Søkja om avlasting

Søker du etter avlasting for å få eit avbrekk frå krevjande omsorgsoppgåver? Kommunen tilbyr avlasting til deg som er pårørande med særleg tyngjande omsorgsarbeid.

Innhaldsliste

Kven kan få tilbod om avlasting?

Avlasting er ein rett for deg som er pårørande og omsorgsperson, ikkje for den som mottek omsorga.

Du kan få tilbodet dersom omsorgsarbeidet:

  • Varar over tid og utgjer mange timar kvar månad
  • Er omfattande og krevjande fysisk og/eller psykisk
  • Krev mykje nattarbeid eller fører til avbrote søvn
  • Er ei årsak til sosial isolasjon
  • Er så krevjande at du treng eit avbrekk frå oppgåvene for å kunna halda fram med omsorgsarbeidet

Kva kan du få hjelp til?

Tilbodet vert individuelt tilpassa ut frå omsorgsbehovet, kor stor belastninga er, andre tenester og dine eigne ønsker. Vi kartlegg og tildelar avlasting i tett dialog med deg.

Avlasting kan giast på dagtid, kveld, natt eller på timebasis gjennom:

Praktisk informasjon 

Slik søkjer du

Det er inga fast søknadsfrist, og vi behandlar søknadene fortløpande. Du kan søkja digitalt eller på papir.

Søk om helse- og omsorgstenester digitalt

Søkja på papir?

Dersom du heller vil søkja på papir, kan du lasta ned og skriva ut papirskjemaet:

Søknad om helse og omsorgstenester (pdf)

Send papirskjema til: 

Ullensvang kommune v/Helse og omsorg
Avdeling for Forvaltning og koordinering 
Opheimsgata 31
5750 Odda

Kva skjer vidare?

Når vi har teke imot søknaden din, vurderar vi behovet ditt og fattar eit vedtak. Du får skriftleg tilbakemelding og svar på søknaden frå oss med ein gong saka er behandla.

Pris

Avlasting er helt gratis og kostnadsfritt for deg som er pårørande.

Klage

Dersom du ikkje er nøgd med vedtaket, kan du klage. Klagen skal sendast til kommunen innan fire veker etter at du har mottatt vedtaket.

Lover og reglar