Benk ved Sandvinsvatnet i Odda. Bilete: Helene O. Lillebø

Kunngjering av oppstart planarbeid for hovudplanar for vassforsyning, avløp og vassmiljø

Ullensvang kommune ved Teknikk og miljø melder om oppstart av arbeidet med utarbeiding av hovudplanar for vassforsyning, avløp og vassmiljø.

Hovudplanane inngår i Planstrategi for Ullensvang kommune 2023-2026.

Hensikten med planarbeidet er følgjande:

  • Å sikre at kommunen tek hand om eit overordna ansvar for tenestene innan vassforsyning, avløp og vassmiljø.
  • Føreta ein gjennomgang av eksisterande planar og dagens situasjon på området, og legge til rette for at det blir bygd ut berekraftige og gode løysingar med ei optimal teneste, for å overhalde lovpålagte krav og politiske føringar.
  • Planane skal vise mål, eksisterande situasjon og tiltak for å oppnå måla for tenestene vassforsyning, avløp og vassmiljø i dei neste 12 åra.

I denne samanheng vert innbyggjarane og dei ulike sektorane i kommunen invitert til å komme med innspel.

Merknader og innspel til planarbeidet må sendast skriftleg innan fredag 3. mai 2024

 

Innspel skal sendast til

  • Innspel til avløp og vassmiljø kan sendast til COWI AS v/Hogne Høysæter, e-post: hhoy@cowi.com, tlf 950 856 56
  • Innspel til vassforsyning kan sendast til Asplan Viak AS v/Hilde Sunde, e-post: hilde.sunde@asplanviak.no, tlf 950 62 920