Rusfritt 16. mai arrangement i Kinsarvik – 2024

I år som førre år arangerer Ullensvang kommune, Ulvik herad, Eidfjord kommune og skulekrinsen i Granvin, eit rusfritt 16. mai arrangement for ungdom.

Planen er ulike aktivitetar, etterfulgt av konsert.

Ungdomane vil få servert enkel grillmat og drikke – dette er inkludert i billetten. Det vil og vera open kiosk der ein kan kjøpe snacks, brus mm. Betaling med kort i kiosken.

MERK! Det er i år ikkje lov å ha med seg nokon form for drikke inn på området – de vil få utdelt gratis drikke.

  • Aldersgrense: frå 7. klasse og oppover.
  • Stad: Skytebanen i Kinsarvik
  • Tid: 16. mai, kl. 17.30 – 23.00
  • Pris: kr. 100 (inkl. inngang, aktivitetar, konsert, mat og skyss)
  • Påmeldingsfrist: 6 mai

Informasjon om skyss finn de på påmeldingssida.

Aktivitetar

  • Paintball
  • Klatring / zipline
  • Gokart
  • Div. små aktivitetar

 

Konsert

  • Lille Cæsar
  • Bølgen
  • Heux

 

Behov for vakter

I høve arrangementet er det også behov for vakter. Vi ynskjer at føresette melder seg til å vera vakter.