Matombringing (levering av mat)

Matombringing er eit tilbod til deg som bor heime og som har vanskar med å dekka eit eige ernæringsbehov. Målet er å hjelpa deg slik at du får i deg god og næringsrik mat i kvardagen. Tenesta er ikkje lovpålagt, men vert administrert av kommunen etter gjeldande retningslinjer.

Kven kan få tilbod om matombringing?

Tenesta er for heimebuande eldre eller personar med funksjonsnedsetting som på grunn av sjukdom eller andre årsaker ikkje er i stand til å dekke sitt eige ernæringsbehov, og som ikkje har høve til å hente og kjøpe middag sjølv.

Tenesta vert tildelt på bakgrunn av søknad, kartlegging og opplysningar frå lege eller pårørande.

Praktiske opplysningar om middagsleveringa

  • Minst tre dagar i veka: Du må ha middag minst tre faste dagar i veka for å få vedtak om matombringing. Skriv ned i søknaden kva dagar du ønsker levering.
  • Fast avtale: Det er ikkje høve til å avtala kjøp frå veke til veke.
  • Fast meny: Middagen vert levert etter ein fast meny frå kjøkkenet. Kjøkkenet kan ikkje ta omsyn til personlege preferansar.
  • Diettmat: Vi leverer diettmat dersom medisinske årsaker er dokumenterte frå lege.

Mottak og endringar

Du må sjølv vera til stades når maten vert levert, eller syta for at nokon andre tek imot han for deg.

Dersom du må stansa leveringa for ein periode (til dømes ved ferie, sjukehusopphald eller besøk), har du sjølv ansvar for å avbestilla:

  • Avbestilling: Må skje skriftleg eller per telefon seinast klokka 14:00 dagen før levering.
  • Oppseiing: Det er ein frist på sju dagar dersom du ønsker å seia opp middagsleveringa heilt.

Kvar meldar du frå om endringar?

Meld frå om endringar eller stans i leveringa til din tenestestad:

Slik søkjer du

Det er inga fast søknadsfrist, og vi behandlar søknadene fortløpande. Du kan søkja digitalt eller på papir.

Søk om helse- og omsorgstenester digitalt

Søkja på papir?

Dersom du heller vil søkja på papir, kan du lasta ned og skriva ut papirskjemaet:

Søknad om helse og omsorgstenester (pdf)

Send papirskjema til: 

Ullensvang kommune v/Helse og omsorg
Avdeling for Forvaltning og koordinering 
Opheimsgata 31
5750 Odda

Kva skjer vidare med søknaden?

Når vi har teke imot søknaden din, vurderar vi behovet ditt og fattar eit vedtak. Du får skriftleg svar frå oss med ein gong saka er behandla.

Prisar

Pris på middag, dessert og utlevering/utkøyring vert sett av kommunestyret.

Sjå her for alle kommunale avgifter, prisar og gebyr

Klage

Dersom du ikkje er nøgd med vedtaket du får, kan du klaga. Send klagen skriftleg til kommunen innan fire veker etter at du har teke imot vedtaket.

Lover og reglar

Middagsombringing er ikkje ei lovpålagt teneste, men vert administrert av kommunen i tråd med gjeldande retningslinjer.