Vikebygd skule

Skulen ligg idyllisk til i skråningen over Nå sentrum, på vestsida av Sørfjorden. Skuleplassen består av ein nyleg opprusta ballbinge, ein del leikeapparat, samt fleire spel og aktivitetar som er målte opp på asfalten. Skulen set fysisk aktivitet svært høgt, og elevane har minimum éin timeplanfesta skuletime pr dag der dei er i fysisk aktivitet, i hovudsak ute.

Skulen arbeider for eit godt lærings- og oppvekstmiljø, og har eit godt samarbeid med foreldre og andre aktørar i nærmiljøet. Me er opptekne av å leggja til rette for at kvar enkelt elev skal få oppleva meistring og utvikling i samspel med andre elevar og vaksne ved skulen vår.

Kontakt oss

Vikebygd skule

Nåvegen 12

5776 Nå

53 66 21 92 / 47 51 63 01

ullensvangskulen.no

Elin Mikkelsen Grønlien

Rektor

elin.mikkelsen.gronlien@ullensvang.kommune.no

Kontaktperson

Elevrådet består av representantar fra 4. til 7. trinn – ein elev fra kvar klasse. Desse vel sjølv leiar, nestleiar og sekretær.

Elevrådet sin leiar og nestleiar møter i samarbeidsutvalet og skulemiljøutvalget. Dei vert permitterte frå møter der saker med teieplikt vert drøfta.

Ullensvang kommune har vedteke ordensreglement som vi tek utgongspunkt i når vi lagar skulen sine ordensreglar. Ordensreglementet finn de på nettsida: Ordensreglement for skulane i Ullensvang kommune.

 

Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

§ 10-5. Organiseringa av skoledemokratiet

Kvar grunnskole og vidaregåande skole skal ha eit elevråd som er valt av elevane ved skolen. Elevane kan velje å organisere seg på ein annan måte. Kvar grunnskole skal ha eit arbeidsutval som er valt av foreldra på skolen. Foreldra kan velje å organisere seg på andre måtar. Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at det blir fastsett kva for andre brukarorgan skolane skal ha.

Elevane og foreldra skal vere representerte i organ ved grunnskolar, og elevane skal vere representerte i organ ved vidaregåande skolar. Representantar for elevane i den vidaregåande opplæringa har møte- og talerett i fylkeskommunale nemnder på same måten som dei tilsette har etter kommuneloven § 13-4.

Utvalet er sett saman av valde representantar frå: FAU (3 repr), elevrådet (2 repr), lærarane (2 repr), andre tilsatte (1 repr) og politikar frå kultur og oppvekstavd. (1 repr). Rektor er sekretær.

SU har m.a. mynde til å avgjera val av lærebøker, bruk av timetall og organisering av skuledagen. Miljøutvalet skal arbeida med elevane sitt fysiske og psykososiale miljø.

 

Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

§ 10-4. Skoledemokratiet

Skolen skal sørgje for at elevane og foreldra får vere med på å planleggje, gjennomføre og vurdere verksemda til skolen, mellom anna arbeidet med skolemiljøet, kvalitetsutvikling i opplæringa og fastsetjinga av skolereglar. Elevane skal ikkje delta i behandlinga av saker som er omfatta av lovfesta teieplikt.

Skolen skal leggje til rette for at alle elevane skal kunne ytre seg, og oppmuntre dei til å delta i skoledemokratiet. Skolen skal også hjelpe elevane i arbeidet med skoledemokratiet.

 

Foreldrerådet består av alle foreldra ved skulen. Foreldra sitt arbeidsutval består av fem valde føresette. Dei vel igjen eit styre, beståande av leiar, sekretær og kasserar. FAU planlegg og gjennomfører eventuelle felles foreldremøter, dugnader og liknande arrangement. FAU arbeider også med saker som gjeld elevane generelt.
FAU vel 2 representanter til skulen sitt samarbeidsutval (SU). Den eine skal være leiaren av FAU. I tillegg vert det vald ein tredje representant til skulen sitt miljøutval (SMU).

 

Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

§ 10-4. Skoledemokratiet

Skolen skal sørgje for at elevane og foreldra får vere med på å planleggje, gjennomføre og vurdere verksemda til skolen, mellom anna arbeidet med skolemiljøet, kvalitetsutvikling i opplæringa og fastsetjinga av skolereglar. Elevane skal ikkje delta i behandlinga av saker som er omfatta av lovfesta teieplikt.

Skolen skal leggje til rette for at alle elevane skal kunne ytre seg, og oppmuntre dei til å delta i skoledemokratiet. Skolen skal også hjelpe elevane i arbeidet med skoledemokratiet.

Klassekontaktane er bindeleddet mellom skule og foreldre. Det vert vald ein klassekontakt per klassetrinn. Valet er for to år om gongen. Saman med kontaktlæraren lagar klassekontaktane/ FAU kvart år ein plan over t.d. sosiale aktivitetar som skal fremma eit godt miljø både i basisgruppa og på trinnet.