3259110-gymnastiksal-med-olika-redskap

Søk om treningstider i Oddahallen, ved Odda barneskole og -ungdomsskole

Vi ber idrettslag og private aktørar som ynskjer å ha treningstider i Oddahallen og ved gymsalane på Odda barneskole og -ungdomsskole om å søkja.

Treningstidene vil vera fastsette eitt år fram i tid – de må så søkja på nytt. Treningstidene de no søkjer om vil gjelda for skuleåret 2024/2025.

Tildeling av treningstidene vil bli vurderte og fastsette i samarbeid med Idrettsrådet.

 

Kriterium for tildeling

Alle som søkjer om treningstider pliktar å stille med ein reprensentant på informasjonsmøte kommunen vil halde. Her vil de få innformasjon om retningslinjer for låneavtale, opplæring i brann- og rømmingsvegar, sikkerheitsinnstruksar og andre avklaringar når det gjeld bruk av hallar og innandørs anlegg.

Ingen får nytta anlegga før ein har signert avtale med utleigar, som er Ullensvang kommune.

Kven kan søkja

  • Idrettslag knytt til Idrettsrådet
  • Frivillige organisasjonar knytt til kommunen
  • Særkretsar for avvikling av turneringar og stemner
  • Andre søkjarar vil bli vurdert særskilt

Søknaden skal innehalda

  • Namn på ansvarleg søkjar
  • Leiar for idrettslag/privat aktør
  • Grunngjeving for kvifor ein ynskjer treningstid
  • Tid de ynskjer å trene og talet på dagar i veka
  • Kva lokale de ynskjer å nytte

Frist for å sende inn ynskjer er fredag 14.06.24.

 

Oppstarts-/informasjonsmøte

Informasjon om oppstartsmøte for gjennomgang av reglement og avtale, samt oppstartsdato for dei nye treningstidene kjem etter sommarferien.

 

Søknad skal sendast til

Christian Leivestad

Rådgjevar innan friluftsliv og idrett

christian.leivestad@ullensvang.kommune.no

45 20 71 17