Rus og psykisk helseteneste
Tenesta rettar seg mot menneske med ulike psykiske vanskar og/eller rus, pårørande og menneske i livskrise. Tenesta omfattar førebygging, utgreiing, behandling, rehabilitering, oppfølging, støtte og rettleiing.
Sist endra 08.07.2026 11:20
Kven kan få hjelp
Rus og psykiske helsetenester er eit gratis kommunalt lågterskeltilbod til dei som bur i kommunen og er over 18 år. Målgruppa er personar med:
- Lettare psykiske helseproblem som t.d. angst eller depresjon.
- Psykiske lidingar
- Rusmiddelavhengigheit
- Behov for oppfølging, støtte eller rehabilitering for å meistre kvardagen betre.
Kva kan du få hjelp til?
- Dag-, døgn-, aktivitets- og treningstilbod
- Arbeidstiltak
- Samtaleterapi
- Individuell oppfølging
- Rask psykisk helsehjelp (RPH) med ulike kurstilbod
- Akuttseng og -leilegheiter
- Tilvising til spesialiserte tilbod; Legemiddelassistert rehabilitering (LAR) og tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB).
- Erfaringsarbeid
- Primærførebygging
Gratis lågterskel helsetilbod
- Utlevering og opplæring i bruk av Nalokson.
- Gratis vaksine mot Hepatitt A og B.
- Utlevering og retur av reine sprøyter.
- Rettleiing i ernæring, hygiene og sårstell.
- Hjelp til oppfølging hos lege og tannlege.
Her finn du oss
Kommunen har to erfaringsmedarbeidarar:
- Jorunn Lande – Tlf: 95 81 35 54
- Elisabeth Andersson – Tlf: 91 31 93 72
«Veien vidare» – som er ei ettervernsgruppe, møtes med jamne mellomrom på Moen 7.
Ta kontakt med Jorunn Lande for meir informasjon.
Vi er delt i tre områder
- Jondal: Vik bufellesskap, dagtilbod og oppfølgingsteneste.
- Kinsarvik: Oppfølgingsteneste og dagtilbod.
- Odda: Gamle yrkesskulen (24-timars tilbod), oppfølgingsteneste, dagaktivitetstilbod og feltsjukepleie.
Slik søkjer du
- Ved personleg kontakt; oppmøte eller ved å ringe oss
- Tilvising frå lege, Nav helseføretak o.l.
- Søknad via kommunen sitt skjema for helse- og omsorgstenester.
Søk om Helse- og omsorgstenester
Kommunen ser helst at du søkjer på tenester via digitalt søknadsskjema over. Då får me søknaden direkte inn i vårt journalsystem og kan starte saksbehandling med det same.
Om du likevel ynskjer å søkje på papir kan du nytte følgjande skjema:
Søknad om helse og omsorgstenester (pdf)
Papirskjema kan sendast til:
Ullensvang kommune v/Helse og omsorg
Avdeling for Forvaltning og koordinering
Opheimsgata 31
5750 Odda
Tilbodet er lågterskel og krev ikkje formell tilvising.
Søknadsfrist
Det er inga fast søknadsfrist, du kan ta kontakt når behovet oppstår.
Kva skjer vidare?
Når du tek kontakt, vil du bli vurdert for tilbodet og få oppfølging etter behov.
Klage
Dersom du ikkje er nøgd med tilbodet, kan du kontakte kommunen.