Kven kan få tilbodet?
Tenesta er eit tilbod til personar som ikkje kan ivareta omsorg for seg sjølv eller som er heilt avhengige av praktisk eller personleg hjelp for å greie daglege gjeremål.
Søkjar må ha fast adresse i kommunen.
Kva kan du få hjelp til?
Døme på tenester:
- Rengjering
- Oppvask
- Klesvask
- Handling av matvarer éin gong i veka.
Tenestemottakar vert i hovudsak tildelt reinhald kvar tredje veke. Brukar må ha utstyr til vask og reingjering, inkl. vaskemiddel.
- Rengjering gjeld rom du nyttar til dagleg (bad, WC, kjøkken, soverom, stue, gang).
- Ved vask av vindauge eller kjøleskap vil anna reinhald verta prioritert ned.
- Vask av vindauge inntil to gonger per år (dersom vindauga kan vaskast frå innsida eller altan/terrasse).
- Vask av kjøleskap inntil fire gonger per år.
Heimehjelp vert ikkje utført i helgar og på høgtidsdagar.
- Stryking av klede, laging av middag, klesvask for hand.
- Reinhald av fryseboks/fryseskap.
- Stor-reinhald, inkludert vask innvendig i skap, nedvask osv.
- Reingjering av rom som ikkje er i dagleg bruk (gjesterom, bod, kjellar osv.).
- Vask av altan/terrasse.
- Sølv-, kopar- og messingpuss.
- Tilrettelegging for selskap eller rydding etter besøkande.
- Hagearbeid, måking av snø/brøyting.
- Vaktmeisteroppgåver i bustadblokker (trappevask, fellesareal).
- Hjelp til kjæledyrhald.
Slik søkjer du
Du kan søkje om praktisk bistand ved å sende inn søknadsskjema eller ved å kontakte Tildelingskontoret.
Søk om Helse- og omsorgstenester
Kommunen ser helst at du søkjer på tenester via digitalt søknadsskjema over. Då får me søknaden direkte inn i vårt journalsystem og kan starte saksbehandling med det same.
Om du likevel ynskjer å søkje på papir kan du nytte følgjande skjema:
Søknad om helse og omsorgstenester (pdf)
Papirskjema kan sendast til:
Ullensvang kommune v/Helse og omsorg
Avdeling for Forvaltning og koordinering
Opheimsgata 31
5750 Odda
Søknadsfrist
Det er ingen søknadsfrist, søknadar blir behandla fortløpande.
Prisar
Heimehjelp er ei teneste du må betala for, eit månadsabonnement. Satsar vert vedteke av kommunestyret.
Kva skjer vidare?
All hjelp vert tildelt etter individuell vurdering og kartlegging av hjelpebehovet.
Når søknaden din er mottatt, vil kommunen vurdere behovet ditt og fatte eit vedtak. Du vil få skriftleg tilbakemelding om vedtaket.
Klage
Dersom du ikkje er nøgd med vedtaket, kan du klage. Klaga skal sendast til kommunen innan fire veker etter at du har mottatt vedtaket.