Kven kan få tilbodet?
Dersom du har akutt eller mellommbels trong for hjelpemiddel, kan du låna det frå kommunen sitt korttidslager.
Har du varig redusert funksjonsevne på grunn av sjukdom, skade eller lyte, kan du søkje om hjelpemiddel frå Nav Hjelpemiddelsentral.
Kva kan du få hjelp til?
Korttidslån frå kommunen
Ved mellombels behov for tekniske hjelpemiddel, kan ein få låne dette av kommunen. Kommunalt hjelpemiddellager har dei vanlegaste hjelpemidla for forflytning og primære behov. Eksempel er rollator, forhøgar til toalett, dusj/ toalettstol, manuelle rullestolar o.l.
Ergo- og fysioterapitenesta eller pleie- og omsorgstenesta kan formidle behov til lokalt hjelpemiddellager.
Varig lån frå Nav Hjelpemiddelsentral
Er behovet for hjelpemiddel varig over 2 år må du søkje til Nav og få hjelpemiddel via Hjelpemiddelsentralen. Ergo- og fysioterapitenesta eller pleie- og omsorgstenesta kan gje deg bistand til å vurdere hjelpemiddelbehovet og skrive ein søknad til Hjelpemiddelsentralen.
Ulike typar hjelpemiddel
Dette er hjelpemiddel til personar med nedsett funksjonsevne som har vanskar med å klare daglege aktivitetar som forflytning, personleg stell, matlaging, ete og drikke, husarbeid m.m. Til dette kan du få hjelp frå t.d. ergoterapeut, fysioterapeut, sjukepleiar eller fastlege.
Dette er hjelpemiddel til personar som har vanskar med å hugse, planlegge og organisere eigen kvardag som følgje av demens, hjerneslag, medfødde kognitive vanskar m.m. Ergoterapeut kan hjelpe deg å søkje om slike hjelpemiddel.
Desse hjelpemidla omfattar t.d. utstyr brukt til å sjå, høyre, lese, skrive, telefonere, alarmere og utstyr til informasjonsteknologi. Tilsette ved PPT eller ergoterapeut kan hjelpa deg med dette.
Kva kan du få hjelp til?
Høyrslekontaktane i kommunen kan hjelpe med:
- kartlegging og formidling av høyrsletekniske hjelpemiddel
- tilpassing og opplæring i bruk av høyrsletekniske hjelpemiddel
Kven kan få hjelp?
Du treng utgreiing hos spesialist for å få høyrslehjelpemiddel. Fastlegen din kan tilvise deg til spesialist.
Personar som har vedtak om heimetenester, eller som bur på sjukeheim, kan få hjelp av høyrslekontakt knytt til tenesta.
Personar med behov for hjelp frå høyrslekontakt, men som ikkje har andre kommunale helse- og omsorgstenester, kan ta kontakt med høyrslekontakt på Bokkotunet. Høyrslekontakten på Bokkotunet har kontordag 1 dag annankvar veke. Ta kontakt på telefon for å avtale oppfølging.
Du treng utgreiing frå augelege for å få synstekniske hjelpemiddel. Fastlegen din kan tilvise deg til spesialist.
Regional syns- og audiopedagogisk teneste i Hordaland (SAPT) kan kontaktast for utprøving og enkel opplæring i bruk av synshjelpemiddel, tlf. 53 03 72 50. Dei kjem jamleg til Odda.
Ergoterapeut i kommunen kan gje bistand i å søkje utprøving frå Syns- og audiopedagogisk teneste (SAPT). Skjema for tilmelding finn du på nettsida til SAPT.
Syns- og audiopedagogisk teneste i Hordaland (SAPT)
Utlevering, innlevering og reparasjon
Hjelpemiddelteknikarar i kommunen har ansvar for utlevering, montering, enkle tilpassingar og reperasjonar av tekniske hjelpemiddel og tryggleiksalarmar. Når hjelpemiddelet er tilgjengeleg for utlevering vert du kontakta for nærare avtale om levering/montering/opplæring.
Har du hjelpemiddel ståande som du ikkje treng lenger, kan du melda frå til hjelpemiddellageret, ergo- og fysioterapitenesta eller pleie- og omsorgstenesta. Vi vil sørge for at hjelpemiddelet vert henta.
Inn- og utlevering skjer frå kommunen sitt hjelpemiddellager i Tyssedal, samt mindre kommunale lager på Bråvolltunet, Utneheimen, Vikevollen og i Omsorgstenesta Røldal.
Er hjelpemiddelet ditt øydelagt kan du melda frå til ergo- og fysioterapitenesta, pleie- og omsorgstenesta eller kommunalt hjelpemiddellager. Hjelpemiddelteknikar undersøker hjelpemiddelet og avgjer om det kan reparerast lokalt, eller om det må sendast inn til Hjelpemiddelsentralen for reparasjon.
Elektriske hjelpemiddel som til dømes elektriske rullestolar og heisar har oppladbare batteri. Batteri og ladar kan utvikle varme, og i sjeldne tilfelle kan feil eller skade føre til brann.
Følg alltid brukarrettleiinga
Elektriske hjelpemiddel kan ha ulike typar batteri og ulike krav til lading.
Følg derfor alltid ladeinstruksen for akkurat ditt hjelpemiddel.
Når du ladar
- Bruk berre ladaren som høyrer til hjelpemiddelet, eller ein ladar som er godkjend for modellen.
- Kontroller at ladar, leidning, kontakt og batteri er heile og utan synlege skadar.
- Sørg for god lufting rundt hjelpemiddelet, batteriet og ladaren.
- Ikkje dekk til ladaren under lading.
- Hald området rundt hjelpemiddelet og ladaren fritt for papir, klede og anna som lett kan ta fyr.
- Lad helst i eit rom med røykvarslar om du ladar innandørs.
- Ikkje plasser hjelpemiddelet slik at det sperrar ein rømningsveg under lading.
Ver merksam på teikn til feil
Stopp ladinga dersom du merkar:
- uvanleg sterk varme
- brent eller kjemisk lukt
- fresing, knitring eller andre uvanlege lydar
- røyk
- sprekkar, bulkar eller andre skadar på batteriet
- skade på ladar, leidning eller ladekontakt.
Ikkje bruk eller lad eit batteri som du trur er skadd. Ved feil på hjelpemiddelet ta kontakt med kommunalt hjelpemiddellager på telefon 915 91 379.
Dersom det oppstår røyk eller brann
Ikkje utset deg sjølv for fare.
Kom deg i tryggleik, varsle andre og ring brannvesenet på 110.
Trekk ut ladaren dersom dette kan gjerast utan fare. Ikkje prøv å flytte ein rullestol eller eit batteri som brenn eller utviklar mykje røyk.
Slik søkjer du
Ved behov for tekniske hjelpemiddel kan du kontakte ergo- og fysioterapitenesta eller pleie- og omsorgstenesta der du bur.
Prisar
Lån av tekniske hjelpemiddel frå kommunen sitt korttidslager er gratis.
Lån frå Nav Hjelpemiddelsentral er i hovudsak gratis. Nokre hjelpemiddel for trening og aktivitet har ein eigendel, men dette vert opplyst når det er aktuelt.kontakt