Kompetanser (Henta frå barnehagefakta.no. Tala er lagt inn 15.12.19)

  • Barnehagelærar 49%
  • Barne- og ungdomsarbeidar 9,8%
  • Anna bakgrunn 41%

 

Anna

Ikkje hensiktsmessig bygg med tanke på det som er skissert i reelt behov for rom:

  • Personalgarderobe
  • Møterom
  • Kontorarbeidsplass pedagogar
  • Spes ped/terapi rom/grupperom
  • Lagerrom
  • Vaskerom reinhald
  • Tilfredsstillande grovgarderobe for barna
  • Størrelsen på kjøkken

Ut i frå venteliste, så er Hestavoll en populær barnehage.

  • Bygd i : 1995
  • 60 plassar og 48 barn i bhg året 2020/2021*
  • Leike- og oppholdsareal: per barn: 6,5 m², totalt: 312 m²*

 

Status bygg (manglar/behov)

  • Skifte pakningar på vindauge i hovudbygget
  • Ventilasjonsanlegg
  • Klang i mange rom/støydemping
  • Opprusting av innvendige vegger og vindauge
  • 2 dører mellom småbarnsavdeling
  • Våtromsplate på kjøkken

 

Status uteleikeplass (manglar/behov)

  • Måling av leikeskur
  • Nytt gjerde mot kulturskulebygget

 

Barnehagen sine fokusområder

Vi jobbar med:

Eit stort utviklingsprosjekt om “Inkluderande skule- og barnehagemiljø etter “Vera Saman” prinsippa. Me ønskjer å laga gode kvardagar for små og store i barnehagen gjennom relasjonsbygging ved å la dei daglege aktivitetane få nok tid og rom. Leik og vennskap – Gjera kvaliteten i samspelet mellom oss best mogleg.

 

Kompetanser (Henta frå barnehagefakta.no. Tala er lagt inn 15.12.19)

  • Barnehagelærar 19,7%
  • Tilsvarande barnehagelærar 0,7%
  • Barne- og ungdomsarbeidar 7%
  • Anna bakgrunn 46,5

 

Anna

  • Mangle spes ped rom
  • Garderobeplassar til personal
  • Vognhus
  • Drifte i større areal krever to nye rømningsvegar frå 2. etg

 

(*) Tala rapportert inn i BASIL stemmer ikkje. Derfor endra til tala i driftsåret 2020/2021

  • Bygd i : 2016
  • 60 plassar og 42 barn i bhg året 2019/2020
  • Leike- og oppholdsareal: per barn: 9.3 m², totalt: 354,2 m²

 

Status bygg (manglar/behov)

  • Sikring av dør til personalinngang
  • Oppkobling av brannvakt mot Bergen
  • Montere dørpumper (8stk) på ytterdørene

 

Status uteleikeplass (manglar/behov)

 

Barnehagen sine fokusområder

Barnehagen har sidan hausten 2018 jobba med “Mitt val” som er eit program i sosial og emosjonell kompetanse.

Viktige tema her er:

  • Å skapa eit godt miljø
  • Å ta vare på kvarandre
  • Å forstå eigne og andre sine kjensler
  • Å arbeida saman

Dette har me så implementert vidare inn i læringsmiljøprosjetet til UDIR, “Barnehagemiljø og krenkelser” som er eit kompetansehevingsprogram for personalet. Her er målet å arbeida kontinuerleg og systematisk med å fremja eit trygt og inkluderande barnehagemiljø, og med oppdaga, undersøkja og førebygga alle former for krenkingar.

Visjon: Ein god plass å vera, ein god plass å læra.

Me ynskjer at alle born skal oppleva den gode barndom. Me har som mål å skapa eit inkluderande miljø der alle born opplev felleskap, glede og meistring uansett bakgrunn.

Kjerneverdiar

  • Eit godt læringsmiljø
  • Berekraftig utvikling
  • Mangfald og respekt
  • Livsmeistring og helse

 

Kompetanser (Henta frå barnehagefakta.no. Tala er lagt inn 15.12.19)

  • Barnehagelærar 43,8%
  • Anna pedagogisk utdanning 10,4%
  • Barne- og ungdomsarbeidar 10,4%
  • Anna bakgrunn 35,4

 

Anna

  • Bygd i : 2010
  • 96 plassar og 73 barn i bhg året 2019/2020
  • Leike- og oppholdsareal: per barn: 5,4 m², totalt: 392,6 m²

 

Status bygg (manglar/behov)

  • Måling utvendig

 

Status uteleikeplass (manglar/behov)

  • Drenering av uteområde
  • Påfyll sand i sandkasser
  • Fallsand ved disser
  • Hovedporten må vurderast ein utbetring på
  • Manglar generelt leikeplassutstyr (nytt klatrestativ)

 

Barnehagen sine fokusområder

Vi jobbar med:

“Være Sammen”- kompetanseløft i barnehagen.
Fokus på medverkande barn, empatiutvikling og sosial kompetanse.

Kjerneverdiar:

  • Autoritativ voksenrolle
  • Tidleg innsats
  • Kommunikasjon, perspektivtaking og samspel
  • Handtering og forståelse av utfordrande åtferd
  • Organisasjonsutvikling – implementering

Språk- og kommunikasjonsutvikling. Fokus på god språkstimulering i alle aldersgrupper i barnehagen.

Realfag i barnehagen. Fokus på den indrestyrte leiken, aktivitet og læring. Matematikk i kvardagen inne og ute.

Vi brukar heile nærområdet vårt som ein del av barnehagetilbodet.

 

Kompetanser (Henta frå barnehagefakta.no. Tala er lagt inn 15.12.19)

  • Barnehagelærar 41%
  • Barne- og ungdomsarbeidar 32%
  • Anna høgare utdanning 3,6
  • Anna fagutdanning 3%
  • Anna bakgrunn 20,6%

 

Anna

  • Bygd i : 1987
  • 24 plassar og 16 barn i bhg året 2019/2020
  • Leike- og oppholdsareal: per barn: 8,3 m², totalt: 132,5 m²

 

Status bygg (manglar/behov)

  • Gulvvarme i storarommet og på Jasen
  • Klemsikker ingangsdør
  • Trekkfull ingangsdør og vindaug
  • Varmeskap og kjøkkenvifte går rett i ventilasjonsanlegg
  • Nytt golvbelegg og nytt kjøkken
  • Oppgradering av belysinga i heile barnehagen er dårleg
  • Lydisolering av pauserom

 

Status uteleikeplass (manglar/behov)

  • Utbetring av uteområdet
  • Manglar generelt leikeplassutstyr, har noko nytt i 2020
  • Hovudporten må vurderast ein utbetring på

 

Barnehagen sine fokusområder

Visjonen vår er at barnehagen skal væra: “Ein trygg plass å væra, ein god plass å læra”

Vi jobbar med

Kultur og naturbarnehage: Vi ønskjer å gjere barna kjende med bygda, videreformidle kulturen og gje barna kunnskaper om naturen i barnas nærområdet.

Være sammen: Den vaksne går saman med barnet og rettleier og viser veg i ein god barndom og ein trygg oppvekst. Kunnskap og læring saman med god sosialkompetanse skal gje barnet ein god start i livet.

Realfag: Gjennom arbeid med realfag ønsker vi å skapa undrande og utforskande barn.

 

Kompetanse (Henta frå barnehagefakta.no. Tala er lagt inn 15.12.19)

  • Barnehagelærar 50%
  • Barne- og ungdomsarbeidar 35%
  • Anna bakgrunn 15%

 

Anna

Drifter i leigd bygg

Manglar:

  • Møterom, personalgarderobe og kontorarbeidsplassar til pedagogar
  • Spes ped rom og soverom for barn
  • Bygd i : 1966/1997. Ombygd til barnehage/SFO i 2013
  • 36 plassar og 28 barn i bhg året 2019/2020
  • Leike- og oppholdsareal: per barn: 9,4 m², totalt: 271,8 m²

 

Status bygg (manglar/behov)

  • Nye varmekilder i rom med panelovn
  • Støydemping soverom (grøn avd)
  • Måling utvendig
  • Måling av vindauge inne
  • Nye dører inne
  • Nye vindauge

 

Status uteleikeplass (manglar/behov)

  • Ny leikeplass i 2018

 

Barnehagen sine fokusområder

Me jobbar med
Eit trygt og godt barnehagemiljø fritt for mobbing og krenkelsar

Kjerneverdiar
Anerkjennelse: Alle opplever å verta sett og høyrt og kjenner seg verdifulle i fellesskapet

Trygghet: Me arbeider kontinuerlig og systematisk med å fremja eit trygt og godt barnehagemiljø, og med å oppdaga, undersøka og førebygga alle former for krenkelsar. Me stopper krenkelsar og følger opp med eigna tiltak heilt til barna opplever at dei har eit trygt og inkluderande miljø.

Meistringsglede: Me tilrettelegg for at alle kjenner meistring, og deler glede over eigen og andre si meistring
Omsorg: Me møter kvarandre med varme og omsorg, ser og møter ulike behov, rettleiier og set grenser for oss sjølv og kvarandre.

 

Kompetanser (Henta frå barnehagefakta.no. Tala er lagt inn 15.12.19)

  • Barnehagelærar 48,4%
  • Barne- og ungdomsarbeidar 12,9%
  • Anna høgare utdanning 16%
  • Anna bakgrunn 23%

 

Anna

Behov for

  • Rom til opplæring ved spesialpedagog (dele av soverom)
  • Bygd i : 2019
  • 36 plassar og 27 barn i bhg året 2019/2020
  • Leike- og oppholdsareal: per barn: 5,1 m², totalt: 116,5 m²

 

Status bygg (manglar/behov)

  • Solskjerming på deler av bygg
  • Støyskjerming i verksted/kjøkken

 

Status uteleikeplass (manglar/behov)

  • Endring av inngjerding av uteleikeplass
  • Barnehagen sine fokusområder

 

Vi jobbar med

Skare barnehage arbeidar med barns medverknad og sosial kompetanse gjennom ulike prosjektarbeid gjennom året. Skare barnehage har også fokus på bærekraftig utvikling, og det å nytta naturen som ressurs på ulike måtar.
HMS er også noko som er viktig for oss å ha fokus på.

Skare barnehage arbeidar kvar dag med:

  • Tidleg innsats
  • Sosial kompetanse
  • Implementering og organisasjonsutvikling

For at borna skal ha forutsetningar for god utvikling av heile “seg” må det liggja gode sosiale relasjonar og god sosial kompetanse i grunn. Difor arbeidar vi kontinuerlig med dette på individnivå og gruppenivå.

Skare barnehage er oppteken av å væra i utvikling og arbeidar heile tida med organisasjonsutvikling ved å nytta møter og planleggjingsdagar til tema som er aktuelt for personalgruppa å ta fatt i, slik at barna og personalet opplev mestring og ivaretaking i kvardagen.

 

Kompetanser (Henta frå barnehagefakta.no. Tala er lagt inn 15.12.19)

  • Barnehagelærar 50%
  • Barne- og ungdomsarbeidar 33,3%
  • Anna bakgrunn 16,7%

 

Anna

  • Må ha kommunal godkjenning og HMT
  • Bygd i : 1991
  • 36 plassar og 24 barn i bhg året 2019/2020
  • Leike- og oppholdsareal: per barn: 7,1 m², totalt: 149,8 m²

 

Status bygg (manglar/behov)

  • Måling av bygg
  • Nytt golvbelegg – begge avdelingane
  • Ny benkeplate på kjøkken

 

Status uteleikeplass (manglar/behov)

  • Nytt gjerde rundt dissene
  • Påfyll fallsand under dissene
  • Fylle i to dype dammer
  • Leikeplass utstyr

 

Barnehagen sine fokusområder

Vi jobbar med

  • Inkludering, sosial kompetanse og vaksenrolla gjennom “Være sammen” – kompetanseløft i barnehagen. Med fokus på varme og grensesettende voksne som legg til rette for eit godt psykososialt miljø i barnegruppa og for enkeltbarnet.
  • Fokus på førebygging og tidleg innsats gjennom bruk av BTI modellen.
  • Realfag – Aktivt deltakande vaksne i barna si undring, meistring og læring innanfor realfag i barnehagen.

Kjerneverdiar

  • Relasjonsbygging
  • Fellesskap og inkludering
  • Førebygging og tidleg innsats
  • Undring og meistring innanfor realfag
  • Kvalitetsutvikling og kompetanseutvikling

 

Kompetanser (Henta frå barnehagefakta.no. Tala er lagt inn 15.12.19)

  • Barnehagelærar 53,5%
  • Barne- og ungdomsarbeidar 17,9%
  • Anna bakgrunn 28,6%

 

Anna

Behov for flere rom:

  • Møterom
  • Kontorarbeidsplass pedagogar
  • Bygd i : 1992
  • 18 plassar og 15 barn i bhg året 2019/2020
  • Leike- og oppholdsareal: per barn: 8,9 m², totalt: 143 m²

 

Status bygg (manglar/behov)

  • Nytt kjøkken
  • Nytt golv i deler av barnehagen
  • Måle inne

 

Status uteleikeplass (manglar/behov)

  • Skur til bossdunkar

 

Barnehagen sine fokusområder

Me jobbar med

Utne barnehage har i fleire år jobba med vaksenrolla i leiken. Barnehagen nyttar praksisforteljingar for å fremja refleksjon og til pedagogisk dokumentasjon.

Frå hausten 2019 er Utne barnehage med på eit to-årig prosjekt om barnehagemiljø og krenkingar (inkluderande barnehagemiljø).

Kjerneverdiar

  • Aktive tilstadeverande vaksne
  • Språkutvikling
  • Berekraftig utvikling
  • Natur og miljø
  • Tverrfagleg arbeid
  • Omsorg
  • Leiken er det aller viktigaste for oss
  • Medverknad

Utne barnehage har dei siste åra hatt stort fokus på ei berekraftig utvikling og eit berekraftig samfunn.

Språkutvikling er og noko me har retta fokus på, me ser at det er avgjerande for sosial kompetanse, og det å kunne vera i leik, at ein har eit godt språk. Her jobbar barnehagen førebyggjande med fokus på lesing, språkgrupper og på at dei vaksne er gode rollemodeller.

 

Kompetanser (Henta frå barnehagefakta.no. Tala er lagt inn 15.12.19)

  • Barnehagelærar 37,5%
  • Barne- og ungdomsarbeidar 20,8%
  • Anna bakgrunn 41,7%

 

Anna

Behov for flere rom:

  • Møterom
  • Kontorarbeidsplass pedagogar
  • Anna arbeidsplass
  • Bygd i : 1994
  • 54 plassar og 36 barn i bhg året 2019/2020
  • Leike- og oppholdsareal: per barn: 5,7 m², totalt: 177 m²

 

Status bygg (manglar/behov)

  • Måling utvendig
  • Nytt golvbelegg
  • Råteskadar på panel utvendig
  • Behov for støydemping
  • Museband rundt heile bygget.

 

Status uteleikeplass (manglar/behov)

  • Reparere/bytte gjerde og nytt for å dela uteområdet
  • Utbetring/ny port ved inngang
  • Utelys med tidsur

 

Barnehagen sine fokusområder

Me jobbar med

Me ynskjer at kvart einskild barn skal oppleva seg sjølv som god nok som dei er, at dei har tru på seg sjølv og eigne evne, og har lyst til å utvikla desse. Me har fokus på kvalitet i møtet mellom menneske, både når det gjeld barn, foreldre og personale.

Styringsmål

  • vaksne som er aktive, sensitive, tydelege, varme og rettleiiande
  • inkluderande læringsmiljø som ivaretar mangfaldet
  • alle er verdifulle og betydningsfulle for fellesskapet
  • eit godt miljø for språk, leik læring og utvikling
  • ein lærande barnehage for barn og vaksne

Satsingsområde

  • Tidleg innsats
  • Barnehagemiljø utan mobbing og anna krenking
  • Læringsmiljø som fremjar og tek i vare leik og positivt samspel
  • Kommunikasjon og samspel
  • Lærande organisasjon

 

Kompetanser (Henta frå barnehagefakta.no. Tala er lagt inn 15.12.19)

  • Barnehagelærar 43,4%
  • Barne- og ungdomsarbeidar 20,2%
  • Anna bakgrunn 36,4%

 

Anna

Barnehagen treng godkjenning frå HMT

Behov for flere rom:

  • Møterom, kontorarbeidsplass pedagogar, anna arbeidsplass, personalgarderobe.
  • Soverom og større garderobar til barna
  • Lager og sykkelskur

7.0 OPPSUMMERING

Vedlikehald

Aga, Eidesåsen, Eitrheimsvågen, Hestavoll, Jondal, Røldal, Sekse, Tyssedal, Utne, og Veisane barnehagar har vedlikehaldsetterslep. Små budsjett avsett til vedlikehald av barnehagebygg har ført til at standarden gradvis har vorte dårlegare på grunn av slitasje.

Rabben, Kinsarvik og Skare barnehage har bygg av nyare dato, men det bør setjast av midlar til vedlikehald av både gamle og nye bygg. Manglande vedlikehald på nybygg fører til raskt forfall.

Prioritering av kva arbeid som bør gjerast til kva tid skjer i samarbeid mellom verksemdsleiar, oppvekstsjef og Byggdrift.

 

Oppgradering av eksisterande bygg

Behov for oppgradering/påbygg i Tyssedal, Eidesåsen, Eitrheimsvågen, Utne, Veisane, Hestavoll, Røldal og Jondal barnehagar.

Behova til barnehagebygg har endra seg sidan dei vart sett opp. Barnehagane verkar tronge og manglar eller har dårleg kapasitet i forhold til nokre funksjonar.

Behovet er stort for å få auka garderobekapasitet for barn og personale. Barna er mykje ute og har eit stort behov for klede til ulike formål, gjerne med fleire skift. I dag er garderobane tronge og overfylte og lite eigna til formålet. Personalet har òg behov for garderobeplassar.

Større lagerplass til oppbevaring er og nødvendig. I dag har barnehagane små rom til oppbevaring av materiell og utstyr.

Arbeidstidsavtalen for pedagogisk personale krev at arbeidsgjevar må legga til rette for kontorarbeidsplassar. Alle pedagogane har digitale verktøy, men ikkje alle har tilgang til kontorarbeidsplass, og skap til oppbevaring av materiell og utstyr.

Barnehagane har ikkje eigna rom til spesialpedagogisk arbeid med enkeltbarn.

 

Nybygg

Rabben, Kinsarvik og Skare barnehagar driftar i nye bygg.

  • Rabben 2010
  • Kinsarvik 2016
  • Skare 2019

 

Vurdering av behov for nybygg.
Eitrheimsvågen barnehage består av to bygg. Eitrheimsbygget som vart sett opp i 1987 med to avdelingar og påbygget som var klart i 1988. Vågateigbygget vart bygd i 1991. Barnehagane vart i 1999 slått saman til Eitrheimsvågen barnehage.

Eitrheimsvågen barnehage har areal til seks avdelingar. Barnetalet har gått jevnt nedover i kommunen og Eitrheimsvågen barnehage driftar no med tre avdelingar, 44 barn på 60 plassar. Dei driftar i begge husa. Vågateigbygget har areal til to avdelingar og Eitrheimshuset har areal til fire avdelingar. Det hadde vore formålstenleg å ha alle samla under eit tak, men det er Vågateigbygget som er i best stand og det tar baallre to avdelingar.

Vågateigbygget framstår som dei andre barnehagebygga i kommunen som vart bygd rundt 1985 – 1995, men det er setningsskadar i bygget.

Eitrheimsbygget treng generelt vedlikehald, bygget sig, veggar sklir ut, golv er skeive og dører kan ikkje lukkast att. Det er og problem med å halda romma varme om vinteren når det er kaldt. Eitrheimsbygget fekk ny kjøkkeninnredning i 2019. Bygget har og hatt utbetringar på ventilasjonsanlegg i 2010 og det er montert radonvifte, men det er problem med temperatur i romma.

Barnehagetomta er i gjeldande reguleringsplan (vedteke kommunestyre 18.09. 2019) regulert til offentleg føremål, barnehage. Føremålet er vidareført og arealet er utvida utover eksisterande bruksområde i retning mot friområdet og Eitrheimsvegen. Barnehagebruksplanen legg til grunn at barnehagen er dimensjonert for 82 barn fordelt på seks avdelingar.

Det er sett krav om at ved planlegging av barnehagen og uteområde skal forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skule følgjast for å sikre brukarane mot forureining, støy, trafikkfare og anna helsefare. Ved opparbeiding av uteopphaldsareal og leikeareal skal det nyttast materialbruk som er drifts- og vedlikeholdsvennlig.
Hestavoll barnehage består av to bygg. Eit bygd i 1971 og eit bygd i 1986. Bygget frå 1971 er ikkje formålstenleg med tanke på det som er standard for bygg i 2020.

Hestavoll barnehage driftar med tre avdelingar, 48 barn på 60 plassar. Barnehageplassar i Hestavoll barnehage er alltid etterspurd. Barnehagen er aktuell for både dei som arbeid i sentrum og dei som bur i nærleiken. Fleire punkter i barnehageplanen peikar på behov for ein barnehage i sentrum; søkjartal, venteliste, og førespurnad frå Norconsult.

Barnehagen treng utbedring på følgjande punkt:

  • auka garderobekapasitet for barn og personale
  • større lagerplass
  • kontorarbeidsplassar til pedagogisk personale
  • større kjøkken (ca 8 m2 noverande)
  • lydisolering inne og utvfråendig (Lyd bær gjennom lettveggar, ventilasjon, ytterveggar, og vindaug)
  • barnehagen er svært slitt. Slitte vindaugskarmer, slitte dører (jf rapport etter tilsyn Miljøretta helsevern 2.mai 2016)

Ein ny Hestavoll barnehage kan byggast på eksisterande tomt, dersom han blir klarert for utbygging inn i Hestavoll parken, eller det kan byggast ny barnehage med to etasjer. Det er eit ynskje frå samarbeidsutvalet at ein vurder å bygga i bredda framfor i høgda dersom Hestavollparken kan nyttast til utbygging.

Det kan vera fleire utfordringar med nybygg på dagens tomt. Barnehagen ligg i dag i kartlagt skredfaresone, men det er i seinare tid gjort sikringstiltak i området over barnehagen. Skal ein vurdera ny barnehage inn i Hestavollparken må ein ha inn geolog og få ein ny faresonekartlegging.

Området er regulert til offentleg friområde i dag, så ny reguleringsplan må og på plass. Det vil bli sett krav om at ved planlegging av ny barnehage og uteområde skal forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skule følgjast for å sikre brukarane mot forureining, støy, trafikkfare og anna helsefare. Ved opparbeiding av uteopphaldsareal og leikeareal skal det nyttast materialbruk som er drifts- og vedlikehaldsvenleg.

Ein ny barnehage må byggast med fleksible løysingar for raskt å kunna endra talet på plassar.

 

FAGLEG VURDERING

Befolkningsframskrivinga viser at i løpet av dei neste 20 åra vil talet på barn i alderen 0-5 år vera stabilt. Dei framtidsretta barnetala og behov på bakgrunn av desse gjer at Ullensvang kommune kan oppretthalda barnehagestrukturen slik han er i dag.

Barnehagane er dimensjonerte til å ta imot barna framover om tala held seg stabilt. Ullensvang kommune har og byggmasse til å ta i mot enda fleire barn. Kinsarvik, Sekse, Eitrheim og Jondal barnehage har alle areal til å ta imot fleire barn. Bakgrunnen for kapasiteten pr dd er budsjettet, norm for antall tilsette pr barn og norm for antall pedagogar.

Illustrasjon av eng i blåtonar. Illustrasjon.