Jobb i Ullensvang

Vi har eit mangfaldig og variert næringsliv; Industri, bygg og anlegg, reiseliv, landbruk med lokalmat og -drikke, handel, havbruk, kultur og offentleg sektor. Hardanger og Ullensvang er i ei rivande utvikling. Vi treng folk i alle stillingar.

I ein kommune som vår, vert kvar person ekstra verdifull, og det er rom for personleg og yrkesmessig utvikling for absolutt alle. Her kan du få stort ansvar, ein variert arbeidskvardag og utfordrande arbeidsoppgåver.

Vi treng deg, og du er viktig!

Avhengig av kor ein bur, er det pendlaravstand til både Kvinnherad, Voss, Eidfjord og Kvam – arbeidsregionen er stor. Alle moglegheiter og stillingar er ikkje synleg på finn.no.

Her er vår oversikt til kor du kan finna ledige stillingar i Ullensvang: