Fritid og aktivitet

Fjordromantikk og ski-eldorado, siderklynga og litteraturhovudstad, blues og kammermusikk, fredelege naturopplevevingar og spektakulære utfordringar – her kan du oppleva alt – anten du likar det eine eller det andre! Tilbodet på fritida er mangfaldig og variert! Her slepp du å stå på liste for kulturskule- og andre tilbod.

Fjordingen, Oddingen, Røldølen, Skaringen, Jondølen, Hardingen… kjært barn har mange namn. Vi som bur i Ullensvang er like varierte med ein fellesnemnar, vi ynskjer alle velkomne til å få ein bit av denne vakre, mangfaldige kommunen.

Vi jobbar stadig med å skapa nye møteplassar og ta godt imot deg!

Dugnadsanden er sterk – og ein fin måte å koma inn i eit sosialt miljø er til dømes gjennom idrett, kultur eller som frivillig på ein av den mange festivalane våre. Bruk også vår kulturkalender «Kva skjer kultur?» for å oppdatera deg på arrangement og sosiale hendingar. Meld deg og inn i grupper på facebook for ditt lokalmiljø.

For nye innbyggjarar vert det arrangert årleg tilflyttartreff, du får velkomstbrev i posten og du får ei tilflyttarmappe med gode tilbod og informasjon.

Ta også kontakt med naboen eller ta deg ein sundagstur på dei lokale turrutene!

Frivilligsentralane i kommunen er ein møteplass som formidler kontakt og samhandling mellom menneska i lokalmiljøet.

Kva skjer kultur? er kommunen sin digitale kulturkalender der vi freistar å samle alt som skjer av arrangement rundt i kommunen.

iUllensvang finn du informasjon om lag, foreiningar og andre som tilbyr ulike aktivitetar i Ullensvang. Me har eit rikt foreiningsliv med mange spanande aktivitetar, og ynskjer at flest mogeleg skal få tilgong til informasjon om desse.

«UllensvangU» er eit tverrfagleg nettverk av unge som vil vera med å byggja framtida i regionen. Ullensvang U skal bidra til og leggja til rette for utvikling og kunnskapsdeling.
Målet er å etablera faste møteplassar, og skapa tverrfagleg idemyldring og inspirasjon gjennom faglege og sosiale arrangement.

Det er mange Facebook-grupper som informerer om kva som skjer rundt i lokalmiljøa:

  • Hva skjer i Odda og omegn?
  • Kva skjer på austsida?
  • Kva skjer på vestsida?
  • 5763 – bygda vår (Skare)
  • Kva skjer i Røldal?
  • Kvardagsprat i Jondal
  • Kvardagsprat i Odda
  • Kvardagsprat i nye Ullensvang kommune

Er du på Facebook er dette ein super måte å få eit innblikk i kva som skjer der du bur!