Eit heilskapleg tilbod i svangerskaps-, fødsels- og barselomsorg, helsestasjon- og skulehelsetenesta og Helsestasjon for ungdom (HFU) gjennom:
- svangerskapsomsorg som bidreg til å fremja helse, førebyggja sjukdom og identifisera gravide med behov for utvida støtte, behandling og hjelp.
- svangerskapskonsultasjonar og heimebesøk til nyfødte av jordmor og helsesjukepleiar
- konsultasjonar på helsestasjon- og skulehelsetenesta
- HFU tilbod etter skuletid
- å bidra til kommunen sitt folkehelsearbeidpå tvers av sektorar, medrekna ei oversikt over helsetilstanden og dei faktorar som kan verke inn på helsa til barn og ungdom gjennom å hindra, førebyggje og avdekke vald, overgrep og omsorgssvikt.
Inkluderande praksis
Helsestasjonen skal vera eit lett tilgjengeleg lågterskeltilbod for barn og deira føresette. Helsestasjonen ynskjer å vera ei støtte for foreldre, tryggja dei i foreldrerolla og bidra til at barn og unge får ein trygg og god oppvekst.
Open helsestasjon: her kan foreldre dela erfaringar og tankar med andre foreldre i nærmiljøet som er i foreldrepermisjon, og som har baby på same alder.
Hjelp og råd frå helsesjukepleiar, lege, fysioterapeut og andre fagpersonar.
- vernar om barn, unge og deira foreldre sine interesser og behov.
- medverknad
- fagleg personale som støttar opp om og vernar om barnet si helse og samspel med foreldre
- ein god helsestasjon som fremjar og tek i vare
Me som jobbar på helsestasjonen ynskjer at kvart einskild barn, unge og deira foreldre skal oppleva seg trygg og ivareteken og at dei har tru på seg sjølv og eigne evne og har lyst til å utvikla desse. Me har fokus på kvalitet i møtet mellom menneske, dette gjeld barn, foreldre, personale og andre me treff på helsestasjonen. Alle har me vår livshistorie, ei forteljing me ber med oss. Tida på helsestasjonen vil og gje born og unge ei god psykisk og fysisk helse og foreldre vil tryggast i samspel med barnet si utvikling og gje dei ei trygg oppvekst. Trygge foreldre gjev trygge barn!