Søke om helse og omsorgstenester

Vi skal sikra lik tilgang på helse- og omsorgstenester for alle innbyggjarar, uavhengig av alder, tenestebehov og bustad.

Vi gjer ei heilskapleg vurdering av kva hjelp som er mest hensiktsmessig for å dekka behovet ditt. Målet er å finna løysingar som bidreg til at du kan fungera best mogleg i kvardagen din.

Kven kan søkje?

For å få helse- og omsorgstenester må du:

  • Bu eller opphalde deg i kommunen.
  • Ha eit reelt behov for helse- og omsorgstenester.

Kva tenester kan du søkja om?

Du sender éin samla søknad der du skildrar kva du treng hjelp til, så hjelper vi deg med å finna rett teneste.

Har du spørsmål om tenestene? Ta kontakt med Tildelingskontoret i kommunen.

Slik søkjer du

Kommunen ser helst at du søkjer digitalt. Då kjem søknaden din direkte inn i journalsystemet vårt, og vi kan starta saksbehandlinga med det same.

Ved digital søknad må du eller vergen din identifisera seg med ID-porten (BankID).

Søk om helse- og omsorgstenester digitalt

Søkja på papir?

Dersom du heller vil søkja på papir, kan du lasta ned og skriva ut papirskjemaet:

Søknad om helse og omsorgstenester (pdf)

Send papirskjema til: 

Ullensvang kommune v/Helse og omsorg
Avdeling for Forvaltning og koordinering 
Opheimsgata 31
5750 Odda

Kva bør du skriva i søknaden?

Skildre bakgrunnen for søknaden, dette kan til dømes vera: 

  • Kva behov du har, og kva hjelp du opplever at du treng
  • Kva du meistrar sjølv i kvardagen, og kva du har utfordringar med
  • Kva tiltak som alt er prøvd ut  

Du kan leggja ved dokument frå spesialist, PPT eller privat behandlar. Dokument frå fastlegen din kan vi innhenta sjølve med samtykke frå deg. Du må signera søknaden sjølv, eller gi skriftleg fullmakt dersom nokon søkjer på vegner av deg.

Kva skjer vidare med søknaden?

Kartleggingssamtale

Når vi har teke imot den signerte søknaden din, kontaktar vi deg seinast innan tre veker for å avtala ein kartleggingssamtale. Kartlegginga skjer enten ved eit heimebesøk hjå deg eller ved ein samtale på Tildelingskontoret.

Vi kan be om samtykket ditt til å henta inn relevante opplysningar frå lege, helsepersonell, NAV eller andre instansar.

Svar på søknad

Du kan forventa å få svar innan fire veker. Dersom saksbehandlinga tek lengre tid, får du eit varsel om dette innan fristen. 

  • Svar via digital post: Du får svarbrevet (vedtaket) i den digitale postkassen din (eller per brevpost dersom du har reservert deg).
  • Grunngjeving: Svaret forklarar kvifor du har fått innvilga eller avslått tenesta, og kva tenester du eventuelt får.
  • Akutt behov: Ved akutte situasjonar eller utskriving frå sjukehus fattar vi vedtak raskt, og tek kartlegginga undervegs eller i eftertid.
  • Venteliste: Ved knappheit på visse tenester (t.d. sjukeheimsplass eller omsorgsbustad), vert du sett på venteliste.
  • Årleg evaluering: Alle vedtak vert revurderte minst éin gong i året. Endrar behovet ditt seg, må du gi melding til tenesta.

Klagerett og hjelp

Slik klagar du på eit vedtak

Dersom du er ueinig i vedtaket, kan du klaga. Send klagen til Tildelingskontoret innan fire veker frå den datoen du fekk svarbrevet. Dersom kommunen ikkje gjer om vedtaket, sender vi klagen vidare til Statsforvaltaren.

Klager på sjølve utføringa av tenesta må du senda direkte til den verksemda som gir tenesta.

Pasient- og brukarombodet

Pasient- og brukarombodet kan gi deg gratis og anonym rådgiving om rettane dine og kva klagemoglegheiter du har. Les meir om Pasient- og brukerombudet .

Prisar og eigenandel

Nødvendig helsehjelp er gratis. For enkelte andre tenester (som praktisk bistand/heimehjelp, matløyving eller tryggleiksalarm) må du betala ein egenandel.

Her finn du prisar på eigenbetaling

Lover og reglar