Sentralbadet litteraturhus Foto_ Ingvild Ystanes

Ope møte om: Detaljreguleringsplan for Freimslia med Ragdevegen

Velkommen til «Ope Folkemøte» om Detaljreguleringsplan for Freimslia med Ragdevegen, PlanID 46182023002.

I samband med planarbeidet med detaljreguleringsplan for Freimslia med Ragdevegen, inviterer Ullensvang kommune til eit ope folkemøte rundt planarbeidet.

På møtet vert det gitt informasjon om planarbeidet i samarbeid med både interne og eksterne fagressursar. I tillegg vert det høve til å stille spørsmål og ha ein generell diskusjon. Det vert òg enkel servering.

  • Stad: Sentralbadet Litteraturhus (Smelteverket 113, Odda)
  • Dag: 07. mai 2024
  • Tid: kl. 18:00 – 20:00

Vel møtt!