Ny i Ullensvang?

Velkomen til Ullensvang

På denne sida har vi samla informasjon til deg som er ny i Ullensvang kommune, deg som vurderer å flytta hit eller om du ynskjer å besøka kommunen vår.

Leitar du etter meir informasjon om kultur-, idretts og fritidstilbod kan du også gå til oversiktssida for dette.

Foto: Sindre Ellingsen >

Kva skjer kultur? er kommunen sin digitale kulturkalender der vi freistar å samle alt som skjer av arrangement rundt i kommunen.

Foreiningsportalen finn du informasjon om lag, foreiningar og andre som tilbyr ulike aktivitetar i Ullensvang. Me har eit rikt foreiningsliv med mange spanande aktivitetar, og ynskjer at flest mogeleg skal få tilgong til informasjon om desse.

Det er mange Facebook-grupper som informerer om kva som skjer rundt i lokalmiljøa:

  • Hva skjer i Odda og omegn?
  • Kva skjer på austsida?
  • Kva skjer på vestsida?
  • 5763 -bygda vår (Skare)
  • Kva skjer i Røldal?
  • Kvardagsprat i Jondal
  • Kvardagsprat i Odda
  • Kvardagsprat i nye Ullensvang kommune

Er du på Facebook er dette ein super måte å få eit innblikk i kva som skjer der du bur!

Vital, veksande og full av variasjonar!

Ullensvang er ein sprett ny kommune oppretta i 2020 då tidlegare Jondal kommune, Odda kommune og Ullensvang herad slo seg saman. Dei tre kommunane som er blitt til ein har eit utrolig varierande tilbod av både natur, kultur og næring. 

Hos oss kan du bu i ei flott bygd nær fjellheimen eller langsmed fjorden. Er du meir urban vel du byen vår Odda. Same kor du buset deg, vil du ha kort veg til både fjord og fjell, fonn og foss, frukt og festivalar. 

Her finn du trygge oppvekstkår, mangfaldige kulturtilbod, spanande arbeidsplassar og attraktive næringsmoglegheiter. Vi har landbruk, havbruk, teknologi og verdsleiande industri pakka saman i ein god og svært vakker kommune.

Fjordromantikk og ski-eldorado, siderklynge og litteraturhovudstad, blues og kammermusikk, fredelige naturopplevingar og spektakulære utfordringar – her kan du oppleva alt – anten du likar det eine eller det andre. 

Vi som bur i Ullensvang er like varierte som tilboda er med ein fellesnemnar: Vi ynskjer alle velkomne til å få ein bit av denne vakre, mangfaldige kommunen vi er så glad i – og delta i vidare vekst, utvikling og mangfald. 

Ullensvang er ein god og trygg kommune å vekse opp i, arbeida, bu og ikkje minst leva i. Vær velkomne!

 

Fakta

  • Fylke: Vestland
  • Grunnlagt: 1. januar 2020
  • Administrasjonssenter: Odda
  • Ordførar: Roald Aga Haug
  • Befolkning: 11 048 (per 27. februar 2020 – SSB)
  • Areal:
    • Totalt: 3 236,63 km²
    • Land: 2 970,2 km²
    • Vatn: 266,43 km²
  • Kommunenr.: 4618
  • Høgaste topp: Sandfloegga – 1721,2 moh
Kommunekart mørk blå