Informasjon frå Vikebygd skuleFråvær/skulefriOrganisering av skuledagenAktivitet

Informasjon frå Vikebygd skule

For oss er det viktig at Vikebygd skule er ein trygg og triveleg stad å vera både for elevar, barn og tilsette.

Skulen arbeider etter desse verdiane:

  • tryggleik
  • respekt
  • god kommunikasjon
  • lærelyst
  • meistring

Desse verdiane er viktige for oss og elevane vert gjort kjende med verdiane gjennom samhandling, det daglege arbeidet og ved særskilte, faste arrangement som t.d. fellessamling for alle elevar og vaksne på skulen kvar 14. dag.

Vi vonar de tek kontakt med skulen eller SFO når de treng det, enten via telefon, Visma, e-post eller at de kjem innom på besøk. Det er betre å ta kontakt ein gong «for mykje», enn for lite!

 

Kontakt oss

Vikebygd skule

Nåvegen 12

5776 Nå

53 66 21 92 / 475 16 301

ullensvangskulen.no

Hilde Hesjedal

Rektor

hilde.hesjedal@ullensvang.kommune.no

53 66 21 92 / 994 96 980

Ullensvang kommune bruker Visma Flyt Skole som kommunikasjonsform. Alle føresette nyttar “Min Skole”-føresett, App for føresettte.

Rettleiing finn de her på heimesida vår: «Min Skole» app

VFS (VismaFlytSkole). Fravær skal meldast om så raskt som mogeleg – ikkje berre ved sjukefråvær, men også planlagd fråvær (tannlegetimar ol.). Skulen stadfester mottak av meldinger i løpet av næraste skuledag. Fråvær som ikkje vert meld frå om til skulen, vert sett som ugyldig fråvær. Søknad om fri utover skal søkast om i Visma Flyt Skole.

OBS! Fråvær som gjeld same skuledag må meldast seinast kl. 07.50 for at kontaktlærar skal rekka å sjå meldinga før skulestart.

Vidare skal føresette nytta Visma Flyt Skole (VFS) til Skule Fritids Ordning (SFO) (fråvær/fri/hentetider osv.).

Skulen nyttar og VFS til enkel innhenting av samtykkeog til korte meldingar eller påminningar om foreldremøter m.m.

Dei føresette vert bedne om å be elevane fri minst mogeleg i løpet av skuleåret. Opplæringslova gjev tilgong til å ta elevane ut inntil to veker i løpet av skuleåret. (§2-11). Søknaden må være handsama før fraværsperioden vert tatt ut. Søknadsskjema finn de i VFS (Visma Flyt Skole) for føresette.

I alle tilfelle er det heimen som har ansvar for at elevane tileignar seg det kunnskapsstoffet som blir gjennomgått på skulen i fråværsperioden. Ved fri utover 2 veker har foreldra heile ansvaret for eleven si opplæring. Dette inneber m.a. at eleven må skrivast ut av skulen, og foreldre må sjølv ta initiativ til ny innskrivning ved retur.

Leksehjelp vart innført som eit frivilleg og gratis tilbod til alle elevar på 1. – 4. trinn hausten 2010. Omfanget var 2 timer pr. veke for kvart trinn. Frå skuleåret 2014-2015 blei opplæringslova endra, og leksehjelp vart tilbydd elevar i løpet av 1-10. trinn.

På Vikebygd skule inneverande skuleår har elevar i 6. og 7. klasse tilbod om 2 timar leksehjelp pr.veke.

Tilbodet skal vere ei hjelp til skulearbeidet uavhengig av kor mykje lekser elevene har. Det er foreldra sitt ansvar å følgje opp at leksene blir gjort sjølv om elevene går på leksehjelp. At foreldre engasjerer seg og viser interesse for skulearbeidet er viktig for barna si læring.

Skulen bruker VFS (Visma FLYT Skole) til å innhente svar på ynskje om leksehjelp ved skulestart. Minner om at skulen sine ordensreglar også gjeld i leksehjelptida. Elevane må vera tilstades heile timen når dei er påmeld leksehjelp.

Leksehjelp 2023-24, rom 1. Rektor Hilde Hesjedal har leksehjelptilbodet.

  • Tysdagar: kl. 13.00 – 13.45
  • Torsdagar: kl. 13.00 – 13.45

1. – 2. trinn starter kvar skuledag kl. 08.00 og sluttar:

  • Måndag: kl. 12.50
  • Tysdag: kl. 12.50
  • Onsdag: kl. 13.45
  • Torsdag: kl. 12.50
  • Fredag: kl. 12.50

3. – 4. trinn starter kvar skuledag kl. 08.00 og sluttar:

  • Måndag: kl. 12.50
  • Tysdag: kl. 12.50
  • Onsdag: kl. 13.45
  • Torsdag: kl. 12.50
  • Fredag: kl. 12.50

5. trinn starter kvar skuledag kl. 08.00 og sluttar:

  • Måndag: kl. 12.50
  • Tysdag: kl. 13.45
  • Onsdag: kl. 13.45
  • Torsdag: kl. 13.45
  • Fredag: kl. 12.50

6. – 7. trinn starter kvar skuledag kl. 08.00 og sluttar:

  • Måndag: kl. 13.45
  • Tysdag: kl. 12.50/13.45
  • Onsdag: kl. 13.45
  • Torsdag: kl. 12.50/13.45
  • Fredag: kl. 13.45

1. time:kl.  08.00- 08.45
2. time: kl. 08.45- 09.30

Friminutt: kl. 09.30 – 09.45

3. time: kl. 09.45 – 10.30

  • Felles matfriminutt: 1.- 4. klasse og 5. – 7. klasse: kl. 10.30 – 10.50
  • Langfriminutt ute: kl. 10.50 – 11.20

4. time: kl. 11.20 – 12.05
5. time: kl. 12.05 – 12.50

Friminutt: kl. 12.50 – 13.00

6. time: kl. 13.00 – 13.45

Foreldre må tinga mjølk sjølv. Dette kan de gjera ved å gå inn på nettsida skolelyst.no.

Skulen vil dela ut mjølk ut i frå lister over elever som har meldt seg på ordninga.

Det er symjeundervisning på Hauso skule fast kvar fredag for elevar i 3. og 4. klasse. Dei reiser med buss frå Eikhamrane – Måge – Nå i tidsrommet kl. 07.25 – 07.40 og er tilbake på skulen kl. 10.10. Det er to skuletimar med symjing for dei kvar veke.

For dei andre elevane er det bading på onsdagar i same tidsrom og same avreisetidspunkt med buss. Dei har tilsaman 8 veker med bading fordelt i periodar på fire veker hausthalvår og fire veker vårhalvår.

Elevane må følgje reglementet for hygiene og tryggleik:

  • Kroppsvask med såpe og uten badetøy før badet, dersom ein har voks i håret, må dette også vaskast med såpe.
  • Elevane kan ikkje gå inn i symjehallen aleine, men vente i garderoben til dei vaksne slepp dei inn i symjehallen. Elevar som ikkje deltek i badet kan få tilsyn på skulen etter avtale med kontaktlærar. Dei skal arbeide sjølvstendig med skulearbeid.

Elevane har med eigna gymklede til timane med kroppsøving, joggesko til bruk innandørs, såpe og handkle. Elevane i 1. og 2. klasse dusjar vanlegvis ikkje, men må ha på klede som er lette å røra seg i. Det er 2 timar med gym eller bad i veka og timar med fysisk aktivitet ute.

På dagar med fysisk aktivitet på timeplanen er det flott om elevane kan ha med ein ekstra frukt eller grønsak.

I FYSAK-timane jobbar elevar med fag, men med stor grad av fysisk aktivitet. Leikar og konkurransar med aktuelt fagleg innhald.

Alle klassar har timar med fysisk aktivitet i løpet av veka i tillegg til gym/ bad.

Artikler