Møteprotokoll: Partsamansett utval Ullensvang kommune 07.11.17

Samling og møte for fellesnemnda for Jondal, Ullensvang og Odda, Norheimsund 16. og 17.11.2017

Har du faktura til samanslåingsprosjektet?

Ullensvang herad fører rekneskapen for kommunesamanslåinga.

Faktura skal difor sendast til Ullensvang herad

 

Org.nr: 967 964 903

Fakturaadresse:

Ullensvang herad
Fakturamottak
Sandvikevegen 11
5780 Kinsarvik

Alle faktura som gjeld kommunesamanslåinga skal merkast med 1100

Me ynskjer at leverandørane sender elektronisk faktura på EHF-format

Kommuneleiarane syng!

Leiarar frå alle dei tre kommunane var samla på Ullensvang hotell i to dagar. Kvifor det? Det vert rar identitet saman med folk du ikkje kjenner. Samhandling skapar kultur, og kultur vert til identitet. Difor vart vi aktivisert av proffe inspiratorar. Her kan de sjå ein liten stemningsrapport frå samlinga. Allsong lovar bra 🙂

Kommunane samla til seminar 20. – 21. september.

Leiarane i dei tre kommunane Odda, Jondal og Ullensvang var samla til seminar om kultur og identitet på Hotel Ullensvang.

Samlinga vart leidd av Monica Rydland og Harald Engesæth frå Noregs Høgskulen til Handel. Korleis hengjer kultur saman med identitet? Kven er VI? Kven er DEI? Kven vert det nye VI?

Her kan de høyra nokon av dei tankane seminarleiarane sat igjen med etter møtet med oss.

Møte i fellesnemnda 13.09.2017

Møt mellombels prosjektleiar, Ingjerd Astad.

Intervju med Ingjerd Astad kan du sjå her:

Første kommuenstyremøte 28. august 2017

I dag er en historisk dag for Odda kommune. Det var første kommunestyremøte for den nye Ullensvang kommune. Hils på Ingjerd Astad som er engasjert som prosjektleder for prosessen med ny kommune. #nyeullensvang #jondalkommune #ullensvangherad #oddakommune

Posted by Odda kommune on 28. august 2017

Første felles kommunestyremøte 28.8.

KS-konsulent v/Ingjerd Astad er tilsett som midlertidig prosjektleiing – me helsar dei velkomen i prosessen!

Arbeidsutvalet (AU) fekk i oppdrag frå førebels fellesnemnd (FF) i møtet den 22. juni å lysa ut midlertidig prosjektleiing. Det er gjort og fredag 11. august tilsette AU, KS-konsulent v/Ingjerd Astad som midlertidig prosjektleiing.
Dei kan ta til omgåande og vil vera med på felles kommunestyremøte som skal vera på Meieriet i Odda  måndag 28. august kl 11.30. Innkalling til dette møtet vert sendt ut fredag 18. august.
Ordførarane i Odda, Jondal og Ullensvang hadde møte måndag 14. august, der me vedtok å utsetja tilsetjing av permanent prosjektleiing/rådmann slik det går fram av referatet frå AU som er sendt medlemene i FF.
Referatet finn du her: 
Mvh
Solfrid Borge
Leiar i førebels fellesnemnd

Innkalling til felles kommunestyremøte 28.08.2017