Vital, veksande og full av variasjonar!

Om Ullensvang

Ullensvang er ein sprett ny kommune oppretta i 2020 då tidlegare Jondal kommune, Odda kommune og Ullensvang herad slo seg saman. Dei tre kommunane som er blitt til ein har eit utrolig variert tilbod av både natur, kultur og næring.

Hos oss kan du bu i ei flott bygd nær fjellheimen eller langsmed fjorden. Er du meir urban vel du byen vår Odda. Same kor du buset deg, vil du ha kort veg til både fjord og fjell, fonn og foss, frukt og festivalar.

Her finn du trygge oppvekstkår, mangfaldige kulturtilbod, spanande arbeidsplassar og attraktive næringsmoglegheiter. Vi har landbruk, havbruk, teknologi og verdsleiande industri pakka saman i ein god og svært vakker kommune.

Fjordromantikk og ski-eldorado, siderklynge og litteraturhovudstad, blues og kammermusikk, fredelige naturopplevingar og spektakulære utfordringar – her kan du oppleva alt – anten du likar det eine eller det andre.

Vi som bur i Ullensvang er like varierte som tilboda er med ein fellesnemnar: Vi ynskjer alle velkomne til å få ein bit av denne vakre, mangfaldige kommunen vi er så glad i – og delta i vidare vekst, utvikling og mangfald.

Ullensvang er ein god og trygg kommune å vekse opp i, arbeida, bu og ikkje minst leva i. Vær velkomne!

 

Fakta

  • Fylke: Vestland
  • Grunnlagt: 1. januar 2020
  • Administrasjonssenter: Odda
  • Ordførar: Roald Aga Haug
  • Befolkning: 10 903 (per 4. kvartal 2021 – SSB)
  • Areal:
    • Totalt: 3 236,63 km²
    • Land: 2 970,2 km²
    • Vatn: 266,43 km²
  • Kommunenr.: 4618
  • Høgaste topp: Sandfloegga – 1721,2 moh
Kommunekart mørk blå