Søkja om brukarstyrt personleg assistanse (BPA)

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er for deg med nedsett funksjonsevne som har eit stort behov for hjelp. Ordninga gjer at du sjølv styrer kven som skal hjelpa deg og når du treng hjelpa, slik at du kan leva eit mest mogleg aktivt og sjølvstendig liv.

Kven kan få tilbodet?

For å få tenester organisert som BPA, må ein:

  • Ha behov for personleg assistanse, inkludert praktisk bistand, opplæring, støttekontakt eller avlasting.
  • Ha eit stort og langvarig behov for tenester, minst to år.
  • Ha behov for meir enn 32 bistandstimar per veke for å ha rett til BPA.
  • Ved behov mellom 25-32 timar per veke, kan BPA bli vurdert dersom det ikkje er vesentleg meir kostnadskrevjande for kommunen.
  • Vere under 67 år ved søknadstidspunktet.
  • Kommunen gjer ei heilskapleg og individuell vurdering av kva hjelp som er mest hensiktsmessig for å dekke behovet for bistand.

Målgruppa inkluderer:

  • Personar med funksjonsnedsetting som har eit samansett og omfattande behov for tenester, og som kan leie assistentane sjølv.
  • Personar med kognitiv svikt som ikkje kan ivareta arbeidsleiarrolla sjølv, men har ein pårørande eller verje som kan ta ansvar.
  • Familiar med barn med nedsett funksjonsevne.

Kva kan du få hjelp til?

Tenesta kan omfatte:

  • Personleg assistanse (hygiene, påkleding, ernæring, matlaging).
  • Praktisk bistand i heimen og kvardagen.
  • Opplæring i daglege gjeremål.
  • Støttekontakt for sosial deltaking og aktivitetar utanfor heimen.
  • Følgje til arbeid, skule, fritidsaktivitetar og reiser.
  • Anna naudsynt assistanse basert på individuelle behov. 

Slik søkjer du

Det er ingen søknadsfrist. Vi behandlar søknadene etter kvart som dei kjem inn.

Søk om helse- og omsorgstenester digitalt

Søkja på papir?

Dersom du heller vil søkja på papir, kan du lasta ned og skriva ut papirskjemaet:

Søknad om helse og omsorgstenester (pdf)

Send papirskjema til: 

Ullensvang kommune v/Helse og omsorg
Avdeling for Forvaltning og koordinering 
Opheimsgata 31
5750 Odda

Kva kostar det?

BPA er gratis for deg. Kommunen dekkjer kostnadene for tenesta.

Kva skjer etter at du har søkt?

Når vi har fått søknaden din, vurderer vi kva hjelp som passar best for å dekka behovet ditt. Du får eit skriftleg svar på søknaden frå oss med vedtaket.

Om du ikkje er nøgd med svaret, kan du klaga. Du må senda klagen til kommunen innan fire veker etter at du fekk brevet frå oss.

Lover og reglar

  • Helse- og omsorgstenestelova § 3-8, jf. § 3-1 punkt 6, bokstav b.
  • Pasient- og brukerrettighetsloven § 2-1d.