Ordensreglement for skulane i Ullensvang kommune§ 1 Føremål§ 2 Verkeområde§ 3 Rettane til eleven§ 4 Pliktene til eleven§ 5 Orden§ 6 Åtferd§ 7 Generelle retningslinjer når det gjeld tiltak og reaksjonar§ 8 Sakshandsaming§ 9 Ikraftsetjing
Skoleklasse

Ordensreglement for skulane i Ullensvang kommune

Heimel

Skuleeigar Ullensvang kommune har plikt til å syta for at skulane har ordensreglement. Ordensreglementet er fastsett av Ullensvang kommunestyre 07.09.2021 med heimel i opplæringslova § 9 A-10.

 

§ 1 Føremål

Grunnskulen i Ullensvang kommune skal vera prega av eit konstruktivt samarbeid mellom elevar, føresette og tilsette på skulen. Læring, tryggleik, trivsel, respekt og toleranse er sentrale formål med opplæringa. Elevane skal læra å sjå seg sjølve som medansvarlege for eit godt fellesskap som er prega av trivsel, inkludering og respekt.

Ordensreglementet skal gi reglar for korleis elevane skal ha det, kva elevane kan og ikkje kan gjera på skulen, og kva som skjer viss reglane vert brotne. På denne måten skal ordensreglementet medverka til trygge rammer i læringsmiljøet. Alle må ta ansvar for at skulen er ein trygg og triveleg stad å vera.

Det skal vera eit felles verkty for skulane i Ullensvang for å ha ei mest mogeleg lik sakshandsaming og medvit rundt kva som er synet til skulen på ønska og akseptabel åtferd. Ordensreglane skal og gjera oppfølging av uønska åtferd enklare og fremja like tiltak og reaksjonsformer.

 

§ 2 Verkeområde

Ordensreglementet gjeld for alle dei offentlege skulane i Ullensvang;

  • skulefritidsordning
  • leksehjelp
  • skuleveg
  • skulebuss
  • alle arrangement i skulen sin regi.

Skulen har plikt til å gjera tilsette, elevar og føresette kjent med dette ordensreglementet.

 

§ 2-1 Skulane sitt eige ordensreglement

I tillegg til felles ordensreglement for skulane i Ullensvang, kan den einskilde skulen utarbeida eit eige reglement for trivsel, orden og åtferd. Dette for å sikra at særskilde tilhøve ved den einskilde skulen skal koma med.

  • Skulen kan berre reagera på åtferd som er brot på ordensreglementet.
  • Skulen kan berre nytta tiltak som er fastsett i ordensreglementet.

Elevråd og FAU skal vera med å utarbeida reglementet for den einskilde skulen. Samarbeidsutvalet ved skulen skal vedta det.
Skulane må byggja på sentrale lover og retningslinjer ved utarbeiding av eige reglement.

 

§ 3 Rettane til eleven

Som elev i ullensvangskulen har du rett til:

  • å kjenna deg trygg på skulen og skulevegen (jf. oppll §9A)
  • å verta handsama med respekt og omtanke frå elevar og tilsette ved skulen (jf. oppll §9A-3)
  • å få undervegsvurdering i orden og åtferd (jf. forskrift til oppll §3-11)
  • at skulen informerer heimen din om alle dei tiltaka skulen set i verk for å betra situasjonen din på skulen, fagleg og sosialt
  • arbeidsro i klasserommet
  • at eigedelane dine får vera i fred
  • å verta høyrd i alle saker som gjeld deg

 

§ 4 Pliktene til eleven

Som elev i ullensvangskulen har du plikt til:

  • å medverka til eit trygt og godt læringsmiljø for alle (jf. oppll §9A)
  • å melda frå om du ser medelevar som ikkje har eit godt klasse- /skulemiljø
  • å melda frå om tilhøve som kan virka negativt inn på skulemiljøet
  • å vera høfleg, vera inkluderande og visa respekt, forståing og medansvar for alle på skulen
  • å retta deg etter dei lovar, reglar og instruksar som til ei kvar tid gjeld for skulen og i samfunnet
  • å halda orden i klasserom, gangar og på uteområdet (skuleplassen)
  • å erstatta skade som er påført forsettleg eller aktlaust etter reglane i skadeserstatningsloven §1-1

Føresette kan, i samsvar med skadeserstatningsloven § 1-2, verta ansvarlege for skadar inntil kr 5 000,-

 

§ 5 Orden

Elevane i ullensvangskulen skal ha god orden. Det er god orden å:

  • møta presis på skulen og til undervisninga
  • ha orden i skulesakene (bøker, datamaskin, anna naudsynt materiale som ein brukar)
  • ha med nødvendige digitale læremiddel, skulebøker og utstyr
  • gjera skulearbeid ein vert pålagt, så godt ein kan, og til rett tid

 

§ 6 Åtferd

Elevane i ullensvangskulen skal ha god åtferd. Det er god åtferd å:

  • vera til stades og delta aktivt i undervisningstimane,- etter eigne føresetnader
  • halda arbeidsro i timane
  • visa omsyn og respekt for medelevar, tilsette og andre som dei møter i skulekvardagen
  • retta seg etter beskjedar frå tilsette ved skulen
  • ta vare på alt som tilhøyrer skulen og følgja reglane på skulen for bruk av hjelpemiddel og anna spesialutstyr
  • visa nettvett og følgja reglane på skulen for bruk av mobiltelefonar og digitalt utstyr
  • ikkje uroa sjåføren ved skuleskyss, sjåføren har ansvar for elevane si tryggleik

 

Ullensvangskulen aksepterer ikkje at nokon:

  • utset medelevar eller vaksne i skulemiljøet for krenkjande ord eller handlingar som mobbing, diskriminering, psykisk eller fysisk vald, rasisme, trakassering eller utestenging på skulen, skulevegen, skulebussen eller gjennom digitale medium
  • tar med eller nyttar gjenstandar som kan skapa uro eller skada personar, bygning eller inventar på skuleområdet
  • forlèt skuleområdet utan løyve
  • har med og/ eller brukar rusmiddel, tobakk, e-sigaretter eller snus

 

§ 7 Generelle retningslinjer når det gjeld tiltak og reaksjonar

Skulen kan berre reagera på åtferd som er brot på ordensreglementet. Skulen kan berre nytta tiltak som er fastsett i ordensreglementet.
Rektor har det overordna ansvaret i alle saker og ved tvilstilfelle er det rektor som har siste avgjerd.

  • Før reaksjon på åtferd skal pedagogisk personell vera i dialog med den det gjeld og eventuelt føresette. Elevane skal verta høyrde i alle saker som gjeld dei for å finna ut kva som ligg bak åtferda.
  • Alle tiltak og reaksjonar skal vera slik at eleven forstår kva reglar som er brotne og kvifor skulen må reagera som han gjer. Elevane skal verta høyrde i alle saker som gjeld dei.
  • Reaksjonane må stå i rimeleg forhold til brotet på reglane og tiltak bør koma så nær regelbrotet i tid som råd er. Eleven skal, om det er mogleg, få sjanse til å gjera opp for seg.
  • Fysisk arbeid, som å vaska og rydda etter seg eller reparera noko som er øydelagt, er tillate.
  • Kollektiv avstraffing skal ikkje nyttast for handlingar som er utøvd av einskildelevar eller medlemmer av ei gruppe.

 

§ 7-1 Reaksjonar ved brot på reglane

Ullensvangskulen vil normalt nytta følgjande reaksjonar ved regelbrot, i uprioritert rekkefølgje:

  • merknad, -gjeld kun ungdomstrinn
  • kontakt med føresette
  • skriftleg melding til føresette
  • pålegg om oppgåver for å retta opp skade ein har påført skulen sin eigendom eller eigedelar​ (rydda søppel, vaska golv, fjerna tagging og liknande)
  • nærvær på skulen før eller etter skuletid i samband med samtalar eller for å utføra pålagde oppgåver
  • lærar kan visa bort ein elev frå eiga undervising i ei økt
  • leggja beslag på farlege gjenstandar som kan nyttast til å utøva skade på andre
  • reaksjonar (sjå og §8-2) som skal gjerast som enkeltvedtak etter forvaltningslova:
    • bortvisning (oppll §9A-11). Skulen skal berre bruka bortvisning frå skulen som reaksjonsform ved alvorlege eller fleire brot på ordensreglementet
    • bortvisning frå eksamen
    • setja ned karakter i orden og/ eller åtferd etter fleire regelbrot dersom føresette på førehand er varsla (jf. forskrift til oppll §§ 3-6 til 3-8). Ved særleg grove enkelthendingar kan òg karakter setjast ned (jf. forskrift til oppll §3-4)
    • byta klasse mellombels eller permanent (oppll §9A-4)
    • i heilt spesielle tilfelle kan skuleeigar vedta eit mellombels eller permanent skulebyte (oppll § 9A-12)

 

§ 8 Sakshandsaming

Handsaming av brot på ordensreglementet følgjer reglane i opplæringslova. Dersom avgjerda om reaksjon vert rekna som eit enkeltvedtak, skal ein følgja sakshandsamingsreglane i forvaltningslova kap. III-VI.

  • foreldre/ føresette til eleven skal varslast før vedtak vert gjort og dei skal få høve til å uttala seg innan ein gitt frist. Som regel skal ein varsla skriftleg.
  • skulen skal sjå til at saka er så godt opplyst som mogeleg (fvl §17, 1. ledd) før det vert fatta vedtak. Til dømes skal andre elevar og tilsette som var vitne til ordensbrotet og aktuelle lærarar høyrast i saka.
  • eleven skal ha høve til å forklara seg munnleg for den som skal ta avgjerda.
  • enkeltvedtak skal vera skriftleg og grunngjeve.

 

§ 8-1 Krav til skriftleg notat

Dersom ein av reaksjonane vert sett i verk mot ein elev, må skulen dokumentera dette med eit skriftleg notat. Vedtaket skal kunna påklagast og må såleis ha opplysingar om korleis ein kan klaga (oppll§9A-6).

Det må komma fram

  • kva elev tiltaket er retta mot
  • kva tiltak som er sett i verk
  • kva ordensregel som er broten
  • tidspunktet for ordensbrotet
  • tidspunktet for gjennomføring av tiltaket
  • korleis eleven har forklart seg
  • kva foreldra til eleven og/ eller andre har uttalt.

Den som har vedteke tiltaket skal underteikna notatet, notatet vert arkivert i elevmappa. Eleven og/ eller føresette skal ha ein kopi og vera gjort kjende med retten til dokumentinnsyn.

Om eleven sin rett til eit trygt og godt skulemiljø (oppll §9A-2) vert utfordra, har skulen aktivitetsplikt overfor denne eleven (oppll§9A-4).

 

§ 8-2 Reaksjonar som berre kan verta utført av rektor

Rektor har det overordna ansvaret i alle saker og ved tvilstilfelle er det rektor som har siste avgjerd.

  • det er berre rektor som kan avgjera om eit ordensbrot skal meldast til politiet, eller om det skal krevjast økonomisk erstatning frå elev og/ eller foreldre.
  • sakshandsaming ved reaksjonar som skal gjerast som enkeltvedtak og skal handsamast etter kapittel IV, V og VI i forvaltningsloven.
    • bortvisning frå eksamen, skulen, ekskursjonar og andre arrangement i regi av skulen. (jf. oppll §9-11)
    • nedsett karakter i orden og/eller åtferd, jf. forskrift til oppll § 3-6.
    • byta klasse mellombels eller permanent (oppll §9A-4)
    • i heilt spesielle tilfelle kan skuleeigar vedta eit mellombels eller permanent skulebyte (oppll § 8-1).
  • enkeltvedtak skal vera skriftleg og grunngjeve. Vedtaket skal kunna klagast inn og må innehalda opplysingar om korleis ein kan klaga, klagefrist, klageinstans og framgangsmåte ved klaging.

 

§ 8-2.1 Nedsett karakter for undomsskuleelevar i orden og/ eller åtferd

For at ein skal kunna gi ein ungdomsskuleelev annan karakter enn den beste i orden og åtferd, må det vera gitt førehandsvarsel i så god tid at eleven har høve til å forbetra karakteren sin – jf. forskrift til oppll § 3-8:

Elevar og foreldre til elevar under 18 år skal varslast skriftleg dersom eleven står i fare for å få karakteren nokså god (Ng) eller lite god (Lg) ved halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i orden eller i åtferd.
Varselet skal gjevast straks det er klart at det er fare for nedsatt karakter eller bortfall av karakter, og skal gi eleven høve til å (…..)ikkje få nedsett karakter i orden eller åtferd.
Også dei siste vekene og dagane av eit skulehalvår har verknad for den gjeldande karakteren. Det kan derfor oppstå tilfelle der brot på ordensreglementet kjem på eit så seint tidspunkt og/ eller er av så alvorleg karakter, at eit slikt førehandsvarsel ikkje gjev eleven ein reell sjanse til å forbetra karakteren.

 

§ 8-3 Reaksjonar som berre kan utførast av skuleeigar

Å flytta ein elev til ein anna skule er eit enkeltvedtak som krev handsaming i samsvar med kapittel IV, V og VI i forvaltningslova, og opplæringslova § 8-1, 3. ledd der det heiter:

Når omsynet til dei andre elevane tilseier det, kan ein elev i særlege tilfelle flyttast til ein annan skule enn den skulen eleven har rett til å gå på etter første leddet. Før det vert gjort vedtak om å flytta ein elev, skal ein ha prøvd andre tiltak. Når det er nødvendig, kan eleven flyttast til ein skule utanfor kommunen, men ikkje slik at eleven må flytta ut av heimen eller at skuleskyssen vert uforsvarleg lang.

 

§ 9 Ikraftsetjing

Ordensreglementet tek til å gjelda frå 07.09.2021