Kva er dette?
Vi tilpassar hjelpa etter kva du treng, og kjem på faste dagar og tidspunkt som vi avtaler med deg. Du kan til dømes få hjelp og opplæring til å:
- ta vare på deg sjølv og ditt personlege stell
- planleggja kvardagen ved hjelp av ein dags- eller vekeplan
- halda heimen rein og ryddig
- styra økonomien eller søkje om å få ei verje
- trena på sosiale ferdigheiter og byggje nettverk
- delta på sosiale aktivitetar
- kome i gang med arbeid, dagtilbod eller fritidsaktivitetar
- trena på å bu heime og utføra daglege gjeremål
- halda ved like ferdigheiter du allereie har
Kva får du ikkje hjelp til? Du får ikkje hjelp til oppgåver du kan klara sjølv. Treng du berre praktisk hjelp til å vaska heimen, og ikkje opplæring? Då må du søkje om vanleg heimehjelp (der du betaler ein eigenandel for tenesta).
Kven kan få opplæringa?
Tilbodet er for deg som har ei fysisk eller psykisk funksjonshemming. For å få hjelp, må helseopplysningane dine visa at du er heilt avhengig av praktisk eller personleg hjelp, eller at du treng opplæring og tilrettelegging for å meistre kvardagen.
Slik søkjer du
Det er ingen søknadsfrist, og vi behandlar søknadane fortløpande.
Søk om helse- og omsorgstenester digitalt
Søkja på papir?
Dersom du heller vil søkja på papir, kan du lasta ned og skriva ut papirskjemaet:
Søknad om helse og omsorgstenester (pdf)
Send papirskjema til:
Ullensvang kommune v/Helse og omsorg
Avdeling for Forvaltning og koordinering
Opheimsgata 31
5750 Odda
Kva kostar det?
Tenesta er gratis.
Kva skjer etter at du har søkt?
Når vi har fått søknaden din, vurderer vi kva du treng hjelp til og sender deg eit skriftleg svar (enkeltvedtak).
Dersom du vil klage
Om du ikkje er nøgd med svaret du får, kan du klage. Klagen sender du til kommunen innan fire veker etter at du har teke imot svaret.
Lovar og reglar
- Helse- og omsorgstenestelova § 3-2 punkt 6, bokstav b
- Pasient- og brukerrettighetsloven § 2-1 a
- Forskrift om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator